Gå til innhold
Arkivverket

Rettsdokument etter sak mot Søren Sørensen Skillestad 1852


Edvard Tysnes
 Del

Recommended Posts

Har leitt etter rettsdokument kring saka mot denne mannen, Søren Sørensen Skillestad (Sogn og Fjordane) som dø innsatt på Slaveriet i Bergen (Tukthuset), sjå link:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/84/pc00000000373501

 

Eg har bladd gjennom rettsprotokollar for denne tida frå Nordfjord men kan ikkje finne saken. Denne ser ut til å være ei høyesterettsdom. Det er vel derfor eg ikkje finn noko

 

Er det nokon som kan gje meg eit tips om kor eg skal leite.

 

Vyrdsamt

Edvard Tysnes

 

Endret av Edvard Tysnes
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sidan mannen er fødd i Sogndal er det truleg i tingboka for Indre Sogn du vil måtte leite etter han(og dei er diverre ikkje lagt ut på nett så langt fram). Men der står også at han er dømt i høgsterett 13.02.1852. Så eg legg spørsmålet over til "spør Riksarkivet", så kan dei slå opp på datoen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Riksarkivet har fått avlevert arkiver etter Høyesterett, S-1002.

Fram til 1898 sende Høyesterett dokumenta i straffesaker attende til den lågare domstolen som hadde behandla saka, og der vart dei liggjande. Normalt vil det vera lagmannsretten. I saker med fengelsstraf vart det så utferda ei domsakt, det vil seia kopiar av dommane med dokumenta. Domsakta følgde den dømte til fengslet og vart arkivert der.

Saker som ikkje enda med fengselsstraff, er normalt å finna i politikammerets arkiv. Denne ordninga har i hovudsak vore gjeldande til i dag.

For å finna fram til enkeltsaker i Høyesteretts arkiv, må ein kjenna dommens dato eller sakas løpenummer og år. Det vil ein enten finna i saka der ho er arkivert, eller i Norsk rettstidend. Å kjenna namnet på partane er ikkje nok. Er løpenummer og år kjent, kan ein gå direkte til saka i protokollar og pakkeserier. er domsdato kjent, kan ein finna dommen i voteringsprotokoll eller domsbok og derifra gå vidare til saka i dei seriar som er ordna berre etter løpenummer. For eldre saker og saker som heilt manglar, kan det ofte vera vanskeleg å finne domsdato og løpenummer. Det fins eit partsregister, men det er ikkje ennå avlevert. I slike høve må ein difor venda seg til Høyesteretts kontor og få opplyst løpenummer og år der. Kjenner ein nokonlunde tidsrommet når dommen vart avsagt, er det mogleg å leita seg fram i Høgsteretts ordnar - ei form for saksliste. Dette er arbeidskrevjande.

 

Oversikt over arkivet ette Høyesterett finnes her.

 

 

Vennlig hilsen

 

Seksjon for brukertjenester

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sidan mannen er fødd i Sogndal er det truleg i tingboka for Indre Sogn du vil måtte leite etter han(og dei er diverre ikkje lagt ut på nett så langt fram). Men der står også at han er dømt i høgsterett 13.02.1852. Så eg legg spørsmålet over til "spør Riksarkivet", så kan dei slå opp på datoen.

Her er svar frå Riksarkivet:

https://forum.arkivverket.no/topic/205491-rettsdokument-etter-sak-mot-søren-sørensen-skillestad-1852/?p=1733713

 

Dei sender meg til Arkivportalen. Når eg kontakter dei for å få eit tips om kva protokoll eg skal leite i, vert eg sendt tilbake til Statsarkivet i Bergen.

 

Ser etter søk i forumet på liknande spørsmål, finn eg at ved nokre tilfeller finnes dokumenta hos Statsarkivet i Bergen.

Forstår eg det rett at i dette tilfellet så er ikkje desse dokumenta tilgjengelige hos SAB?

 

Er det andre instanser det går an å oppsøke for å få svar?

 

Med ynskje om ei fredeleg Jul

 

Edvard Tysnes

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.