Gå til innhold
Arkivverket

Tyding av skifte i Nordfjord


Thore Senneset
 Del

Recommended Posts

Skifte etter Hans Pedersen i 1753,

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0011: Skifteprotokollar, 1750-1753, s. 432b-433a

 
Eg har knota meg igjennom etter beste evne og leser noko slikt:
 
Lauritz Stub ... sorenskriver og Skifteforvalter udi Nordfiord, giør vitterlig at Anno 1753 den 5te Maj ... ... lovlig afveskifte efter afgangen sahl: enkemand sahl Hans Pedersen som var U... oaa den gaard Hestenes i Gloppens Skibsrede, og ... laugsmend Berend Jensen Balchen Joen Olsen Løche ... ... ... ... ... Sahl: mands igienlevende 6 børn navnligen Sahl Rasmus Hansen Torvangers etterlatte 2 børn, navnlig 1 søn og 1 datter, Christopher Hansen ... Joseph Hanssen ... Inger Hansdatter gift med Anders Christiansen Igland i Bremanger, Sahl Marthe Hansdatter ...gaard i Stad Skibbredes igienlevende...
 
Sjølv om eg (syns eg) blir stadig flinkare vart dette i overkant utfordrande. Kan nokon hjelpe meg med å fylle inn tomrommene fram til og med første linje på side to av skiftet...?
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Omtrent slik:

 

Lauritz Stub vise Sorenskriver og Skifteforvalter udj Nordfiord, giør vitterlig at Anno 1753 den 5te Maj blev holden Lovlig Arveskifte og Deling efter afgangen Sahl: Enkemand Sahl: Hans Pedersen som var tilholdende paa den Gaard Hestenes i Gloppens Skibbrede, og det udj Lensmanden Berent Jensen Balchen og de tvende uvillige Dannemend navnlige Anders Jacobsen og Joen Olsen Loethe[?] deres oververelse. Nerverende den Sahl: mands igienlevende 6 Børn navnligen Sahl. Rasmus Hansen Torvangers efterlatte 2de Børn, nemlig 1 Søn og 1 Datter, Christopher Hansen T…[?], Joseph Hanssen Hestenes, Inger Hansdatter, gift med Anders Christiansen Igland i Bremanger, Sahl Marthe Hansdatter Nygaard i Stad Skibbrede hendes igienlevende tvende Børn som er een Søn og een Datter og Brite Hansdatter gift med

Aasmund[?] Jensen Aarskoug, og blev da derom Sluttet og Forrettet saaledes som følger.

 

Mvh. Knut

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg les skiftet nokså nøyaktig slik Knut har tolka det. Christopher Hanssen var busett på Fure (på Stad). Namnet på Brite sin mann er vel Aamund.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som "Gloppen-spesialist" er eg som vanleg nysgjerring på innfallsvinkelen din til denne familien.

 

Via dotter Inger Hansdatter og mannen Anders Christiansen på Igland i Bremanger.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då kan du kanskje gje meg ei kjapp oversikt over kva born dei hadde? Eg brukar ikkje å følgje utflytte glopparar så veldig langt fram i tid, men vil gjerne vite den fyrste generasjonen. Er td Johannes Andersson Igland gift i 1763 deira son?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ingen Johannes i min database så det tør eg ikkje svare på. Dei eg har som eg er sikker på er følgjande:

 

Malene f. 1732 d. ca 1804

SAB, Kinn Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1729-1785, s. 125

 
Inger hadde ein bror Rasmus som var gift på Torvanger, veit du kven han var gift med?
 
 
 
Endret av Thore Senneset
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk så langt! Johannes Andersson har eg frå ei vigsle i Gloppen i 1763, så eg har tenkt det kunne vere ein son. 

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11426&idx_id=11426&uid=ny&idx_side=-36

 

Rasmus si kone har eg ikkje noko på, eg har berre notert borna hans frå skiftet etter Ola Pederson Grotle i 1757 - eg veit ikkje om du kjenner til det skiftet? 

 

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24191/123/

 

Men no er vi kanskje langt ute på viddene i høve til kva forum vi oppheld oss i...

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk så langt! Johannes Andersson har eg frå ei vigsle i Gloppen i 1763, så eg har tenkt det kunne vere ein son. 

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11426&idx_id=11426&uid=ny&idx_side=-36

 

Rasmus si kone har eg ikkje noko på, eg har berre notert borna hans frå skiftet etter Ola Pederson Grotle i 1757 - eg veit ikkje om du kjenner til det skiftet? 

 

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24191/123/

 

Men no er vi kanskje langt ute på viddene i høve til kva forum vi oppheld oss i...

 

Eg har ikkje sett på det skiftet, så du skal ha takk for tipset. Årsaken til interessa frå Rasmus var at eg aldri sluttar å forbause meg over kor mange frå Gloppen som enda opp ute ved havet. Eg er sjølv oppvaksen i Bremanger (far min var mellom dei innfødde der) men har etter kvart funne aner både på Kleppenes, Hestenes, i Skjerdalen, På Skinlo og i Jølster. Det blir jo berre meir og meir spennande. 

 

...og når det gjelder Johannes har eg ein stadig sterkare mistanke om at det muligens kan vere enda ein Anders på Igland som driver og får born i denne perioden. Dessverre er det i siste del av 1730-åra og ei stund utover heller laber kvalitet på kyrkjebøkene. Det var visst ein prest der som hadde trøbbel med øvrigheita...

Endret av Thore Senneset
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, forbindelsen mellom Bremanger og Gloppen er svært sterk, det ser eg og, og eg trur ikkje eg har funne den siste endå.. Eg tykkjer denne Sakarias du nemnde ovanfor er litt langt etter dei andre, så kanskje er han og Johannes brør?

 

Her har du ein Anders Johanson som er brudgom i 1734 - kanskje spøkjer det for fleire av borna? 

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000481264

 

Skifte etter Anders Johanson her, 1772 - SAB, Sunnfjord Sorenskrivararkiv - IV Skifte, Ab, 1769-1775, s. 674b-675a

 
- ser i farten ut til å vere lite å fordele på arvingar -
 
Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Ja, forbindelsen mellom Bremanger og Gloppen er svært sterk, det ser eg og, og eg trur ikkje eg har funne den siste endå.. Eg tykkjer denne Sakarias du nemnde ovanfor er litt langt etter dei andre, så kanskje er han og Johannes brør?

 

Her har du ein Anders Johanson som er brudgom i 1734 - kanskje spøkjer det for fleire av borna? 

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000481264

 

Skifte etter Anders Johanson her, 1772 - SAB, Sunnfjord Sorenskrivararkiv - IV Skifte, Ab, 1769-1775, s. 674b-675a

 
- ser i farten ut til å vere lite å fordele på arvingar -

 

 

Han Anders'en som giftar seg i 1734 kan jo meget vel vere far til "din" Johannes. Når det gjelder slektskapet mellom Sakarias og Peder eg eg sikker på at dei er brør, det slår tinglysingane i 1771 greitt fast. I skiftet etter Sakarias i (det som ser ut som) 1810 finner vi også barn med namn Anders og Inger.
 
Eg har forresten lagt inn eit spørsmål til deg i "Slekt i Gloppen / Brein (Nordfjord) - Sogn og Fjordane"-tråden din :-)
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.