Gå til innhold
Arkivverket

Grenader Jetmund Olson (1708-1780) frå Bjørk i Jostedalen til København - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

For om lag 30 år sidan samla eg desse opplysningane om Jetmund Olson frå Bjørk i Jostedalen som i 1737 flytte til København og aldri kom heim att.  Møysommleg leiting i kyrkjebøkene for Garnisonskyrkjelyden gav dei fleste opplysningane, men diverre mangla den gongen kyrkjebøker for 1746!

 

Er det mogeleg i dag å skaffa fram ein meir fullstendig biografi for denne huslyden?  Til dømes eit skifte etter Jetmann?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jetmund Olson (Bjørk), f. (i Jostedalen) kring 1708, vart trulova i Jostedalen 23.6.1737 med Britha Jensdotter frå Vamberg, f. (i Jostedalen) kring 1715.

 

Jetmann Olsen Lie var yrkessoldat og flytte visstnok alt i 1737 med kona Birthe til København i Danmark.  Jetmann vart der grenader av kaptein Ahrenfeldts kompani, og han og Birthe vart buande i København levetidi ut.  Birthe d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

medan Jetmann Lie d. i København 22.8.1780.  Me kjenner til fem born etter dei;

 

##### (hadde nok fleire fødde i København, som me ikkje veit om, for kyrkjebøkene for Garnisonskyrkja der vantar fram til 1746?)

 

a. Jens Jetmannsen, døypt i Jostedalen 29.1.1736, flytte truleg med foreldri til København i 1737,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

b. Ole Jetmannsen, døypt i København 23.3.1748, vart gravlagd i København 21.5.1748.

c. Ole Jetmannsen, døypt i København 13.7.1749, d. i København 21.2.1755

d. Marthe Jetmannsdatter, døypt i København 4.5.1752, vart gravlagd i København 12.9.1752.

e. Ole Jetmannsen, døypt i København 7.9.1755, d. i København 21.12.1759.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.