Gå til innhold
Arkivverket

Peder Aamundson Kilen, fødd i Luster 1822 - utvandra 1861 til McFarland, Dane Co., WI - ei dotter er finni, men kvar vart det av dei andre seks borni?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei sak som eg arbeidde hardt med først på 1980-talet, og som eg med dei kjeldene som den gongen stod til rådvelde, berre måtte gje meg på!  Kanskje i dag, 35 år seinare, er det mogeleg å finna ut kvar det vart av denne huslyden?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Aamundson Kilen, son av føregande husmann og herifrå plassen, var f. 3.2.1822 og gifte seg første gongen 25.6.1846 med Anna Andersdotter frå Stubbøy under Øyene.  Ho vart døypt 13.9.1818 og d. som husmannskone i Kilen 18.2.1859.  Peder gifte seg so 16.10.1860 att med Torborg Ludvigsdotter frå Tubbene under Dalsøyri, f. 11.10.1821.  Peder Aamundson hadde plassen her i Kilebotten etter foreldri frå kring 1847 til 1861.

Peter og Torber Amundson utvandra til Amerika i 1861 og slo seg ned som farmarar i Dunn township, Dane Co., Wis.  Der budde dei til Peter selde farmen i 1889.  Torber d. i Dane Co., Wis. 30.11.1896, medan Peter

 

##### (what happened to Peter after 1896?)

 

Peter Amundson fekk i alt åtte born, sju frå første ekteskapet og eitt frå det andre, men Torber hadde òg ein son frå før:

a. Martha Peterson, f. i Luster 24.9.1846, utvandra med faren og stemori til Amerika i 1861,

 

     ##### (confirmed in Dane Co., WI 1862 – her destiny?)

 

b. Anna Peterson, f. i Luster 7.1.1848, utvandra òg med faren og stemori til Amerika i 1861,

 

     ##### (confirmed in Dane Co., WI 1862 – her destiny?)

 

c. Aamund, truleg kjend som Amund Peterson, f. i Luster 23.5.1850, utvandra likeins til Amerika i 1861,

 

     ##### (confirmed in Dane Co., WI 1866 – his destiny?)

 

d. Andrea, kjend som Andrena Peterson, f. i Luster 27.5.1852, utvandra med faren og stemori til Amerika i 1861 og gifte seg i Dane Co., Wis. 9.10.1872 med Anders Olson frå Gudvangen i Aurland, visstnok kjend som Andrew O. Rasmussen. 

 

     ##### (American name?)

 

     Han var son av Ole Rasmusson frå Gudvangen og Anna Nilsdotter frå Nyborg i Leikanger og f. i Aurland 17.2.1849, men utvandra til Amerika i

 

     ##### (year of his emigration?)

 

     Kring 1872 farma Andrew og Andrena i Cottage Grove township, Dane Co., Wis., men kring 1874 flytte dei til Albert Lea, Freeborn Co., Minn. og derifrå vidare i 1880 til Fargo, Cass Co., N.D. 

 

     ##### (shoemaker Fargo, ND 1880! – later destiny? – NB: one Andrew Rasmuson aged 44, died in Fargo, ND May 16, 1881 – buried in Riverside cemetery – son Eddie Rasmuson aged 4, died in Fargo, ND May 5, 1881 – also buried Riverside cemetery - «our» family??)

 

     ##### (number of sons and daughters? – incl.:

            * Angelina Malena «Lena» – f. Dane Co., WI 27.11.1872

            * Bernt Olaus «Bennie» – f. Albert Lea, MN 5.8.1875

            * Albert – f. MN 1877

            * Edward – f. MN ?.9.1879)

 

 

e. Anders, truleg kjend som Andrew Peterson, f. i Luster 21.5.1855, utvandra til Amerika i 1861

 

     ##### (confirmed in Dane Co., WI 1871 – his destiny?

 

f. Elisabeth, kjend som Elizabeth Peterson, tvilling, f. i Luster 18.2.1859, utvandra til Amerika i 1861 og d. i Madison, Wis. 16.3.1939.  Ho gifte seg i Dane Co., Wis. 29.11.1881 med Peder Olson frå Bakka i Aurland, kjend som Peter O. Bakka.  Han var son av husmann Ole Abrahamson på Bakka og kona Guri Knutsdotter frå Dyrdal i Aurland og f. der 18.10.1846.  Peter Bakka utvandra til Amerika i 1861 og d. i Dane Co., Wis. 8.12.1919.  Elizabeth og Peter Bakka farma i Pleasant Springs township, Dane Co., Wis. og fekk ei dotter i lag.

g. Anna Peterson (1859‑1859), tvilling av føregåande, var f. og d. i Luster.

h. Ludvig Olson, kjend som Ludvig O. Heltne, son av Torborg og gardbrukarsonen Ole Østenson frå Søvde i Dale (1815‑1897), var f. 17.11.1851 og utvandra med mori og stefaren til Amerika i 1861.  Han d. i Dane Co., Wis.

 

     ##### (exact date of his death? – about 1878!)

 

     Ludvig Heltne gifte seg i Dane Co., Wis. 4.7.1876 med Thora Thompson,

 

     ##### (foreldri Jørgen Thoraldson og Gunnhild Sjursdotter, visstnok utvandra frå Telemark)

 

     f. i Dane Co., Wis. 28.3.1854.  Ho d. i Stoughton, Wis. 11.7.1937.  Thora gifte seg som enkje att i Dane Co., Wis. 26.10.1881 med Aslak K. Joitel.  Han var òg av norsk avstamming, men f. i Dane Co., Wis. 20.3.1845.  Aslak d. i Dane Co., Wis. 2.3.1906.  Me veit ikkje kva Ludvig Heltne dreiv med, men Aslak og Thora Joitel farma i Pleasant Springs township, Dane Co., Wis.  Thora fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet med Ludvig Heltne.

i. Christopher Peterson, f. i Dane Co., Wis. 13.8.1862,

 

     ##### (his destiny?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Denne huslyden synest svært so «anonym» i amerikanske kjelder.  Eg finn soleis ikkje nokon av desse i FT1870, bortsett ifrå, kanskje, sonen Anders og dotteri Elisabeth som tenarfolk Andrew (14) og Isabell (11) hjå ein farmar Thomas Johnson i tilgrensande Blooming Grove township, Dane Co., WI(?).

 

Underleg er det òg at dotteri Andrea og svigersonen Anders Rasmussen, som eg har greidd å følgja til Fargo, ND i 1880, ogso forsvinn heilt sporlaust - i alle fall Andrea og tre av borni, dersom det er den «rette» Andrew eg har finne gravlagd i Fargo, ND i 1881...?

 

Eg vonar at nokon ser noko som eg kanskje har oversett, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne huslyden som utvandra frå Luster til McFarland/Stoughton, WI og som meir eller mindre komplett «forsvinn» der borte.  Eg har diverre ikkje greidd å finna tilleggsopplysningar om nokon av borni i denne huslyden sidan emnet vart presentert i desember 2016 og syner difor til manuskriptet frå innlegg #1...

 

Det einast eg kan føya til er at borni

 

e. Anders «Andrew» Peterson og

 

f. Elizabeth «Isabell» Peterson

 

i 1870 var til huse hjå Thom Johnson i Blooming Grove township, Dane Co., WI!

 

Det er ikkje urimeleg å tru at dei eldste døtrene Martha og Anna KAN vera flytte til Chicago, IL, og kan henda hamna sønene Aamund, Anders og Christopher òg der.  Dotteri Andrea «Andrena» er sist sett i Fargo, ND i 1880, og her har eg ei tilleggsopplysning som KAN vera verdt å følgja opp:

 

FT1890 for Fargo, Cass Co., ND syner Anna Rasmussen, enkja etter Ole Rasmussen, borgarkrigssoldat 1863-1865:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939V-5KSZ-BF?i=1&cc=1877095

 

Som me ser, budde Anna med sonen og svigerdotteri i Fargo, ND alt i 1880:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB6-SHPQ?i=1&cc=1417683

 

Kanskje finn me Andrena og borni hennar om svigermori kan oppsporast?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne utfordrande huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 10.12.2016 den 0.23, Lars E. Øyane skrev:

Kring 1872 farma Andrew og Andrena i Cottage Grove township, Dane Co., Wis., men kring 1874 flytte dei til Albert Lea, Freeborn Co., Minn. og derifrå vidare i 1880 til Fargo, Cass Co., N.D. 

 

 

???? - hvis dette er de rette folkene, har vel Anders/Andrew utvandret sammen med foreldrene? I 1880 er moren hans enke. 

 

Dakota.png

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 10.12.2016 den 0.23, Lars E. Øyane skrev:

##### (foreldri Jørgen Thoraldson og Gunnhild Sjursdotter, visstnok utvandra frå Telemark)

 

???

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWR7-C5T

 

Sogn og Fjordane fylke, Vangen, Flåm, Undredal i Aurland, Ministerialbok nr. A 7 (1842-1853), Fødte og døpte 1847, Side 45
https://media.digitalarkivet.no/view/8376/43

 

Sogn og Fjordane fylke, Vangen, Flåm, Nærøy, Undredal i Aurland, Ministerialbok nr. A 6 (1821-1859), Viede 1846, Side 252
https://media.digitalarkivet.no/view/15922/254

 

Nr. 20, 21, 22

Sogn og Fjordane fylke, Vangen, Flåm, Nærøy, Undredal i Aurland, Ministerialbok nr. A 6 (1821-1859), Inn- og utflyttede 1851, Side 379
https://media.digitalarkivet.no/view/15922/382

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MWMY-FXS

 

Jorgen Thoraldson

United States Census, 1860
Name Jorgen Thoraldson
Event Type Census
Event Date 1860
Event Place Pleasant Spring, Dane, Wisconsin, United States
Gender Male
Age 42
Race White
Race (Original) [Blank]
Birth Year (Estimated) 1818
Birthplace Norway
Page 148
Household
Role
Sex
Age
Birthplace
Jorgen Thoraldson   M 42 Norway
Gunella Thoraldson   F 34 Norway
Seivert Thoraldson   M 13 Norway
Carrie Thoraldson   F 9 Norway
Thore Thoraldson   F 5 Wisconsin
Isabella Thoraldson   F 3 Wisconsin
Jerina Thoraldson   F 0 Wisconsin

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!

 

Eg er glad for at du har oppdaga den «norske» linken frå Thora Thompson attende til Aurland og har retta manuskriptet mitt tilsvarande.

 

Når det gjeld foreldri til Anders Olson alias Andrew O. Rasmussen, mann til Andrea «Andrena» Peterson, er situasjonen denne:

 

Ole Rasmusson var fødd på Gurvin i Sogndal 26.2.1818 og gifte seg i Leikanger 29.5.1842 med Anna Nilsdotter, fødd på Nyborg i Leikanger (Fresvik) 18.11.1820.  Dei budde først på Nyborg i Fresvik, men flytte sidan til Gudvangen i Aurland.  Desse borni er kjende:

 

* Nils Olson, fødd i Leikanger 24.9.1840, utvandra til Amerika frå Leikanger i 1862 (#24): https://media.digitalarkivet.no/view/1999/202

 

* Ole Olson, fødd i Leikanger 17.4.1843, utvandra til Amerika frå Leikanger i 1862 (#25): https://media.digitalarkivet.no/view/1999/202

 

* Bernt Olson, fødd i Leikanger 24.2.1845,

 

* Anders Olson, fødd i Aurland 28.12.1846, døydde kort etter fødsli

 

* Anders Olson, fødd i Aurland 17.2.1849,

 

Det «pussige» her er at Nils og Ole båe utvandra i lag med besteforeldri frå Nyborg i Fresvik i 1862, og me veit at faren Ole Rasmusson var soldat i borgarkrigen frå 1863 til 1865, men korkje Ole, Anna eller sonen Anders er registrert utvandra frå Aurland!  Eg er ganske so sikker på at ogso dei må ha utvandra i 1862, men kan me prova det?

 

Kanskje er det mogeleg å finna ei PASSASJERLISTE frå 1862 der desse namni er med?

 

Eg vart elles nesten «lurt» då eg for mange år sidan fann vigsli til Andrew O. Rasmusson og Andrea i Dane Co., WI, for der er Andrew kalla «FLOM»:

 

Name Anders Rasmusen Flom
Event Type Marriage
Event Date 09 Oct 1872
Event Place Koshkanong, Dane, Wisconsin, United States
Gender Male
Race White
Birthplace Norway
Father's Name Ole Rasmusen
Mother's Name Anna Nyborg
Spouse's Name Andrina Petersen
Spouse's Gender Female
Spouse's Race White
Spouse's Father's Name Peder Amansen
Spouse's Mother's Name Anna Eriksen Okden

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

BINGO!

 

«Den som leiter, den finn»!  Eg tenkte eg ville sjekka FamilySearch for alle personar som var avlidne med namn på foeldri Peter Amundson og Anna, og sjå kva eg fann:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G93F-SWWC?i=17&cc=2028318

 

Dette er dotteri Anna Pedersdotter, fødd i Luster 7.1.1848, død ugift med namnet Anna TAYLOR i Ft. Benton, Chouteau Co., MT 14.10.1935.  Informant var søsteri Elizabeth Bakka frå Madison, WI.  Og her vert det «rulla opp» mykje spennande!

 

Her er Annie Taylor i Ft. Benton, MT i FT1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RCG-WM2?i=4&cc=1810731

 

Det vart halde skifte etter Annie Taylor i Ft. Benton, MT

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=9072&h=17535&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx6057&_phstart=successSource

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=9072&h=744114&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx6056&_phstart=successSource

 

og me får vita at Annie i 1934 testamenterte alt ho eigde til søsteri Elizabeth Bakka, MEN:

 

eit dokument dagsett 25.10.1935 og underskrive av «petitioner» Lizzie Bakka (som tdeleg var til stades i Ft, Benton, MT på den tidi!?) oppgjev følgjande personar:

 

* Mrs. Thekla Thomson, friend, 69 years, residing at Ft. Benton, MT

* Mrs. Lizzie Bakka, petitioner, 76 years, residing at Madison, WI

* «Three nieces as follows: Ella Cameron, Mrs. Travis and Mattie Constable, whose addresses are unknown to your petitioner»

 

Men då det 26.10.1935 vart sendt ut innkalling til skiftesamling 14.11.1935, gjekk denne til:

 

* Mrs. Thekla Thomson of Ft. Benton, MT - «for caring for me in my declining years until death»

* Ella Cameron of Ft.Benton, MT

* Mrs. Travis of Ft. Benton, MT

* Mattie Constable of Ft. Benton, MT

* Arthur N . Longfellow of Grass Forest, AR - budde 1934 i Ft. Benton, MT - Executor of Will

 

Det er eit stort skifte, og eg har ikkje blatt igjennom alle dokumenti.  Kanskje kjem det fram noko meir om dei tre niesane, men me kan vel gå ut ifrå at dei må vera døtrene etter eitt av dei «uoppspora» søskeni, Martha, Aamund, Anders eller Christopher - eller kanskje Andrea!?

 

Eg ser til dømes ei Lottie B. Travis, fødd i California 1885:

 

Name Lottie B Travis
Event Type Death
Event Date 15 Jul 1982
Event Place Alameda, California, United States
Birth Date 03 Dec 1885
Birthplace California
Gender Female
Mother's Name Petersen

 

FT1920 og FT1930 frå San Francisco, CA syner at mori var fødd i NOREG, og ho heitte Petersen!!

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6S-PCY?cc=1488411

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHS-SHJ?i=27&cc=1810731

 

Og her har me Lottie med foreldri sine i FT1900 i Alameda Co., CA - og eg trur på ein ny BINGO: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DCR9-QQ1?i=5&cc=1325221

 

Mori heiter nemlig Mattie (Martha) og er fødd i Noreg i september 1846!

 

Her er dei i San Francisco, CA i FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBS-SQGT?i=23&cc=1417683

 

og der ser me at Mattie òg har ei dotter Ella - dødsfallet hennar:

 

Name Ella M Cameron
Event Type Death
Event Date 14 May 1964
Event Place San Mateo, California, United States
Birth Date 22 Sep 1876
Birthplace California
Gender Female

 

Ella i San Francisco, CA i 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DY49-CHJ?i=13&cc=1325221

 

Ella i San Francisco, CA i 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RVW-ZBM?i=8&cc=1727033

 

Ella i San Francisco, CA i 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6Z-6ST?i=17&cc=1488411

 

 

Ella i San Francisco, CA i 1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR4C-LMR?i=39&cc=1810731

 

Kanskje let det seg gjera finna vigsli til Ella med Edward Cameron?

 

Og her er Mattie Constable i Oakland, CA i 1920, og sjå kven som er der i lag med ho: mori Mattie Evarts:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RN6-R5M?i=6&cc=1488411

 

Vigsli til Mattie Louise Evarts og William Charles Constable:

 

Name William Charles Coustable
Event Type Marriage
Event Date 25 Mar 1912
Event Place Marin, California, United States
Gender Male
Age 33
Birth Year (Estimated) 1879
Spouse's Name Mattie Louise Evarts
Spouse's Age 30
Spouse's Gender Female
Spouse's Birth Year (Estimated) 1882

 

Og «krona på verket»: Dødsfallet til Mattie Evarts:

 

Name Mattie Evarts
Event Type Death
Event Date 06 Apr 1926
Event Place , Alameda, California, United States
Gender Female
Age 79
Birth Year (Estimated) 1847
Certificate Number 16972

 

Gravi hennar: https://www.findagrave.com/memorial/167252457

 

Dette var litt av ei «økt», men dei to eldste døtrene i denne huslyden er no oppspora, Martha og Anna, om enn fleire detaljar manglar.  «Hovudutfordringane» no er:

 

** Korleis fekk Anna namnet Taylor?  Eg ser det var ei kokke som budde i Ft. Benton, MT både i 1900 og 1910, fødd i Wisconsin, men ho er litt i yngste laget...  I 1920 var kokka i Blaine Co., MT der me veit at Annie Taylor hadde fast eigedom...  Kan ho ha ljuge på alderen sin og påstått skyldskap med John Taylor, jmf. FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DY2Z-8C4?i=52&cc=1325221

 

** Dato og stad for vigsli på midten av 1870-talet til Mattie og «Mr.» Evarts?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har mestedelen av dagen i dag sete og «plundra» med denne huslyden og har skrive om manuskriptet mitt for å ta høgd for ein full omtale av borni til alle emigrantane, slik målet vårt alltid har vore.

 

Mange nye detaljar er komne til, men nokre store «utfordringar» ligg og ventar på oppklaring, særleg:

 

** Vigsli til Martha «Mattie» Peterson og mannen, som eg etter kvart har oppdaga heitte Jonathan James Evarts?

 

** Fleire detaljar om dei tre døtrene til Mattie med ektemakar.  Nokre av dødsfalli er ikkje å sjå i California, men kanskje AVISARTIKLAR og OBITUARIES kan hjelpa oss vidare?

 

** Detaljar kring livet til Annie Taylor?  Kanskje ein OBITUARY kan finnast der?  Skiftet referer til fleire jordeigedomar som Annie eigde både i Chouteau og i Blaine Cos., MT - kanskje dei kan følgjast attende og leia oss til fleire detaljar?

 

** Andrena Rasmussen og borni hennar er framleis ei uløyst gåte.  Kan det tenkjast at heile huslyden hennar døydde sidan dei ikkje er nemnde i samband med skiftet etter Annie i Montana i 1935?

 

** Heller ingen av brørne til Annie er nemnde i samband med skiftet frå 1935, so kanskje dei alle døydde barnlause??

 

Diverre kan eg ikkje sjå at nokon har skrive «family tree» for denne huslyden, men kanskje nokon ser noko som eg har oversett?

 

Her følgjer eit oppdatert og revidert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Aamundson Kilen, son av føregåande husmann og herifrå plassen, var f. 3.2.1822 og gifte seg første gongen 25.6.1846 med Anna Andersdotter frå Stubbøy under Øyene.  Ho vart døypt 13.9.1818 og d. som husmannskone i Kilen 18.2.1859.  Peder gifte seg so 16.10.1860 att med Torborg Ludvigsdotter frå Tubbene under Dalsøyri, f. 11.10.1821.  Peder Aamundson hadde plassen her i Kilebotten etter foreldri frå kring 1847 til 1861.

Peter og Torber Amundson utvandra til Amerika i 1861 og slo seg ned som farmarar i Dunn township, Dane Co., Wis.  Der budde dei til Peter selde farmen i 1889.  Torber d. i Dane Co., Wis. 30.11.1896, medan Peter

 

 

##### (what happened to Peter after 1896? – one Peter Amundson bur. Riverside, Stoughton 1897 – him?)

 

 

Peder Aamundson fekk sju born i første ekteskapet sitt, og dessutan hadde andre kona ein son frå før:

 1. Martha Pedersdotter, f. 24.9.1846,

Mattie Peterson utvandra med faren og stemori til Amerika i 1861 og gifte seg

 

 

##### (date and place of her marriage? – about 1874! – lived in San Francisco by 1876!!)

 

 

med Jonathan James, kjend som John J. Evarts, f.

 

 

##### (exact date and place of his birth? – several voter lists from San Francisco, CA give Illinois about 1844! – 1880 says Ohio 1844 – 1900 says Ind. Sep. 1843! –mentioned in San Francisco from 1876 – born IL!)

 

 

John var tapetserar og sidan målar («upholsterer and painter»), og han og Mattie budde i San Francisco, Cal. til dei kring 1898 busette seg i Oakland, Alameda Co., Cal.  John d.

 

 

##### (date and place of his death? – Oakland, CA about 1905?)

 

 

medan Mattie Evarts d. same staden 6.4.1926.  Dei fekk fire born i lag:

a. Ella M.

 

 

     ##### (middle name?)

 

 

     Evarts, f. i San Francisco, Cal. 22.9.1876, d.

 

 

     ##### (place of her death? – San Mateo Co.!)

 

 

     Cal. 14.5.1964.  Ho gifte seg

 

 

     ##### (exact date and place of her marriage? – 1896!?)

 

 

     med Edward Noel Cameron, f.

 

 

     ##### (place of his birth?)

 

 

     Mich 2.2.1869.  Han d. i San Francisco, Cal. 10.2.1948.  Edward var i mange år sukkertyfabrikant («candy manufacturer and confectioner»), men fekk kring 1912 arbeid som

 

 

     ##### (what was a «high secretary»? – 1940 called a financial secretary!)

 

 

     («high secretary»).  Han og Ella budde levetidi ut i San Francisco, Cal. og fekk to born i lag.

b. Benjamin Franklin, kjend som Frank B. Evarts, f. i San Francisco, Cal. 18.7.1879, d. in Oakland, Cal. 5.4.1920. Frank var målar og tapetserar («painter and paper hanger») og budde i Oakland, Alameda Co., Cal., ugift.

c. Mattie Louise Evarts, f. i San Francisco, Cal.

 

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

 

     1882, d.

 

 

     ##### (date and place of her death? – after 1934)

 

 

     Mattie gifte seg i

 

 

     ##### (place of her marriage? – Marin Co.!)

 

 

     Cal. 25.3.1912 med William Charles Constable, f. i Storey Co., Nev. 16.12.1878.  Han d.

 

 

     ##### (place of his death?  Alameda Co.. CA!)

 

 

     4.4.1956.  William var snikkar og byggmeistar («carpenter and building contractor»), medan Mattie var kosmetolog («beauty parlor owner and operator»).  Dei budde i Oakland, Alameda Co., Cal., men vart skilde kring 1929. 

 

 

     ##### (exact year of divorce?)

 

 

     ##### (did Mattie remarry?? – 1934 still listed as Mattie L. Constable in Oakland, CA!)

 

 

     Ingen born.

d. Lottie Bell Evarts, f. i San Francisco, Cal. 3.12.1885, d. i

 

 

     ##### (place of her death? – Alameda Co., CA!)

 

 

     15.7.1982.  Lottie gifte seg i Oakland, Cal. 12.1.1907 med John Abraham Travis, f. i White Pine Co., Nev. 25.1.1881.  Han d.

 

 

     ##### (date and place of his death? – prior to 1948! – perhaps San Diego, CA Apr. 27, 1930?)

 

 

     John var

 

 

     ##### (occupation and place of residence? – 1910: newspaper pressman Oakland, CA – 1920: commercial printing pressman – married, but stayed with mother in Oakland, CA! – 1920 Lottie married hotel liners room San Francisco, CA – 1930 Lottie divorced seamstress San Francisco, CA – 1948 Lottie widowed seamstress San Francisco, CA!)

 

 

     ##### (year of their divorce? – between 1920 and 1930! – daughter Lorraine Travis, born 1910)

 

 

     Dei fekk ei dotter i lag.

 2. Anna Pedersdotter d.e., f. 7.1.1848,

Annie Peterson, sidan kjend som Annie Taylor, utvandra òg med faren og stemori til Amerika i 1861, og

 

 

##### (confirmed in Dane Co., WI 1862 – at some point moved to Ft. Benton, Chouteau Co., MT – may have worked there as a cook?)

 

 

Ho d. ugift i Ft. Benton, Mont. 14.10.1935. 

 3. Aamund Pederson, f. 23.5.1850,

Amund Peterson utvandra likeins til Amerika med faren og stemori i 1861,

 

 

##### (confirmed in Dane Co., WI 1866 – his destiny?)

 

 

 4. Andrea Pedersdotter, f. 27.5.1852,

Andrena Peterson utvandra med faren og stemori til Amerika i 1861 og gifte seg i Dane Co., Wis. 9.10.1872 med Anders Olson frå Gudvangen i Aurland, i Amerika kjend som Andrew O. Rasmussen.  Han var son av husmann Ole Rasmusson på ein plass under Gudvangen, opphavleg frå Gurvin i Sogndal, og kona Anna Nilsdotter frå Nyborg i Fresvik, Leikanger og f. i Aurland 17.2.1849, men utvandra til Amerika i

 

 

##### (year of his emigration? – 1862?)

 

 

Andrew og Andrena budde ei kort tid i Cottage Grove township, Dane Co., Wis., men kring 1874 flytte dei til Albert Lea, Freeborn Co., Minn.

 

 

##### (also lived elsewhere?)

 

 

men flytte våren 1880 til Fargo, Cass Co, N.D. der Andrew livnærte seg som skomakar («shoemaker»). 

 

 

##### (what happened later? – one Andrew Rasmuson aged 44, died in Fargo, ND May 16, 1881 and was buried in Riverside cemetery – there is also buried one Eddie Rasmuson aged 4, who died in Fargo, ND May 5, 1881 – Andrew and son Edward with wrong ages? – Andrew’s mother Anna still lived in Fargo, ND in 1890!)

 

 

Me kjenner til fem born etter Andrew og Andrena:

 

 

##### (were there more children?)

 

 

a. Angelina Malena, kjend som Lena Rasmussen, f. i Dane Co., Wis. 27.11.1872,

 

 

     ##### (listed 1880 – her destiny?)

 

 

b. Olaus Bernhard Rasmussen, f. i Freeborn Co., Minn. 10.7.1874, d. i Freeborn Co., Minn.

 

 

     ##### (date of his death? – shortly after birth! – christened Clarks Grove!)

 

 

c. Bernt Olaus, kjend som Bennie Rasmussen, f. i Freeborn Co., Minn. 5.8.1875,

 

 

     ##### (listed 1880 – his destiny?)

 

 

d. Albert

 

 

     ##### (middle nname?)

 

 

     Rasmussen, f.

 

 

     ##### (exact date and place of his birth? – MN 1877)

 

 

     ##### (listed 1880 – his destiny?)

 

 

e. Edward

 

 

     ##### (middle name?)

 

 

     Rasmussen, f.

 

 

     ##### (exact date and place of his birth? – MN Sep. 1879)

 

 

     ##### (listed 1880 – his destiny?)

 

 

 5. Anders Pederson, f. 21.5.1855,

Andrew Peterson utvandra òg med faren og stemori til Amerika i 1861 og

 

 

##### (confirmed in Dane Co., WI 1871 – was in 1870 living with Torkild Johannesson frå Bolstad i Luster på ein farm i Blooming Grove township, Dane Co.,. WI – der var òg søsteri Elizabeth «Isabell» på same tid! – his later destiny?)

 

 

 6. Elisabeth Pedersdotter, tvilling, f. 18.2.1859,

Lizzie Peterson utvandra likeins til Amerika i 1861 med faren og stemori og gifte seg i Dane Co., Wis. 29.11.1881 med Peder Olson frå Bakka i Aurland, kjend som Peter O. Bakka.  Han var son av husmann Ole Abrahamson på ein plass under Bakka, opphavleg frå ein plass under Styvi, og kona Guri Knutsdotter frå Dyrdal i Aurland.  Peter var f. i Aurland 18.10.1846 og utvandra til Amerika med foreldri sine i 1861.  Peter og Lizzie Bakka slo seg ned som farmarar i Pleasant Springs township, Dane Co., Wis. der Peter d. 8.12.1919.  Lizzie Bakka flytte på 1920-talet som enkje til Madison, Dane Co., Wis. der ho d. 16.3.1939.  Dei fekk to born i lag:

a. Judith Emilie Bakka, f. i Dane Co., Wis. 28.7.1883, d.

 

 

     ##### (date and place of her death? – bur. W. Koshkonong!)

 

 

     1974.  Judith gifte seg i Rockford, Ill. 1.10.1910 med Halsten Ellendson Underdal frå Undredalen i Aurland, i Amerika kjend som Henry E. Underdal.  Han var son av gardbrukar Ellend Sjurson i Undredalen, opphavleg frå Feten under Aurland prestegard, og kona Caroline Halstensdotter frå ein plass under Undredalen og f. i Aurland 3.3.1874.  Han utvandra til Amerika i 1892 og d. i Madison, Wis. 28.7.1960.  Henry var fabrikkarbeidar («steel factory worker»), og han og Judith budde i Madison, Dane Co., Wis.  Dei var barnlause.

b. Abraham Olaus Bakka, f. i Dane Co., Wis. 1.2.1887, d.

 

 

     ##### (date and place of his death? – 1920!)

 

 

     Abraham farma heimefarmen etter foreldri i Pleasant Springs township, Dane Co., Wis., men var ugift.

 7. Anna Pedersdotter d.y. (1859‑1859), tvilling av føregåande.

 8. Ludvig Olson, son av Torborg og gardbrukarsonen Ole Østenson frå Søvde i Dale (1815‑1897), var f. 17.11.1851.

Ludvig Olson utvandra med mori og stefaren til Amerika i 1861 og gifte seg i Dane Co., Wis. 4.7.1876 med Thora Thompson,

 

 

##### (foreldri Jørgen Thoraldson (Vangen) og Gunnhild Sjursdotter (Skjerpe), utvandra 1851 frå Hylland i Aurland!)

 

 

f. i Dane Co., Wis. 28.3.1854.  Ludvig Heltne d. alt kring 1878,

 

 

##### (date and place of his death?)

 

 

og Thora gifte seg som enkje att i Dane Co., Wis. 26.10.1881 med Aslak K. Joitel.  Han var òg av norsk avstamming, men f. i Dane Co., Wis. 20.3.1845.  Aslak og Thora Joitel farma i Pleasant Springs township Dane Co., Wis. der Aslak d. 2.3.1906.  Thora Joitel d. i Stoughton, Wis. 11.7.1937.  Thora fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet med Ludvig:

a. Trina Erika, kjend som Tracie Joitel, f. i Dane Co., Wis. 3.1.1877, d. i Racine, Wis.

 

 

     ##### (exact date of her death?)

 

 

     1920.  Tracie gifte seg første gongen i Dane Co., Wis. 10.10.1895 med Henry Bertinus Lewton, f. i Dane Co., Wis. 21.11.1873.  Han d. i Stoughton, Wis.

 

 

     ##### (verify death place? – bur. Christ Lutheran)

 

 

     17.7.1924.  Henry var arbeidar («laborer»), og han og Tracie budde i Stoughton,, Dane Co., Wis., men vart skilde kring 1901.  Tracie gifte seg so att i Rockford, Ill. 20.2.1902 med Soland Eberg Solandson Trøan frå Lien i Ofoten, i Amerika kjend som Berg Troan.  Han var son av skulehaldar Soland Estenson Trøan på Lien, opphavleg frå Trøan i Tolga, og kona Edrikke Caroline Hansdotter frå Evenesmark under Ofotens prestegard og f. i Ofoten 20.6.1878.  Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1889 og d. i Stoughton, Wis. 29.6.1931.  Berg og Tracie farma ei tid i Pleasant Springs township, Dane Co., Wis., men flytte sidan til Racine, Racine Co., Wis. der Berg var fabrikkformann («tyre works foreman»).  Tracie fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

Dette var dei åtte borni i denne huslyden som var fødde i Luster.

Men Peter og andre kona Torber fekk òg ein son i lag etter dei var komne til Amerika:

i. Christopher Peterson, f. i Dane Co., Wis. 13.8.1862,

 

 

     ##### (his destiny?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne utfordrande biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Edward Noel Cameron, f.

 

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Mich 2.2.1869. 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NQCK-M86

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-67X7-1MP?i=70&cc=1459684


Name:    Edward N. Cameron
Birth Date:    02 Feb 1869
Birthplace:    East Saginaw, Saginaw, Michigan   
Father's Name:    John Cameron
Father's Birthplace:    Scotland:    
Mother's Name:    Mary Cameron

 

https://en.wikipedia.org/wiki/East_Saginaw,_Michigan

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!

 

Eg studerte òg denne fødsli til Edward Cameron i Saginaw Co., MI frå 1869, men eg vart veldig i stuss då eg såg namni på foreldri, John og Mary.  Ei anna kjelde seier nemlig at foreldri hans var James og Matilda, dei som budde like i nærleiken av Edward og Ella i 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DY49-CHJ?i=13&cc=1325221

 

Difor har eg lete spørsmålet om fødestaden stå òpe...  Kanskje andre har synspunkt på dette?

 

Elles står Mattie Constable framleis i Oakland, CA city directory i 1934, men blir so borte!  Om ho gifte seg att, må det soleis ha skjett ETTER 1934...!?

 

Eg har forresten gjort ein spennande observasjon i Fargo, ND:

 

Anna (wid Ole) Rasmusson er opplísta i Fargo city directory i 1891.  Ho er «carpet weaver» og bur i lag med:

 

Bernt Rasmusson, «boards» - på 69 3rd Street North:

 

https://www.ancestry.com/interactive/2469/16200694?pid=1051139269&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2469%26h%3D1051139269%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx6220%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx6220&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Det er vel mykje som tyder på at dette er sonesonen, d.v.s. sonen til Andrew og Andrena, som då bur hjå bestemori, då 16 år gamal, men kvar vart det so av han?  Både Anna og Bernt forsvinn etter 1891!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 29.3.2018 den 23.21, Lars E. Øyane skrev:

** Korleis fekk Anna namnet Taylor?  Eg ser det var ei kokke som budde i Ft. Benton, MT både i 1900 og 1910, fødd i Wisconsin, men ho er litt i yngste laget...  I 1920 var kokka i Blaine Co., MT der me veit at Annie Taylor hadde fast eigedom...  Kan ho ha ljuge på alderen sin og påstått skyldskap med John Taylor, jmf. FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DY2Z-8C4?i=52&cc=1325221

 

Her er en liten avisnotis om Annie Taylor som var kokke i Montana:

The River Press, January 10, 1894, Page 5

5abe9c2b0eb65_Skjermbilde2018-03-30kl_22_20_38.png.48c87b521829dd274e4ab2f112cc1aa1.png

 

Og her fra feiringen av Annie Taylors 87-årsdag. Ikke så mye nyttig, utenom opplysningen om at hun har bodd i Montana i mer enn 50 år:

The River Press, January 09, 1935, Page 1

5abe9ce8520ce_Skjermbilde2018-03-30kl_22_23_50.png.0dd4fb6d0fcb1d2eb41192fd7be8fc86.png

 

 

Endret av Lars Waaltorp
Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

John var tapetserar og sidan målar («upholsterer and painter»), og han og Mattie budde i San Francisco, Cal. til dei kring 1898 busette seg i Oakland, Alameda Co., Cal.  John d.

 

##### (date and place of his death? – Oakland, CA about 1905?)

 

Jeg fant en artikkel fra januar 1907 om Lottie Belle Evarts bryllup. Der står det at "the bride‘s father had died recently".

 

San Francisco Call, Volume 101, Number 58, 27 January 1907

5abf37cfb12ef_Skjermbilde2018-03-31kl_09_24_46.png.d1a3afdd9e4a28b42805b00b8df9de38.png

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for nye spennande innlegg om denne huslyden!

 

Opplysningi om at ho i 1935 hadde butt i eller nær Ft. Benton, MT «for more than 50 years», er særleg interessant, og eg kan ikkje hjelpa for å mistenkja jenta for å ha «ljuge» både på alder og opphav i yngre år.  Kan ho ha flytt inn hjå John Taylor på farmen hans på 1890-talet og «pretended» ho var søsteri hans?  Kanskje me lyt sjå litt nærare på denne John Taylor...

 

Elles har me eit anna alternativ; i samband med skiftet hennar kjem det fram at ho var eigar av desse parsellane i Chouteau og Blaine Cos., MT:

 

* Lots 10, 11, 12 of Block 28 of original Townsite of Ft. Benton, MT valued at $2800

* S½SE¼ Section 32, S½S½, NE¼SE¼, SE¼NE¼ Section 33, S½S½ Section 34 in Township 26 North, Range 8 East in Blaine Co., MT being rough grazing land valued at $480

 

Me kan kanskje finna ut litt meir om «historikken» og kva tid Annie kjøpte desse landstykki?

 

Og eg ser at ein del landtransaksjonar ligg ute på ancestry.com.  Her kjem det fram at parsellane i Blaine Co., MT vart kjøpte i 1924 og i 1928, men eg finn òg ein del handlar med land i Chouteau Co., MT, og det var so tidleg som i 1911!

 

Dette er verkeleg ein «merkeleg» huslyd på alle vis...

 

Kanskje det vert lettare å finna opplysningar i California om Mattie og huslyden hennar?  I det minste veit me no at Jonathan «John» Evarts må vera avliden kring årsskiftet 1906/1907...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i kartleggjingi av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

Ohnstad, 2006 p. 569, kan ha info som er interessant,

om det ikkje alt er sjekka. Utvandringsåret til

Rasmussen-familien er 1862?

Skal sjekke i Forrest Brown-arkivet mitt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Asbjørn for siste innlegget frå i går!

 

Nei, eg har ikkje snakka med Åsmund Ohnstad om denne saki, og heller ikkje veit eg kva Forrest Brown kan ha om denne huslyden, so det ville gle meg mykje om du kunne sjekka!

 

Elles har eg i kveld gjort ei svært so spennande oppdaging med omsyn til heile huslyden til Peder Aamundson.  I ein gamal database frå Stoughton Public Library finn eg nemlig følgjande:

 

Obituary or death notice for Peter Amundson, born 1822, was published in the Stoughton Courier newspaper on Apr. 8, 1898

 

Frå før hadde eg ei gravferdsrapport frå Riverside cemetery i Stoughton, WI om at Peter vart gravlagd Apr. 8, 1897, men årstalet er tydeleg feil!  Eg stolar meir på avisregisteret...!

 

Er det nokon som har høve til å sjekka denne avisa, ville eg verta ein svært lykkeleg person!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.