Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Ifølgje kyrkjeboki for St. Jørgen hospital døydde ei

 

Antonette Baar Halvorsdatter der 30 juli 1813, 27 år.  Ho er truleg identisk med ei Antonetta Baardsdotter, dotter av Baard Halvorson, som vart døypt i Luster 1.6.1778, men ho er ikkje å finna i FT1801 for Bergen.

 

Finst det pasientprotokollar frå St. Jørgen som kan bidra med fleire detaljar om denne jenta?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane

Eg har ikkje funne henne i denne databasen over pasientar ved St. Jørgen 1687-1822:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/sok/7/100006

 

Altså er det rimeleg å tru at ho ikkje har vore pasient der, men har vore busett i Årstad sokn som låg under St. Jørgen prestegjeld.

Hjarteleg takk til Anita for eit kjapt om enn skuffande svar.

 

Men no ser eg at Antonette ved dødsfallet vart kalla TUKTHUSLEM, og dermed kjem eit nytt spørsmål:

 

Finst det fleire opplysningar om Antonette i tukthusarkivi i Bergen?

 

Eg takkar nok ein gong for hjelpi med denne utfordringi!

Endret av Lars E. Øyane

Det ser ut til at du har rett i at ho kom frå Luster(eller Vik), om du går inn i tingbok for Nordhordland 1812-1815 og søker på Antonette finn du henne der:

 

http://da2.uib.no/da/tb12001813nhl.htm

 

Eg fann henne i designasjonsbok over lemmers medførte klede og gods, samt i ein arbeidsprotokoll. Begge stader som nr 200. Bilete er vedlagt.

post-5866-0-85789300-1483458561_thumb.jpg

post-5866-0-58174200-1483458562_thumb.jpg

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Anita for imponerande opplysningar!

 

Eg har studert vedleggi til augi vart store og våte.  Ho hadde slekt i Danmark, so at ho reiste dit i 1803, er ikkje so overraskande.  Elles er jo dette med namneendringane hennar svært so spennande!  Eg vil referera desse opplysningane til emnet i Brukarforum om huslyden til Halvor Larsson på Bergheim i Luster:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/205744-halvor-larsson-1708-1764-p%C3%A5-bergheim-i-luster-born-og-borneborn-spreidde-i-bergen-og-i-k%C3%B8benhavn-men-kvar-vart-det-no-av-dei/

 

So kan debatten om lagnaden hennar halda fram der...

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.