Gå til innhold
Arkivverket

Hans Pederson Molland (1809-1879) - frå Hafslo til Lærdal og vidare til Amerika, men kvar vart det av borni hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg greidde aldri å løysa denne floki då eg arbeidde med denne huslyden for meir enn ti år sidan.  Kanskjue det er mogeleg å finna ut av dette i dag?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt for husmannsplassen Furehaugen under Sviggum:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Pederson Molland, opphavleg frå Molland, vart døypt 6.5.1809 og gifte seg 4.6.1834 med Johanna Ingebrigtsdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå Furehaugen.  Ho vart døypt 1.11.1807.  Hans og Johanna var først plassfolk på Hansatuftene under Morki og sidan nokre år på Brannmyr under Mo, men flytte til Furehaugen kring 1843.  Her vart dei buande som plassfolk fram til 1847.

Hans og Johanna Molland flytte i 1847 til Mollandsgranden under Stødnum i Lærdal og sidan vidare til Lærdalsøyri i Lærdal der dei var plassfolk til dei i 1866 utvandra til Amerika.  Hans og Johanna Molland busette seg visstnok i Utica township, Crawford Co., Wis. der Johanna truleg d. kring 1875.  Hans Molland d. same staden 21.3.1879.  Dei fekk sju born i lag:

a. Jacob Hansson (1832-1832), f. og d. i Hafslo.

b. Jacob Hansson (1833-1839), likeins f. og d. i Hafslo.

c. Peder Hansson, f. i Hafslo 1.5.1835, flytte i 1847 med foreldri til Lærdal og vart konfirmert der i 1850,

 

     ##### (kvar vart det av denne Peder?)

 

d. Martha Hansdotter (1839-1927), flytte òg til Lærdal med foreldri i 1847 og vart gift med husmannssonen Dominicus Ørbech Stevelinson frå ein plass under Lægreid i Årdal (1837-1913), ein son av gardbrukardotteri Christi Torstensdotter frå Nes i Luster (1800-1850) (s.d.).

e. Ingebrigt Hansson (1841-1843), f. og d. i Hafslo.

f. Ingeborg Hansdotter (1844-1844), likeins f. og d. i Hafslo.

g. Ingeborg Hansdotter, f. i Lærdal 24.5.1847,

 

     ##### (kvar vart det av denne Ingeborg? - eg ser at ei Ingeborg Hansdotter Stønjum døydde i Lærdal 1.7.1861, 13 1/2 år gamal - kan det vera ho?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse to «bortkomne» borni!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei. Jeg har vært borti dette etternavnet i forbindelse med søk etter Ole Andvik fra Brulanes/Larvik.
Det viste seg at hans aner kom fra Masfjorden, så ett eller annet sted på veien der dukket Molland opp.
Hvis jeg husker riktig så var dette medio 1800 tallet.
Mulig dette kan hjelpe deg, vet hvordan det er å kjøre seg fast.
 

Jeg driver å samler fødselsdata til de Norske frontkjemperene, brukt rundt 10 år og ikke i mål.
Er et vanskelig område da mange skiftet navn under/etter krigen, noen forsvant til utlandet osv.
Men det er et interessant tema.
Du får ha lykke til videre.

 

P.S. Så du nevner Haslo i en post. Måtte dit for å finne en frontkjemper som var bosatt i Bergen under navnet 
Hans Bjørge, det endte opp med Hans Bugge Bjørge fra Haslo.
Litt av et puslespill.

Lykke til.

 

Karl.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Datteren Martha bor i Crawford county med familien sin og en man som passer bra inn på faren i 1870,men ingen spor av moren.

Hvilken kilder kommer dödsdatoene fra?

 

 

Foreldrene og hun bor sammen i 1865, emigrerer sammen i 1866, og faren er i familien("Sterlmson") i 1870 (i Rising Sun,Utica, WI), men ikke i 1880.

I 1875 i Utica, Crawford co, er der 5 white males og 3 white females i familien, Martha og to dötre (Johanna sirka 1867, Jacobina sirka 1869) er tre, men Dominikus og sönnene Christian sirka 1862/63, Stevling sirka 1869 og Hans sirka 1873 er fire, så enten lever svigerfaren eller så er en sönn död mellem 1875 og 1880 og f. etter 1870.I 1880 er der to yngre barn òg.)

(Jeg fant dem ikke i 1885.1890 census finnes ikke.)

I 1895 er D og M i Utica, 3 males 1 female, så de to ynste barnene bor vel fortsatt hjemme.

 

 

Glemte at på Ingeborg Hansdatter Stönjum stemmer alder, navn, farsnavn, og adresse, så det höres meget sannsynlig ut at det er rett person.

http://rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1422&kenr=006&bnr=0105&lnr=000

og ingen Ingeborg der.

Emigrasjoner:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=Quebec65&gardpostnr=5858&merk=5858#ovre

 

Endret av Vibeke Lund Åhling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

I samband med at det no er dukka opp ei etterlysning etter Peder Hansson i samband med avtening av militær teneste i 1857, vil eg nytta høvet til å henta fram att dette emnet frå 2016, samstundes som eg vil uttrykke ein forseinka, men like hjarteleg takk til Karl og Vibeke for dei siste innleggi!

 

Eg er samd med deg, Vibeke, i at det må vera «vår» Ingeborg som døydde på Stønjum i 1861.  Det finst ingen gode alternativ i Lærdal, og huslyden budde jo i alle fall ei tid på Stønjum før dei flytte til Lærdalsøyri og vidare til Amerika.

 

Men lagnaden til Peder Hansson er framleis ei kjempeutfordring!  Han vart altso etterlyst i 1857, men kvar kan det ha vorte av han?  Flytte han kan henda til Nordland?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Pederson Molland, opphavleg frå Molland, vart døypt 6.5.1809 og gifte seg 4.6.1834 med Johanna Ingebrigtsdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå Furehaugen.  Ho vart døypt 1.11.1807.  Hans og Johanna var først plassfolk på Hansatuftene under Morki og sidan nokre år på Brannmyr under Mo, men flytte til Furehaugen kring 1843.  Her vart dei buande som plassfolk fram til 1847.

Hans og Johanna Molland flytte i 1847 til Mollandsgranden under Stødnum i Lærdal og sidan vidare til Lærdalsøyri i Lærdal der dei var plassfolk til dei i 1866 utvandra til Amerika.  Hans og Johanna Molland busette seg visstnok i Utica township, Crawford Co., Wis. der Johanna truleg d. kring 1875.  Hans Molland d. same staden 21.3.1879.  Dei fekk sju born i lag:

a. Jacob Hansson (1832-1832), f. og d. i Hafslo.

b. Jacob Hansson (1833-1839), likeins f. og d. i Hafslo.

c. Peder Hansson, f. i Hafslo 1.5.1835, flytte i 1847 med foreldri til Lærdal

 

     ##### (konfirmert i Lærdal 1850 – seinare lagnad??)

 

d. Martha Hansdotter (1839-1927), flytte òg til Lærdal med foreldri i 1847 og vart gift med husmannssonen Dominicus Ørbech Stevelinson frå ein plass under Lægreid i Årdal (1837-1913), ein son av gardbrukardotteri Christi Torstensdotter frå Nes i Luster (1800-1850) (s.d.).

e. Ingebrigt Hansson (1841-1843), f. og d. i Hafslo.

f. Ingeborg Hansdotter (1844-1844), likeins f. og d. i Hafslo.

g. Ingeborg Hansdotter, f. i Lærdal 24.5.1847, d. på Stønjum i Lærdal 1.7.1861.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars

 

Mener helt sikkert at jeg har sett etternavnet Morken i gamle Trondenes.

 

Om det er i Lysakers bygdebok fra 50-tallet eller i Alfred Tangens papirer

 

er usikkert. Navnet Morken fantes i Trondenes.

 

Begynner å leite straks ungen er i seng , snart.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
På 1.11.2018 den 19.54, Lars E. Øyane skrev:

c. Peder Hansson, f. i Hafslo 1.5.1835, flytte i 1847 med foreldri til Lærdal

 

     ##### (konfirmert i Lærdal 1850 – seinare lagnad??)

 

Jeg ser at det står "Lærdalsøren" som fødested ved konfirmasjonen til Peder Hansen i 1850 (nr. 6):  https://www.digitalarkivet.no/kb20050817010701

 

Kan det være han som giftet seg med Anna Johnsdatter 23.5.1865 i Lærdal? Jeg finner ingen Peder Hansen født i Lærdal som passer:   https://www.digitalarkivet.no/kb20070305680079

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Odd og Lars W. for siste innleggi!

 

Til Odd: Når det gjeld namni Morken og Molland, so er dette namn som finst fleire stadar i Noreg, og eg saknar ikkje nokon som eg ville forventa busette seg i Trondenes.  Og Kasper Molland i Bergen er òg eit ukjent namn, men eg har ikkje i minnet namn på alle etterkomarar som er fødde på nye bustadar, og i Bergen veit me det er talrike etterkomarar etter slekter frå heile indre Sogn...  Eg kan ikkje følgja alle utflyttarættene fram til i dag...

 

Men siste innlegget til Lars W. er skikkeleg spennande og utfordrande.  Her finn eg parfolket i FT1865 på Lærdalsøyri: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1422&kenr=007&bnr=0069&lnr=000

 

  Peder Hansen Husfader g Skomager 1833 Lærdals Prgj.  
  Anne Johnsdatter Hans Kone g   1839 Lærdals Prgj.  
  Guro Pedersdatter Deres Datter ug   1865 Lærdals Prgj.

 

Fødestaden til brudgomen er oppgjeven som Lærdal, og alderen høver med vigsli same året, 1833.  Men, som du òg seier, ingen Peder Hansson er fødd i Lærdal på den tidi!

 

FamilySearch nemner fire born:

* Guro, fødd 11.8.1865

* Hans, fødd 14.7.1867

* Kari, fødd 17.10.1869

* John, fødd 10.3.1873

 

Her er dei framleis på Lærdalsøyri i 1875: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1422&kenr=002&bnr=0062&lnr=00

 

  Peder Hansen hf g Skomager og Husmand m j 1831 Hauge S. L. Pr.  
  Anna Johnsdatter Hans Kone g   1841 Hauge S. L. Pr.  
  Guro Pedersdatter Deres d     1865 Hauge S. L. Pr.  
  Hans Pedersen Deres s     1867 Hauge S. L. Pr.  
  John Pedersen Deres s     1873 Hauge S. L. Pr.  
  Kari Pedersdatter d     1875 Hauge S. L. Pr.  
  Erik Lunde Inderst ug Telegrafbud og Privatlærer 1856 Fedt S. Hafslo  
 

Men framleis er fødestaden oppgjeven til Lærdal.  Svært so merkeleg det heile...  Her er dei òg i 1900: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1422&kenr=007&bnr=0026&lnr=00

 

  Peder Hansen hf g Skomager 1834 Lærdal NB  
  Anna Jonsdatter hm g Sysselsat med husgjerning 1840 Lærdal NB

 

Fødestaden hans er framleis Lærdal...  Men om dette er vår mann...  Eg er ikkje sikker, men kanskje finst det eit prov ein eller annan stad?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skomaker, gift Peder Hansen Lærdalsøren døde 5.3.1909, men fødested også her oppgitt Lærdalsøren 1830 https://media.digitalarkivet.no/view/6921/82

 

Kona er kanskje her? Anne Jensdr.  Hansen, enke etter skomaker, født Lærdalsøren 1840, død Lærdalsøren 8.11.1919 https://media.digitalarkivet.no/view/6921/90 Og kanskje her 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036721000965

 

Da søstera Martha Hansdatter ble konfirmert i 1854 er også hennes fødested oppgitt som Lærdalsøren, selv om hun var født i Hafslo: https://media.digitalarkivet.no/view/2000/48

Endret av Terje Tandsether
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.