Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Malena (1841-1925) og Andrew (1836-1907) Thompson - ei utfordrande utvandrarfamilie i Vernon Co., WI frå Luster og Årdal - kvar vart det av borni?


Recommended Posts

Eg ønskjer i kveld å leggja ut ein ny utfordrande huslyd frå Wisconsin der eg forsovidt har finne svar på mange av spørsmåli, men so er det alle desse borni som berre forsvinn.

 

Eg trur at alle dei seks borni som eg manglar dødsdatoar på, var ugifte, men kvar vart det av dei og kva tid døydde dei?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Malena Jacobsdotter (Fjøsne), f. i Luster 11.3.1841,

Malena Jackson utvandra med foreldri til Amerika i 1862 og gifte seg i Viroqua, Wis. 20.9.1862 med Anders Andersson frå Nundal i Årdal, i Amerika kjend som Andrew A. Thompson.  Han var son av gardbrukar Anders Thomasson på Nundal og kona Mari Thomasdotter frå Brekka i Årdal og f. der 6.3.1836, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1854.  Andrew og Malena tok visstnok over heimefarmen hans i Franklin township, Vernon Co., Wis. der dei vart buande levetidi ut.  Andrew d. i Vernon Co., Wis. 16.3.1907, medan Malena Thompson d. i Viroqua, Wis. 26.7.1925.  Dei fekk elleve born i lag:

a. Thomas A. Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 28.10.1863,

 

     ##### (listed 1880, 1900 single farmer in Franklin township, Vernon Co., WI – still living 1907 and 1910 – biography needed!)

 

b. Anna Marie, kjend som Mary Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 5.3.1865, d.

 

     ##### (date and place of her death? - perhaps Viroqua, Wis. after 1900/prior to 1907! – possibly Mary Thomson died Vernon Co., WI Dec. 1, 1906?)

 

     Mary var kjolesyerske («dressmaker») og budde heime hjå foreldri på farmen deira i Franklin township, Vernon Co., Wis., ugift.

c. Cecelia Sophie Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 9.1.1867,

 

     ##### (date and place of her death? – prior to 1870!)

 

d. John A. Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 3.4.1869,

 

     ##### (listed 1880, 1900 and 1905, still living 1907 – 1910 farm laborer with bro. Gustav in Franklin township - biography needed! - may have died in Jan. of 1919 – 45-50 years old, influenza, never married, buried Franklin township)

 

e. Cecelia Sophie, kjend som Celia Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 25.6.1871, d. i Viroqua, Wis. 13.9.1940.  Celia gifte seg i Vernon Co., Wis. 17.10.1895 med Anders Tollefson frå Hestetun i Årdal, i Amerika kjend som Andrew Tollefson.  Han var son av innerst og husmannsson Tollef Tollefson frå Bakken under Hestetun og kona Anna Andersdotter frå Prestteigen under Øyri og f. i Årdal 22.4.1867, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1868.  Han d. i Viroqua, Wis.

 

     ##### (place of his death to be verified? - not found Vernon Co., Wis.!)

 

     25.6.1931.  Andrew og Celia farma i Viroqua township, Vernon Co., Wis., men flytte i 1920-åri som pensjonistar inn til sjølve Viroqua, Vernon Co., Wis.  Dei fekk fire born i lag,

f. Christine Severine, kjend som Serena Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 24.7.1873, d. i La Crosse, Wis. 9.11.1958.  Serena var hushaldar og vaskeriarbeidar («housekeeper and laundry worker») og budde dels i Mendota, Dane Co., Wis. og dels i La Crosse, La Crosse Co., Wis., ugift.

g. Albert A. Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 2.10.1875, d.

 

     ##### (date and place of his death? - between 1905 and 1907!)

 

     Albert var farmarbeidar («farm laborer») og budde på heimefarmen i Franklin township, Vernon Co., Wis., ugift.

h. Gustav A. Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 9.9.1878, d. i Vernon Co., Wis. 28.9.1943.  Han gifte seg i Vernon Co., Wis. 7.12.1904 med Marie, kjend som Mary Christopherson, dotter av gardbrukarsonen Anders Christopherson frå Mørkrid i Luster (1837-1912).  Ho var f. i Vernon Co., Wis. 12.3.1884 og d. i Vernon Co., Wis. 1.3.1924.  Gustav og Mary farma først i Franklin township, Vernon Co., Wis., men flytte på 1920-talet til ein farm i Viroqua township, Vernon Co., Wis.  Dei fekk to søner i lag.

i. Thea Eline Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 8.10.1880, d. ugift

 

     ##### (date and place of her death? - between 1900 and 1907!)

 

j. Carl Nelai Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 22.3.1883, d. i Crawford Co., Wis. 2.4.1892.

k. Nina Aleda, kjend som Mina Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 14.4.1885, d. i Viroqua, Wis. 1.6.1935.  Mina gifte seg i Vernon Co., Wis. 1.11.1904 med Stener Bertran Jacobson, f. i Vernon Co., Wis. 31.5.1884.  Han d. i La Crosse, Wis. 14.2.1945.  Stener var tobakkhandlar («tobacco buyer»), og han og Mina farma dessutan i Franklin township, Vernon Co., Wis. og sidan i Viroqua township, Vernon Co., Wis.  Dei fekk fem born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Her er Andrew og Malena med 7 av sine barn i Franklin, Vernon, WI i 1900. Ser at Anna Mary er skrevet som Anna M i denne folketellingen

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MM2J-87M

Hjarteleg takk til Lars J., Åsbjørg og Ole John for interessante bidrag til denne familiesoga!

 

De har alle vore inne på dei «rette» folki, ogso Thomas A. Thompson frå FT1900.

 

Eg meiner eg fann Thomas ogso i 1910, men no ser eg han ikkje...

 

Det er i første rekke Thomas og John som er «problemborni» i denne huslyden, men eg ser ikkje bort ifrå at ein eller fleire av dei andre KAN ha gift seg etter 1900 for so å døy før 1907, og då med eit anna slektsnamn...!?

 

Denne huslyden er ikkje lett å få «orden» på, men eg takkar på ny for framifrå bistand i krafttaki for å løysa desse flokene!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.