Gå til innhold
Arkivverket

Kvar vart det av Isaac Herman Lewis - fødd i Madison, WI 1867 av norske emigrantforeldre? - 1906: «lives in the West»


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Her kjem ei gåte som eg har grubla på i over 30 år.  Kanskje nokon greier å bringa meg på «rett spor»?

 

Hermund Larsson Lingjerde frå Luster (1836-1871) gifte seg i Hadsel, Nordland 10.11.1862 med Gjørond Henriksdotter Sandvik frå Luster (1830-1906).  Dette parfolket budde nokre år på Holmsnes i Hadsel, men utvandra i 1866 med sønene Laurits Christian (1861-1927) og Hartvig Sophus (1863-1904) til Madison, Dane Co., WI der dei kalla seg for Herman og Julia LEWIS.  Ein son var fødd i Amerika:

 

Isach Herman, kjend som Isaac H. LEWIS, fødd i Madison, WI 27.1.1867

 

Isaac gifte seg i Dane Co., WI 21.10.1888 med Helen Elizabeth Colby (1868-1929), og Isaac arbeidde som slaktar «butcher» i Madison, WI, men han og Helen vart skilde alt i 1889 eller 1890!  Helen gifte seg att og flytte til Shawano, WI.

 

Men kva skjedde med Isaac Lewis etter 1890?

 

Den einaste fråsegni eg har om lagnaden hans, er frå obituary etter mori Julia Lewis få 1906.  Der står kort og godt at «Son Isaac lives in the West»!

 

Om nokon greier løysa gåta om lagnaden til Isaac, ville eg verta svært so takksam!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er et giftermål fra 1892. (Family Search). Kan være en mulig kandidat?

Med litt «godvilje» kan vel moras navn tolkes som Julia Sandvik?

 

Name Isaac Lewis Event Type Marriage Event Date 14 Sep 1892 Event Place Gratiot, Lafayette, Wisconsin, United States Gender Male Race White Birthplace Darlington, Wi Father's Name Thos. Lewis Mother's Name Julia Saunders Spouse's Name Theresa Lee Spouse's Gender Female Spouse's Race White Spouse's Birthplace New Diggings, WI Spouse's Father's Name James Lee Spouse's Mother's Name Catharine Donahoe

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. og Leif Erik for spennande innlegg om Isaac Lewis!

 

For å ta det siste innlegget først:  Eg veit eg såg ein Isaac T. Lewis frå Lafayette Co., WI då eg leitte etter «min» Isaac, men han er definitivt ein annan person...

 

Det er utruleg kor mange som heitte Isaac Lewis i Amerika, men dei aller fleste var «Yankees» utan norske røter.  Derimot er eg ganske so sikker på at du Lars J. har finne den rette mannen både i 1920 og i 1930 i St. Paul, MN

 

Og heit sikkert er det òg at det var «vår» Isaac H.Lewis, fødd i WI januar 1867 av norske foreldre som i 1900 var ugift rancharbeidar i Williams Co., ND: http://interactive.ancestry.com/7602/004120525_00471/38594869?backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2fcgi-bin%2fsse.dll%3fgst%3d-6&ssrc=&backlabel=ReturnSearchResults

 

Men alt i 1904 og 1905 og sidan i 1917 er han å finna i «city directories» i St. Paul, MN, so han har not periodevis butt der i ganske so mange år!

 

Men han er ikkje avliden i St. Paul, MN etter det eg kan sjå, so kva lagnad han fekk til sist, er ikkje godt å seia noko sikkert om...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne Isaac Lewis!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.