Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Roland Anfindson Teigen, fødd i Hafslo 1878 - til Amerika 1899 - kvar gjorde han av seg der borte?


Recommended Posts

Eg har i lengre tid freista finna lagnaden til denne ungdomen frå Hafslo som utvandra til Amerika.  Kanskje nokon ser noko som eg har oversett?

 

Roland Anfindson Teigen, fødd i Hafslo 14.2.1878, son av Anfind Johannesson (Offerdal) Teigen (1850-1933) og kona Anna Rolandsdotter (Urnes) (1836-1920), utvandra i 1899 til Amerika og var i 1900 busett som:

 

Robert Anfinson i Stanley, Chippewa Co., WI - lumber yard laborer, single.

 

Han skal ha vore i live då mori døydde på Dale i Hyllestad i 1920, men han er ikkje nemnd då faren døydde same stad i 1933.

 

Er det mogeleg å finna lagnaden hans i Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Har et forslag her:

 

Census 1920:

Robert Urness

Age: 41

Birth Year: abt 1879

Birthplace: Norway

Home in 1920: Forest Grove, Koochiching, Minnesota

Race: White

Gender: Male

Immigration Year: 1899

Relation to Head of House: Lodger

Marital Status: Single

Father's Birthplace: Norway

Mother's Birthplace: Norway

Native Tongue: Norwegian

Able to Speak English: Yes

Occupation: Laborer

Industry: Logging Camp

Employment Field: Wage or Salary

Naturalization Status: Alien

Able to Read: Yes

Able to Write: Yes

Neighbors: View others on page

Household Members:

 

 

Ancestry: Det finnes et familietre på Robert Andrew Urness, f. 1875, han gifter seg i 1905 og kan ikke være den Robert nevnt ovenfor.

World War Draft registration

 

Name: Robert Urness

County: Cass

State: North Dakota

Birth Date: 14 Feb 1878

Race: White

 

 

Farens navn er oppgitt, Anfin Urnes, Kaupanger Sogn Norway

Endret av Randi Elisabeth Haugros

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for fantastiske innlegg!

 

Roland kalla seg altso for Robert URNESS og var farmarbeidar i Casselton, Cass Co., ND i 1918.  Der budde han ogso i 1927 då han dette året, framleis ugift, «utvandra» til Canada med reisemål Gunvald Thompson i Saskatoon, SK

 

http://interactive.ancestry.com/1344/30928_2000913129-00278?pid=2657904&backurl=//search.ancestry.com//cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DcMY679%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-g%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26gsfn%3DRobert%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln%3DUrness%26gsln_x%3DNP_NN%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D1%26MSAV%3D1%26msbdy%3D1878%26cp%3D0%26catbucket%3Drstp%26uidh%3D008%26pcat%3DROOT_CATEGORY%26h%3D2657904%26recoff%3D10%252011%26dbid%3D1344%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D4&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=cMY679&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Sidan ser eg ikkje meir til mannen, so då er spørsmålet om han kanskje døydde i Canada??

 

Han er i alle fall ikkje registrert som avliden i North Dakota!

 

Eg takkar på ny for framifrå innsats og vonar sjølvsagt på fleire oppdagingar...

Endret av Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.