Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Søskenflokken Severson/Hanson frå Dane Co., WI - kvar vart dei av? - ei utfordring av dimensjonar!


Recommended Posts

Dette kan være William Brown i Montana, gift med Laura.

 

 

Name: William Brown

Gender: Male

Race: White

Marital Status: Single

Age: 39

Birth Date: 1858

Birth Place: Sweden

Marriage Date: 10 Apr 1897

Marriage Place: Helena, Lewis and Clark, Montana

Father: Gustave Reinstrom

Mother: Christina Reinstrom

Spouse: Laura Anderson

FHL Film Number:

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for nytt spennande innlegg!

 

Denne «kandidaten» din frå Montana seier, då han gifte seg med Laura in 1897, at dette var første ekteskapet hans.  Han var 39 år, og eg vil tru han må vera identisk med den William Brown, fødd i Sverige november 1857 og gift i tre år, som i 1900 var gruvearbeidar og budde i Broadwater Co., MT...  I 1910 er William og Laura fraleis i Helena, MT, medan dei i 1920 er komne til Washington.  Men er han ikkje litt i yngste laget?  Eg tviler sterkt på om det kan vera han...

 

Ein annan svensk William Brown er i Alaska som ungkar i 1900, som gift med ei ung eskimojente i 1910 og enkjemann i 1920.  Men han er nok òg litt i yngste laget...

 

Nei, den absolutt «beste» kandidaten so langt er nok W. B. Brown som døydde i Chicago, IL i 1902.

 

Eg ser forresten han står i ei liste over «mail carriers» frå Chicago, IL i 1885 med ei årleg løn på $1000: http://interactive.ancestry.com/2525/40411_1821100517_0813-00798?pid=2082776&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DcMY5217%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-g%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DW%2520B%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln%3DBrown%26gsln_x%3DNP_NN%26MSAV%3D1%26msbpn__ftp%3DSweden%26msbpn%3D5216%26msbpn_PInfo%3D3-%257C0%257C1652381%257C0%257C5216%257C0%257C0%257C0%257C0%257C0%257C0%257C0%257C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msrdy%3D1894%26msrdy_x%3D1%26msrdp%3D10%26msrpn__ftp%3DIllinois,%2520USA%26msrpn%3D16%26msrpn_PInfo%3D5-%257C0%257C1652393%257C0%257C2%257C0%257C16%257C0%257C0%257C0%257C0%257C0%257C%26msrpn_x%3D1%26msrpn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26catbucket%3Drstp%26uidh%3D008%26pcat%3DROOT_CATEGORY%26h%3D2082776%26recoff%3D7%25208%26dbid%3D2525%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D3&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=cMY5217&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Men snart etter opna han altso ein saloon i Chicago, IL, før han forsvinn...

 

Me ser det er ein William B. Brown som på 1890-talet har ein saloon i Decatur, IL, men han levde framleis i 1903, so han kan det då ikkje vera.  Fleire William B. Browns budde òg i Chicago, IL på 1890-talet, men med andre yrke...

 

Nei, enkelt skal det ikkje vera å finna ut av dette...

 

Eg takkar igjen for alle gode tips for å finna att denne svensken og kona Bettie!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.