Gå til innhold
Arkivverket

Louise J. Barsness og John Wm Freeman - vigsel kring 1890 - dato og stad? - Amerikansk utfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i lengre tid strevd med å finna ut av denne utfordringi:

 

Louise Johanna Barsness, dotter av Ole og Johanna Barsnes frå Hafslo, var fødd i Dane Co., WI 30.9.1865, men voks opp i Buffalo Co., WI.  Ho gifte seg med John William Freeman, fødd i Decatur Co., IN 28.3.1862.  Etter nokre år i Mondovi, Buffalo Co., WI busette dei seg som farmarar i Dover township, Buffalo Co., WI.  I 1916 flytte dei til Montana og i 1926 vidare til Oregon, men denne soga er alt dekt!

 

Utfordringi her er VIGSLI til Louise og John!?

 

Både FT1900 og FT1910 seier oss at dei vart vigde kring 1890, medan nekrologen etter John Freeman frå Oregon 1934 opplyser om at dei gifte seg i Crookston, MN i 1888!

 

Ingen vigsel er registrert for Louise og John i Crookston, MN, men eg finn dei heller ikkje vigde i Wisconsin!

 

** Kva dato og kvar fann denne vigsli stad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

William John Treeman

Wisconsin Births and Christenings, 1826-1926

birth:
14 May 1891
Mondovi, Buffalo, Wisconsin
residence:
1891
Buffalo, Wisconsin, United States
father:
John Freeman
mother:
Louisa Barsnes
 

----

 

John W. Freeman
mentioned in the record of Lenora Johnne Truman Freeman
Name John W. Freeman Birthplace Indiana Gender Male Wife Louse Borsnes Daughter Lenora Johnne Truman Freeman
Other information in the record of
from Wisconsin Births and Christenings
Name Lenora Johnne Truman Freeman Gender Female Birth Date 11 Aug 1892 Birthplace Mondovi, Buffalo, Wisconsin Race White Father's Name John W. Freeman Father's Birthplace Indiana Mother's Name Louse Borsnes Mother's Birthplace Madison, Wis.

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRFC-DBK

 

----

 

John Freeman
mentioned in the record of Abner Oland Freeman
Name John Freeman Birthplace Indiana Gender Male Wife Louise Barsnet Son Abner Oland Freeman
Other information in the record of
from Wisconsin Births and Christenings
Name Abner Oland Freeman Gender Male Birth Date 09 Sep 1894 Birthplace Mondovi, Buffalo, Wisconsin Race White Father's Name John Freeman Father's Birthplace Indiana Mother's Name Louise Barsnet Mother's Birthplace Norway

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRF8-VWR

 

----

 

John M Freeman
Wisconsin State Census, 1905
Name John M Freeman Residence Place Dover, Buffalo, Wisconsin Age (Original) 44y Birth Year (Estimated) Abt 1861 Birthplace Indiana Relationship to Head of Household (Original Language) Head Race White Gender Male Marital Status Married Parent 1 Birthplace Germany Parent 2 Birthplace Germany Page 119
  Household Role Gender Age Birthplace

 

John M Freeman

Head M 44y Indiana

 

Louisa Freeman

Wife F 40y Wisconsin

 

Lenora Freeman

Daughter F 13y Wisconsin

 

Vilus Freeman

Son M 6y Wisconsin

 

Floyd Freeman

Son M 4y Wisconsin

 

Merrill Freeman

Son M 2y Wisconsin

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MMSX-G6L

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for ei oppsummering av opplysningane om denne huslyden som finst i FT1905 og diverse fødselsregister.  Diverre bringer ikkje dette oss noko nærare eit svar på spørsmålet om vigsli deira, som sanneleg er ei hard «nøtt» å knekka!

 

Eg TRUR dei kan ha gift seg i eitt av dei countiane i Minnesota som enno ikkje er medkomne i vigselsregisteret for Minnesota.  Dette gjeld mellom anna Washington, Ramsey og Dakota Cos., som alle ligg mellom Mondovi, WI og Minneapolis, MN og der eg veit at mange nordmenn reiste for å feira bryllaup...  Men det kan òg vera at namni deira er so «misstava» at ein ikkje er i stand til å dra kjensel på dei...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne vigsli!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Eg vil i dag gjerne få ghenta fram att denne kjempenøtti frå 2017.  Eg har diverre ikkje noko nytt å by på når det gjeld denne vigsli.  John Freeman sin OBITUARY seier tydeleg at dei gifte seg i Crokston, MN i 1888, men der finn eg dei ikkje.  Heller ikkje finn eg noki vigsle i Grand Forks, ND der mange unge brurepar frå Polk Co., MN reiste for å gifta seg...  Både FT1900 og FT1910 seier dei gifte seg kring 1890...!

 

Kan dei ha teke vegen over grensa til Canada??

 

Eg ville vorte svært so glad om nokon greidde komma på spor etter denne vigsli og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.