Gå til innhold
Arkivverket

Peder Larsson Krogen alias Ludwig K. Larsen (1839-1915) - frå Hafslo via Bergen til La Crosse, WI - huslyden hans? - amerikansk utfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg ønskjer i kveld å introdusera ein spennande huslyd frå Hafslo som hamna i La Crosse, WI.  Eg sleit mykje med å fylla ut opplysningar om dei på 1990-talet, men kanskje er det no lettare å finna svar på nokre av dei spørsmåli som framleis står opne?  Det ville gleda meg storveges!

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Larsson Krogen, f. i Hafslo 25.8.1839.

Peder Larsson Krogen flytte i ung alder til Bergen der han 27.11.1870 gifte seg med Martha Hansdotter frå Gjelet under Kjørlog, f. i Luster 12.2.1843.  Peder livnærte seg som matros og tømmermann, og han og Martha budde mellom anna hjå bror hennar i Baneveien og sidan i Bratlandssmuget, på Laksevåg og på Vestre Muralmenning til dei i 1880 utvandra til Amerika, han om våren og ho om hausten.  Peder fór til ein halvbror han hadde i La Crosse, La Crosse Co., Wis., og parfolket vart buande der i byen.  Peder kalla seg ei tid Peter L. Krogen, men halvbroren heitte òg Peter, so Peter Krogen skifte namn til Ludwig K. Larsen.  Han livnærte seg som snikkar og sagslipar («carpenter and saw filer») og budde i La Crosse, La Crosse Co., Wis., men flytte kort før 1910 inn hjå sonen Martin på farmen hans i Sparta township, Monroe Co., Wis. der han d. 4.2.1915.  Martha Larsen flytte då attende til La Crosse, La Crosse Co., Wis. der ho d. 23.6.1938.  Dei fekk ti born i lag, men eitt av desse d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller datoar.  Dei attverande ni borni var:

a. Hans Martin, kjend som John M. Larsen, f. i Bergen 7.7.1871, utvandra med foreldri til Amerika i 1880 og d. i Portland, Ore. 7.1.1940.  John gifte seg i Kansas City, Mo. 10.2.1916 med Martha E.

 

     ¤¤¤¤¤ (middle name?)

 

     kjend som Mattie Curl, f. i Henry Co., Ia. 21.6.1872.  Ho d. i Vancouver, Wash. 31.3.1951.  John Larsen var seljar («salesman»), og han og Mattie budde først i Topeka, Shawnee Co., Ks. og i Hastings, Adams Co., Neb., men flytte i 1923 til Vancouver, Clark Co., Wash.  Dei var barnlause.

b. Anton Severin, kjend som Anton W. Larsen, f. i Bergen 9.3.1873, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1880 og d. i La Crosse, Wis. 10.5.1971.  Han gifte seg i La Crosse, Wis. 18.4.1895 med Louise Mathilda Swedahl.  Ho var f. i Fillmore Co., Minn. 31.5.1875 og d. i La Crosse, Wis. 3.5.1945.  Anton Larsen var smed og sidan butikkmann («blacksmith and hardware salesman»), og han og Louise budde levetidi ut i La Crosse, La Crosse Co., Wis.  Dei fekk tre døtrer i lag.

c. Ludvig Nicolai, kjend som Louis Norman Larsen, f. på Laksevåg 21.12.1874, utvandra til Amerika med foreldri i 1880 og d. i La Crosse, Wis. 21.1.1965.  Louis gifte seg første gongen i Mellette, Spink Co., S.D. 18.9.1907 med Nora M.

 

     ¤¤¤¤¤ (middle name? - initial given as M in marriage record, as L in son Gerald’s birth record! – marriage witness Robert W. Stevens - brother?)

 

     Stevens, f. i Crawford Co., Wis.

 

     ¤¤¤¤¤ (exact date of her birth?)

 

     .9.1876.  Men Nora d. i Mellette, S.D. 16.12.1908, og Louis gifte seg so att

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of his 2nd marriage? – 1916? – perhaps in Winona, Minn.?)

 

     med Mary Jane, kjend som Jane Dudley, f. i Crawford Co., Wis. 14.2.1882.  Ho d. i La Crosse, Wis. 20.8.1966.  Louis Larsen var oljehandlar («oil company salesman») og budde for det meste i La Crosse, La Crosse Co., Wis.  Han fekk ein son, som var frå første ekteskapet.

d. Oluf Johan, kjend som John E. Larsen, f. i Bergen 14.4.1879, utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1880 og d. i Chicago, Ill. 22.4.1972.  John gifte seg første gongen i La Crosse, Wis. 14.8.1901 med Lovina J.

 

     ¤¤¤¤¤ (middle name?)

 

     Latta.  Ho var f. i Smith Co., Ks. 11.12.1880 og d. i Chicago, Ill. 8.2.1922.  John gifte seg so 19.6.1926 att i Wilmette, Cook Co., Ill. med Emilie C.

 

     ¤¤¤¤¤ (middle name?)

 

     kjend som Emily C. Peterson, f. i Cook Co., Ill. 3.6.1893.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (exact date and place of her death? – Midlothian, Cook Co., IL?)

 

     .12.1985. 

 

     ¤¤¤¤¤ (dau: Jean, born Oct. 12, 1927 - married to Walter Danielczuk in Chicago, Ill.!)

 

     John var først trykkeriarbeidar («printer») og budde med første kona si i Chicago, Cook Co., Ill., men flytte med andre kona Emily til Oak Park, Cook Co., Ill. der John var trygdeseljar («insurance salesman»), medan andre kona Emily arbeidde som stenografist («stenographer»).  Dei vart skilde i 1937, og John flytte attende til Chicago, Cook Co., Ill.  Han fekk ei dotter, som var frå andre ekteskapet.

e. Conrad Melvin Larsen, f. i La Crosse Co., Wis. 14.12.1881, d. i Los Angeles, Cal. 8.2.1955.  Conrad gifte seg

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of his marriage? – 1923? – Chicago, Ill.?)

 

     med Louise Bertha Meyer Ellsworth, f. i Chicago, Ill. 9.8.1890.  Ho d. i West Los Angeles, Cal. 5.8.1953.  Conrad var bildelforhandlar («automotive parts dealer»),

 

     ¤¤¤¤¤ (NB: 1930 census calls him a specialty salesman!)

 

     medan Louise var stenografist («stenographer»).  Dei budde i Chicago, Cook Co., Ill., men flytte i 1946 som pensjonistar til West Los Angeles, Los Angeles Co., Cal.  Dei var barnlause, men Louise hadde ei dotter frå første ekteskapet sitt.

 

     ¤¤¤¤¤ (Louise married 1st time about 1911 and had a daughter Ruth Elsworth, born IL 1911/1912! – ?1st married LaPorte Co., Ind. July 14, 1910 to Lords M. Ellsworth – informant 1955: Ruth E. Hanan, born June 28, 1911, died Dec. 6, 1998 as a resident of Glenbrook, Douglas Co., NV)

 

f. Peder Martin, kjend som Martin P. Larsen, f. i La Crosse Co., Wis. 8.7.1884, d. i La Crosse, Wis. 17.2.1917.  Martin var fruktfarmar («fruit farmer») og budde i Sparta township, Monroe Co., Wis., men var ugift.

g. Otto Bernhard Larsen, f. i La Crosse Co., Wis. 21.1.1886, d. i St. Joseph, Mich. 26.10.1968.  Otto gifte seg i St. Paul, Minn. 21.6.1911 med Olga Marie Ranum.  Ho var f. i La Crosse Co., Wis. 23.1.1891 og d. i St. Joseph, Mich. 8.3.1993.  Otto Larsen var trykkeriarbeidar («monotype operator»), og han og Olga budde i Chicago, Ill., men flytte kring 1964 som pensjonistar til St. Joseph, Berrien Co., Mich.  Dei fekk tre søner i lag.

h. Anna Marie Larsen, f. i La Crosse Co., Wis. 18.2.1888, d. i La Crosse, Wis. 25.8.1888.

i. Anna Mathilde Larsen, f. i La Crosse Co., Wis. 20.10.1889, d. i Chicago, Ill. 14.12.1973.  Anna var kontordame («trucking company office clerk») og budde levetidi ut i Chicago, Ill., ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har nettopp greidd å identifisera Emily C. Larsen, f. Peterson i Chicago, IL og har lagt desse opplysningane inn i manuskriptet ovanfor, men framleis manglar detaljar...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.