Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

I eit skifte etter "Lap Siur Olsen Schougsaass , Vefsn1800"  er det blant anna ski og åndrer. Eg skal skrive noko om ski, og vil gjerne bruke dette eksempelet, vi har ikkje så mange skifte etter samar. Men eg greier ikkje lese dei seks orda sikkert!

 

Eg les (x for usikker bokstav): 1 Tixx Aax Skie med Skogiex Aandrer - 2 [mark]

Den andre lina er grei: 1 Træe Stav med Jern Piig - 12 [skilling]

 

Utklipp:

post-378-0-99030700-1481183224_thumb.png

 

Her er lenkje til sida, heilt til høgre, 13 liner nedanfrå.

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24905/422/

Endret av Knut Skorpen
Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/205549-kvaslags-ski-og-%C3%A5ndrer/
Del på andre sider

Takk for nye tankar. "Tiie" er mogleg, sjølv om eg ikkje veit kva det skal bety. Eg trur meir på "Aas" enn på "Aar" (samanliknar då med andre ord som sluttar på -s), men begge er moglege. Når det gjeld det nest siste ordet, trur eg det er x-en i underbuksa i linja over som forstyrrar. Tar vi bort den, trur eg ikkje ordet kan begynne på V. 

 

Endret av Knut Skorpen

eg tenkjer på "Tiie" = 10. Det kan vere "Aas", men eg synest det ser meir ut som "Aar"; det kan vere så enkelt som alderen på skia.

 

Eg tok omsyn til x-en, men eg finn ingen andre x-ar å samanlikne med her, så det heng litt.  Det er ein lite utløpar til nede til venstre på den første bokstaven som passar betre med V enn med S. Det kan vere halen til x-en, men då er det eit samantreff av at skrivaren har ein lang x-hale og at denne legg seg langs det meste av S-en.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.