Gå til innhold
Arkivverket

Aanund Sjurson, fødd Lingjerde i Luster 1689 - verksarbeidar i Årdal - lagnaden hans og huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i lengre tid slite med å finna ut kva som eigentleg skjedde med denne huslyden med røter frå Luster.  Aanund Sjurson og kona Cecilia Nilsdotter flytte visstnok til Årdal kring 1716, og Aanund arbeidde ved verket i alle fall so lenge dette var i drift, til kring 1727.  Huslyden budde framleis i Årdal i 1732, men kvar vart det so av dei?  Eg har òg vanskar med fleire av borni deira...

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Aanund Sjurson, f. {i Luster} kring 1689, gifte seg kring 1714 med Cecilia Nilsdotter frå Kroken, f. {i Luster} kring 1688.

Aanund og Cecilia flytte kring 1716 til Årdal, der Aanund livnærte seg som verksarbeidar.  Han og Cecilia budde visstnok på Grandane under Hovland. 

 

##### (lagnadar etter 1732? – dødsfalli deira?)

 

Me kjenner til sju born etter dei:

a. Asbjørn Aanundson (1715-1780), kom attende til Luster og vart sidan gardbrukar på Lingjerde nedre (sjå nedanfor).

b. Christi Aanundsdotter, døypt i Årdal 1.1.1718,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

c. Nils Aanundson (døypt i Årdal 1.1.1721-1776), kom òg til Luster og hamna som husmann i Dulsviki 3 under Lingjerde (s.d.).

d. Sjur Aanundson, døypt i Årdal 25.4.1723,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

e. Elisabeth Aanundsdotter (1726-1773), kom til Luster og vart her gift med husmann Johannes Olson i Hærishaugen under Hæri (1735-1804) (s.d.).

f. Gro Aanundsdotter, døypt i Årdal 30.4.1730,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

g. Inga Aanundsdotter (1732-1768), vart gift med gardbrukar Aamund Johannesson på Selseng i Sogndal (1735-1813), som ei tid var husmann på Bjørkeneset under Kroken i Hafslo (s.d.).

h. Christen Aanundson (1734-1788), vart husmann på Loi under Kroken i Hafslo (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Asbjørn vart truleg fødd i Luster, medan alle dei andre var fødde i Årdal, med unntak av yngste sonen Christen!  Han finn me ikkje døypt i Årdal, og heller ikkje vart mori introdusert i Årdal.  No finn me mori heller ikkje introdusert etter fødsli av nestyngste barnet Inga, men truleg er dette berre ein «glipp»...!

 

Ellers ser me:

 

* Sonen Asbjørn gifte seg i Vang i Valdres i 1741 og budde der nokre år før han flytte attende til Luster.

 

* Konfirmantlistene for Årdal er heller uoversiktlege, men me ser at Nils Aanundson vart konfirmert i Årdal i 1745 (alder ikkje oppgjeven), medan Elisabeth og Inga vart konfirmerte i Luster, Elisabeth (20 år) i 1747 og Inga (24 år) i 1756.  Båe vart buande i Luster, og ogso Nils og Christen busette seg i Luster.

 

* Eg finn ingen konfirmasjon korkje i Årdal eller i Luster for Christi eller Gro, so kanskje døydde dei i ung alder?  Eg ser heller ikkje noko dødsfall for foreldri Aanund og Cecilia korkje i Årdal eller i Luster, men kanskje er alle desse fire mellom dei mange avlidne som ikkje er registrerte i Årdal på 1730- og 1740-talet?

 

Eg kan elles leggja til at det finst eit manntal over dei som sommaren 1726 arbeidde ved koparverket, og der går det fram at «Aanund Syversen» hadde ei forsørgjarbyrde på 7 personar!  Som me ser ovanfor, hadde han då fem born og kone å førsørgja, so kven var den sjuande personen?  Han sjølv?

 

Eg er spesielt interessert i å finna ut kva som skjedde med Aanund og Cecilia etter 1732, og kvar sonen Christen ḱan vera døypt, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aanund Sjurson var en av de få sogningene som arbeidet ved Årdal kopperverk i mange år. Han finnes i lønningslistene allerede i 1708, men da var det nærmest snakk om en gjesteopptreden. Så var han tilbake igjen i 1718, og fra 1720 må han regnes som fast ansatt ved verket. Han holdt det da gående nesten til driften ble innstilt først på 1730-tallet. Jeg har samlet en del opplysninger om ham, men dessverre har jeg ikke funnet ut noe om hvor det ble av familien senere utover det Lars Øyane selv har funnet ut. Her er mine kommentarer:

 

Aanund og Cecilia flytte kring 1716 til Årdal, der Aanund livnærte seg som verksarbeidar.  Han og Cecilia budde visstnok på Grandane under Hovland. 

 

Med unntak av at Aanund var i Årdal en kort periode i 1798, er dåpen av datteren Christine 1. jan. 1718 det første jeg har funnet i Årdals-kildene om ham. Jeg tror derfor det er mer korrekt at Aanund og Cecilia kom til Årdal ca. 1717.

 

Ved to anledninger, i 1721 og 1730, blir Cecilie omtalt i kirkeboka som Sidselle i Grandene. Dette er ikke Grandene under Hovland, men et område på Farnes der flere av verksarbeiderne bodde. Jeg ville bare skrevet at de bodde på Farnes i Øvre Årdal.

 

##### (lagnadar etter 1732? – dødsfalli deira?)

Jeg har tatt fram noen av de kildene jeg har fra tiden etter at driften ved Årdal kopperverk ble innstilt rundt årsskiftet 1733/1734. På en liste over verkets gjeldsposter, som jeg tror er satt opp i begynnelsen av 1734, er Anun Syversen en av de som har penger til gode. Sommeren 1736 kom det en kommisjon til verket som bl.a. skulle gjennomgå kopperverkets økonomiske status. På denne listen står det at Anun Syversens Enke har 7 rd. 33 sk. til gode. Med et lite forbehold om dateringen av den første lista og at opplysningene der er korrekte, kan vi ganske sikkert slå fast at Aanund døde i perioden 1734-1736.

 

Det er litt påfallende at vi ikke finner begravelsen av Aanund i kirkeboka for denne perioden. Den enkleste forklaringen er at presten har glemt å føre begravelsen i kirkeboka, men er også mulig at Aanund forlot Årdal kort tid etter at driften ved kopperverket ble innstilt. Jeg finner i grunnen ikke noe "livstegn" fra noen i Aanunds familie etter dåpen av datteren Inger (Inga) i 1732. At Aanund og hans enke er nevnt i restanselistene, betyr ikke at de bodde i Årdal. Kan de ha flyttet tilbake til Luster eller et annet sted i Sogn allerede i 1732-1734? Dette kan forklare hvorfor vi savner dåpen av Christen ca. 1734 og begravelsen av Aanund.

 

c. Nils Aanundson (døypt i Årdal 1.1.1721-1776), kom òg til Luster og hamna som husmann i Dulsviki 3 under Lingjerde (s.d.).

Det skal nevnes at det ved dåpen av Nils 1.1.1721 utvilsomt står at faren var Arne ved Verket. Jeg har tidligere ment at Nils derfor var en sønn av Arne Jensen ved verket, men da vi ikke finner kona til denen Arne blant de introduserte denne vinteren, men derimot Sidselle i Grandene, er det vel trolig slik at presten har mistolket navnet eller skrevet feil.

 

Det skal også nevnes at en Nils Amundsen blir konfirmert i 1745. Det kan kanskje ha vært denne Nils, men alderen på rundt 25 år er i høyeste laget. En undersøkelse av alderen på de andre konfirmantene på 1740-tallet, viser at alderen gjerne var rundt 19-20 år.

 

Jeg har for øvrig gjennomgått det jeg har funnet av konfirmasjonslister for Årdal i den aktuelle perioden, dvs. 1736-1739, 1742, 1745, 1747-1749 og 1751, men det er ikke spor av Asbjørn, Christi, Sjur eller Gro i noen av dem.

 

Endret av Knut Bryn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut for eit spennande og interessant innlegg!

 

Nokre kommentarar...

 

Utifrå den erfaringi som eg etter kvart har gjort når det gjeld kyrkjebøkene for Lærdal/Årdal på 1720-1740-talet, vil eg anslå at presten berre har fått med seg om lag 70-80% av dei «ministerielle forretningane» som fann stad, periodevis meir, periodevis mindre.  Berre ein grundig analyse av dåps- og introduksjonsmaterialet samanhalde med dei konfirmantlistene som finst, og ei samla vurdering av totalt tal på fødsler frå år til år, kan gje oss meir nøyaktig anslag over dette.  Til dømes ser me at Cecilia Nilsdotter ikkje er nemnd som introdusert etter fødsli av Inga i 1732, og både dåpen av Christen, som må ha finne stad i 1734, samt introduksjonen av mori same år og gravferdi til faren, truleg òg i 1734 eller seinast i 1735, ser ut til å mangla.  Christen KAN sjølvsagt ha vorte døypt ein annan stad, og likeins KAN Aanund Sjurson vera avliden ein annan stad, men dei finst ikkje i Luster, som ville vore den mest naturlege staden og der kyrkjebøkene for denne perioden synest vera over 95% komplette, i alle fall når det gjeld fødsler, og det manglar ikkje mange dødsfall heller!  Dessutan finst det kommunikantprotokollar for Luster alt frå 1730-åri!

 

Når det gjeld Nils Aanundson og konfirmasjonen hans i 1745, trur eg nok ganske sikkert at dette er «vår» Nils, sjølv om han var 24 år gamal!  Konfirmantlistene frå Luster frå denne perioden gjev oss alder på konfirmantane.  Yngste søsteri Inga var 24 år då ho vart konfirmert i 1756, og som me kan sjå, er mange av konfirmantane 20 år og eldre, ja sogar heilt opp i 27 år: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/214

 

Ein ekstra merknad eg gjerne vil gjera gjeld Cecilia Nilsdotter og ætti hennar.  Foreldri hennar var Nils Anfindson i Kroken og kona Gro Pedersdotter.  Det vart halde skifte etter Nils i Luster i 1717, og det er to døtrer som me ikkje veit noko særleg meir om.  Kanskje har ei av desse (eller båe?) òg vore i Årdal?

 

* Agatha Nilsdotter, fødd kring 1682, eller kanskje noko seinare, vart i 1715 stemnd for leigarmål med søskenbarnet Anfind Johannesson Aarstu i Luster (fødd 1695).  For dette vart ho dømd til tre år i «Spindehuset» i Bergen, og då det på tinget i 1727 vart etterspurt kvar det hadde vorte av ho, vart det sagt at ho sidan ho vart dømd, ikkje hadde synt seg i prestegjeldet, og ingen visste kvar ho hadde vorte av!

 

* Mari Nilsdotter, truleg fødd kring 1685 eller noko seinare, levde ugift i 1717, og lagnaden hennar er ukjend!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg må korrigere meg selv litt. Ved oppdateringen av min egen database ser jeg at regnskapsføreren ved Årdal kopperverk betalte ut lønn til Aanund i juli og august 1716. Det kan derfor godt være at familien hadde flyttet til Årdal allerede da. Sikre kan vi likevel ikke være. Han kan fått seg en "sommerjobb" ved verket mens familien fortsatt bodde i Luster.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut for ny og nyttig kommentar, som eg har notert meg!

 

Eg vil då i mitt manuskript skriva at han flytte til Årdal «kring 1716»...

 

Viktigare for meg er likevel å finna lagnadane til Cecilia Nilsdotter, borni Christi, Sjur og Gro samt søstrene, men det vert sikkert ikkje so lett med dei mangelfulle kjeldene me har å dragast med...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Jeg har nå kommet over enda en mulig sønn av Aanund. Det gjelder en Amund Aasmundsen Aardal som 10. april 1753 giftet seg i Kongsberg med Anna Hans Christoffersdatter Rud.

Dette paret fikk flg. barn:

Denne Amund døde i Kongsberg 1759, og ved begravelsen den 8. juni 1759 er alderen oppgitt til 38 år. Han burde altså være født omkring 1721.

Det finnes skifte etter Amund, men det er skrevet med så liten skrift at det er midlst sagt krevende å få noe særlig ut av det bildet som er lagt ut på nettet:

I et annet skifte fra 1761 får vi noen flere opplysninger. Arvelater var Hans Christoffersen Rud (Rue), som bl.a. etterlot seg datteren Anne Hansdatter Rue som er Enke effter Afgangne Anund Aasmundsen Aardahl. Vi får også vite at Annas mor het Sebella Eriksdatter. Jeg må også nevne at vi i skiftet får opplyst at boet hadde en gjeld på 4 rd. til En bunde Jacob Dahl (...) for udi aaret 1748 å ha mottatt et parti smør. Dette vil jeg tro er Jacob Jansen Dahl, Årdal i Sogn. Det mest interessante her er imidlertid at fornavnet til Amund her er skrevet Anund

Her er ikke helt klare bevis for at denne Amund/Anund er sønn av Anund Sjursen, men tre momenter taler for dette: For det første har jeg ikke klart å finne noen andre menn i Årdal på den aktuelle tiden med navn som Amund/Anund/Asmund. For det andre brukes navneformen Anund i skifte etter svigerfaren, et navn som ellers var ganske ukjent på Kongsberg. For det tredje har vi så dette bergverksmanntallet fra Årdal der Anund Sjursen var oppført med en forsørgelsesbyrde på 7 personer. Vi kjenner 6 av disse, nemlig kona og 5 barna.

 

OBS: Denne Amund var ganske sikkert ikke sønn av Anund Sjursen, men av Asmund Olsen, opprinnelig fra Nundalen. Se innlegg nedenfor. 

Endret av Knut Bryn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut for eit nytt spennande innlegg!

 

Eg veit ikkje om eg er heilt samd med deg i teorien om opphavet til denne Amund/Anund på Kongsberg.  Han nyttar ved eit par høve farsnamnet ASMUND, og me har jo denne dåpen i Årdal frå 30.5.1719 for ein Aamund Aasmundson (Nundal?):

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11593/21

 

Aasmund-namnet er svært uvanleg i indre Sogn, so eg kan godt tenkja meg at personar med dette namnet lett kan ha vorte til Aamund eller Amund.  Men i dette tilfellet kjem Aasmund-namnet fleire gongar på same person!?

 

Me har òg eit anna «problem».  Barneflokken hjå Aanund Sjurson er so pass «tett» på den tidi, at det vel ikkje er plass til nokon fleire born der, med mindre eitt av førenamni er feilskrive, Christi 1718 eller Sjur 1723, som me heller ikkje finn att nokon stad??  Eller kan Christi vera avlidi alt i januar 1718 for å gje plass til eit barn våren 1719 - Aanund???

 

Eg lyt tyggja litt meir på denne saki...

 

Men takkar på ny for framifrå engasjement og bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg må nok trekke denne hypotesen, - som for øvrig var resultat av flere år gamle år notater. Denne Amund/Anund Asmundsen Årdal var ganske sikkert sønn av Asmund/Åsmund Olsen fra Nundalen i Årdal, og døpt i Årdal 30. mai 1719. Dette har jeg funnet ut før, så jeg må tydeligvis se litt mer på kronolgien i notatene mine :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.