Gå til innhold
Arkivverket

Torbjørn Pederson Heltne/Krossen - fødd 1844 - lekpredikant - g.m. Bertha - til Wisconsin i 1893 - forsvinn etter 1905 - kom dei attende til Noreg?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg har slite med i over 30 år, og som eg aldri har greidd å finna ut av lagnaden til.

 

Noko vidare er eg komen p.g.a. nye amerikanske kjelder, men på noverande punkt står eg «bom fast».

 

Kan nokon i Brukarforum hjelpa meg vidare?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Torbjørn Pederson Heltne, frå Dversdalen under Sandvik, var f. kring 1844 (vantar i kyrkjeboki) og gifte seg 4.3.1864 med Bertha Eriksdotter frå Bringebakken under Dalsøyri, f. 9.4.1831.  Det var kring 1865 at Torbjørn og Bertha slo seg ned som plassfolk her på Krossen, og truleg tok dei over plassen som Ole Larsson og kona hans hadde hatt nokre år før.  Torbjørn var skomakar, og dessutan var han ein vidgjeten lekpredikant.  Han og Bertha vart buande på Krossen fram til 1893.

Torbjorn og Bertha Peterson utvandra til Amerika i 1893 og skal ha butt ei kort tid i Freeman township, Crawford Co., Wis.  Der vert det fortald at dei skal vera farne attende til Noreg (!), men sikre opplysningar om dette har me ikkje vore i stand til å finna; derimot er det meir truleg, som det òg vert fortald, at huslyden sidan flytte til staten Washington, men diverre har me ikkje der vore i stand til å finna ut noko meir om lagnaden deira.

 

##### (1900: Torger and Betsy Peterson farming (owning) in Freeman township, Crawford Co., WI! – in 1905 they are called Thomas and Bessie Peterson (then owning a residential house)! – lagnaden deira??)

 

Torbjørn og Bertha på Krossen fekk seks born i lag:

 1. Christina Torbjørnsdotter (1864‑1899),

Christine Peterson utvandra til Amerika i lag med foreldri i 1893 og gifte seg der borte med gardbrukarsonen, enkjemann Jens Jensson frå Bolstad (1849‑1928) (s.d.).

 2. Anna Torbjørnsdotter (1866‑1866).

 3. Anna Torbjørnsdotter, f. 26.6.1868,

Anna Torbjørnsdotter reiste òg frå Luster i ung alder, men me kan ikkje sjå at ho fór til Amerika i lag med foreldri.  Kvar ho då kan ha teke vegen, er førebels uvisst.

 

##### (lagnaden hennar? – døydde før 1900! - truleg avlidi i Noreg, men ikkje finni i Luster!)

 

 4. Peder Torbjørnson (1870‑1870).

 5. Johanna Torbjørnsdotter, f. 7.5.1872,

Johanna Peterson utvandra til Amerika i lag med foreldri i 1893, men me har førebels ikkje finne ut noko meir om lagnaden hennar der borte.

 

##### (n. 1900 and 1905 – lagnaden hennar?)

 

 6. Petra Andrea Torbjørnsdotter (1877‑1877).

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Når det gjeld dotteri Anna, so ser eg ikkje bort ifrå at ho kan vera avlidi ein eller annan stad i Noreg.  Torbjørn var lekpredikant og har sikkert farta «land og strand» rundt med huslyden sin.  Kanskje døydde Anna på ein av stadane som dei mellombels oppheldt seg?

 

Eg finn ikkje Torbjørn og/eller Bertha i Noreg i 1910, og heller ikkje kan eg sjå noko til dei i Washington!

 

Kvar i all verdi er det vorte av dei etter 1905?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Berre ei liti tilleggsopplysning:

 

Dåpen til Torbjørn Pederson finst ikkje i kyrkjebøkene korkje for Luster eller Hafslo, men eg har no finne konfirmasjonen hans i Hafslo i 1859.  Der er fødselsdatoen oppgjeven til 5.5.1844.  Men om dette hjelper til å finna lagnaden hans, veit eg ikkje...

 

Huslyden skreiv seg forresten i utgongspunktet «Teigen» etter bustaden til foreldri!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.