Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Johannes Pederson - «reisande» som døyper tvillingar i Hafslo i 1766 - kven var han?


Recommended Posts

Ein Johannes Pederson, som etter alt å døma har vore av «reisande» slekt, hadde tvillingdøtrer til dåpen i Hafslo 21.12.1766.  Kona sitt namn er ikkje oppgjeve, men døtrene heitte:

 

** Dorthe Johannesdotter

 

** Christine Margrethe Johannesdotter

 

Siste dåpen på høgre side her: https://media.digitalarkivet.no/view/1992/52

 

og første dåpen på venstre side her: https://media.digitalarkivet.no/view/1992/53

 

Eg mistenker Dortha for å vera identisk med ei Dortha Marie Johannesdotter som gifte seg to gongar i Luster, først 8.1.1788 med John Ingebrigtson Høgaasen(?), og sidan 5.12.1799 med Ole Christopherson.  Dortha og Ole budde i 1801 på Slottet under garden Skildeim i Luster og høyrde til dei «reisande»!  Dortha døydde på Slottet som husmannskone 1.3.1823.  Sjå òg følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/201179-anna-malene-johnsdotter-1787-omstreifardotteri-fr%C3%A5-luster-som-vart-gullsmedkone-i-bergen-lagnaden-hennar-kven-var-faren-john-ingebrigtson/?hl=h%C3%B8g%C3%A5sen

 

Er det mogeleg å identifisera Johannes Pederson og huslyden hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Eg har no søkt lite vetta i Brukarforum og kom over tema #18019 frå 2003 om «Kari med Kjeften og Peder Hesteskjærer»: https://forum.arkivverket.no/topic/103763-18019-omstreifere-kari-med-kjeften-og-peder-hesteskjcrer/?hl=%2Bjohannes+%2Bpedersen+%2Bhesteskj%C3%A6rer

 

I innlegg #5 skriv Nina Berg mellom anna:

 

«Peder Johannesen og Marte Pedersdtr. ca.1730-40?

Barn.

1.Johannes ca.1766 GM.Anne Christiansdtr»

 

Son deira var den Peder f. Lesja 1787 som gifte seg med «Kari med Kjeften»!

 

Det vert elles referert til Jonny Mydland som ei kjelde for opplysningar om denne huslyden...

 

Men kanskje har eg misforstått heile greia?

 

Eg vonar på oppklaring av denne problemstillingi og takkar igjen so mykje for alle gode tips!

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Du har sikkert rett, Grethe, men eg las det som dei hadde GIFT seg i 1766.  Og då ville det jo ha høvd svært so bra...?

 

Vel, då er det vel «back to square #1»...

 

Men kanskje nokon greier å løysa problemet likevel?  Eg takkar på ny for alle gode tips!

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:VWGC-N52

 

Name: Peder Johansen
Birth Date: 25 Aug 1787
Birthplace:
Christening Date: 02 Sep 1787
Christening Place: LESJA,OPLAND,NORWAY
Father's Name: Johannes Pedersen
Mother's Name: Anne Christiansdr
 
Hedmark, Oppland fylke, Dovre, Lesjaskog, Lesja, Øvre Folldal i Lesja, Ministerialbok nr. 3 (1777-1819), Kronologisk liste 1787, Side 240-241- høyre side: 
Permanent bilde-ID: kb20070603470591
 
 
 

Hei!  Det refereres til meg her, men med noe uriktige opplysninger ;-)  

 

Peder Johannesen Nystuen – ”Per Hesteskjærer / Farke-Per”, f.25-8-1787, dpt.13.s.e.Tref. / 2-9-1787 i Lesjagifter seg 23-4-1811 i Fron med Kari Anders­datter – ”Kari med kjeften”, f.ca.1782 i Fron.  Foreldrene hans er

 

Johannes Pedersen, f.ca.1762/63, reiste med Anna Christiansdatter.  Foreldrene til Johannes igjen er

 

Peder Pedersen, f.1736/37. ”Hesteskjærer”.  Gift 1) med Marta Johannesdatter, gravlagt 5-1-1773 i Lesja (Lesja 1732-1776 s653), og da nevnt 48 år gammel. 

 

Med andre ord: Den Johannes Pedersen som dette emnet omhandler KAN passe inn her, men det blir ren spekulasjon foreløpig ettersom jeg bare kjenner en søster av Peder Pedersen som heter Marta Pedersdatter f ca 1740 (noen som vet mer om henne?). 

 

Beste hilsener Jonny

Hjarteleg takk til Jonny for nytt og forsovidt avklarande innlegg.  Det er heilt tydeleg at denne Johannes Pederson som reiste med Anna Christiansdotter, er mykje yngre enn Johannes Pederson som var i Hafslo i 1766, og det er ikkje sagt at dei var av same ætti.

 

Eg sit att med det inntrykket at jo meir ein grev seg ned i denne «materien», jo fleire «reisande» huslydar dukkar opp land og strand rundt!  Det hadde verkeleg vore på sin plass å få eit samla oversyn over desse huslydane, i alle fall for den perioden som me her arbeider med, FØR Eilert Sundt si tid...  Men det er vel ikkje so lett å få til noko slikt...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Johannes Pederson i Hafslo og huslyden hans!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.