Gå til innhold
Arkivverket

Mari Pedersdotter Kinserdal - fødd i Hafslo 1803 - levde i 1828 - kvar vart det av ho? - ei merkeleg utfordring...


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Peder Erikson (1763-1810) og kona Martha Jensdotter (1772-1842) var husmannsfolk på Kvalen i Kinserdalen under garden Urnes i Hafslo og fekk seks born i lag.  Fem av desse voks opp, mellom anna dei tre døtrene:

 

** Kari Pedersdotter (1799-1866) - konfirmert 1815 utan gardsnamn (17 år) - gift med Ole Olson Berget, Valaker (1789-1860)

 

** Britha Pedersdotter (1801-1883) - konfirmert 1818 utan gardsnamn (15 år) - levde ugift i Solvorn til ho i 1870 utvandra til Amerika

 

** Mari Pedersdotter, døypt i Hafslo 20.11.1803: https://media.digitalarkivet.no/view/1992/159- konfirmert 1821 som Mari Kinserdal (16 år)

 

Eg har ikkje sett noko skifte etter Peder Erikson, MEN i 1814 vart det halde skifte etter farfaren til desse borni, Erik Christenson Fossen i Jostedalen: https://media.digitalarkivet.no/view/24147/130

 

I dette skiftet er dei tre jentene refererte til som:

 

** Kari Pedersdotter 14 år

 

** Britha Pedersdotter 12 år og

 

** Britha Pedersdotter 10 år

 

Same namni kjem att ved utloddingi på neste side...

 

Sjølv om dei ikkje tok aldrene so nøye ved konfirmasjonen, er det vel ikkje tvil om at yngste dotteri skal heita MARI Pedersdotter, og me finn ho att nokre år etter då ho 18.3.1828 fekk ei dotter i Hafslo med namn Kari Hansdotter.  Barnefaren var Hans Nilsson Aareskaar, men barnet døydde i Hafslo alt 12.9.1831, berre 3 1/2 år gamal!

 

Etter den tid forsvinn Mari for oss, og den store utfordringi er:

 

*** Kvar vart det av Mari Pedersdotter Kinserdal?

 

Eg står heilt «bom fast» og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hva med denne? http://da.digitalarkivet.no/nn-no/gen/vis/327/pv00000001293139

 

# 48 - Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. D 1 (1841-1853), Viede 1844, Side 23 Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070228650453

Lysning, første innførsel venstre side - Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Forlovererklæringer nr. II.5.3 (1832-1845), Lysninger 1844, Side 177 Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060621100572
 
Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var skikkeleg imponerande!  Hjarteleg takk til Egil for kjempeflott innlegg!  Denne vigsli i Bergen har eg fullstendig oversett!

 

Men no har eg sete ei stund og fått denne huslyden so nokolunde «på plass», og eg har sett opp eit manuskript som ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Mari Pedersdotter {Kinserdal}, døypt {i Hafslo} 20.11.1803,

Marie Pedersen flytte på 1830-talet til Bergen og gifte seg i Domkyrkja 13.10.1844 med Johannes Jensson frå Gjerstad i Haus, i Bergen kjend som Johannes Jensen.  Han var son av gardbrukar Jens Johannesson på Gjerstad og kona Martha Olsdotter frå Langeland i Hosanger og vart døypt i Haus 6.12.1812.  Johannes var dagarbeidar, og han og Marie vart buande i Bergen der Johannes d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsdatoen hans? - før 1865)

 

Marie Pedersen d. som enkje i Bergen 16.8.1880.

Mari fekk ei dotter, medan ho budde i Hafslo:

a. Kari Hansdotter (1828-1831), dotter av Kari og husmann Hans Nilsson i Gjelet under Kjørlog (1798-1849), var f. og d. i Hafslo.

So fekk Mari og Johannes to born i lag:

b. Jensine Amalie Johannesdotter Jensen, f. i Bergen 7.4.1845, d. som enkje i Bergen 11.8.1930.  Jensine gifte seg i Domkyrkja i Bergen 18.4.1870 med Lars Andersson frå Tveiten i Hamre, i Bergen kjend som Lars A. Tvedt.  Han var f. i Hamre 20.1.1841 og d. som byggmeister i Bergen 11.10.1923.  Lars var snikkar og sidan byggmeister.  Han og Jensine budde i Harald Haarfagres gate i Bergen og fekk sju born i lag.

c. Peder Martin Ebert Johannesson Jensen, f. i Bergen 1.2.1847, d. i Bergen 23.11.1847.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Det er altso no berre ein detalj som manglar for at denne huslyden skal vera «komplett», men er det mogeleg å finna svar på dette spørsmålet?

 

Eg har leitt etter Johannes Jensen i dødsregisteri for Bergen og ser fleire, mellom anna ein som døydde i koleraepidemien i 1849, men alderen stemmer ikkje for nokon av dei:

 

** Johannes Jensen - daglønar - 44 år - døydde (kolera) (bustad 15-18) 14.2.1849: https://media.digitalarkivet.no/view/23996/58

 

** Johannes Jensen - daglønar - 56 år - døydde (bustad 23-23) 22.1.1857: https://media.digitalarkivet.no/view/23996/204

 

Han døydde i alle fall før 1865, for då var Marie Pedersen enkje: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038249020408

 

Elles lyt me leggja til at då sonen Peder Martin Ebert vart fødd, og også då han døydde, i 1847, budde parfolket i 15-34, som ikkje er so langt unna 15-18 der den første Johannes døydde...

 

Eg vonar dødsfallet til Johannes Jensen kan stadfestast og takkar nok ein gong for framifrå hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.