Gå til innhold
Arkivverket

Anders Eriksson Heier/Anders Heyer – Kva kvalifiserer som offiser?

Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Ein av mine anar er Anders Eriksson Heier f. 1739 på ukjent stad, død 1793 i Gransherad, gift 18 november 1767 i Sauherad (Sergeant Anders Heyer) med Karen Malene Markusdotter Odden døypt 17. mars 1743 i Sauherad, død 1790 i Gransherad. 

Anders er nemnt som sersjant og løytnant ved ulike kyrkjelege handlingar i åra framover. I Gransherad var det ekserserplass og der hadde han tydelegvis militære oppgåver livet ut. Han døyr også i Gransherad, og etterlet seg fleire born der.

Men kor kom han frå? Heier eller andre variantar av dette namnet finst ikkje som gardsnamn i Telemark, men så vidt eg veit både på Hadeland og i Indre Austfold. Namnet kan også ha dansk eller tysk opphav, men eg hellar helst til Noreg. 

Anders sin militære rang er nemleg slik eg forstår det nokså lågt i hierarkiet, men militær rangordning kan eg dessverre minimalt om. 

Eg har gått igjennom "Fortegnelse over danske og norske Officerer 1648–1814" av Hirsch og Hirsch, likeså Olai Ovenstad (1948):

"Militærbiografier: den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814

Men her finst det ikkje spor av han eller sannsynlege slektningar med miltær rang og liknande namn. Kanskje den militære rangen hans ikkje kvalifiserte til oppføring i desse verka?

Det verkar elles som at Ovenstad i sitt arbeid må ha hatt tilgang til Hirsch og Hirsch sitt omfattande handskrivne verk. Bokstaven H har eg gått relativt grundig gjennom og dei same namna går att både i Hirsch og Hirsch og i Ovenstad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mulig skudd i blinde, men se denne siden:

http://www.eidangerslekt.org/brevik-slekt/brevik-1782/karen-hansdatter-1738.htm

Bla nedover og les under Ole:

Jeg tipser om navnet Heieren i Norderhov, Ringerike. Det er ikke så langt i avstand fra Gransherad og Øvre Telemark som er nevnt her.

Se også denne tråden i dette forum: https://forum.arkivverket.no/topic/188990-forbindelse-til-norderhov-prestegjeld/?p=1600228

Endret av Bjørn Egeland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, Anfinn - tenker de fleste Heier-gårder landet rundt kan passe, inkludert Hejer på Idd som jeg bor på - nå med j men på 1700-tallet med y. Det samme gjelder Heier-gårdene i Rakkestad.

Er du helt sikker på fødselsåret 1739? Både Anders og Erik ble hyppig brukt som fornavn på slekten som bodde her da, og flere var underoffiserer, enkelte flyttet nok også ut. På slutten av 1700-tallet var det også enkelte slekter i bygda som benyttet gårdsnavn som slektsnavn.

Vh Ole Henrik

Dette var jo interessante opplysningar, ikkje minst sersjant Anders Erikssons tilknyting til "Tindsche Compagnie" i Øvre Telemark. 

Endret av Anfinn Bernaas
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, Anfinn - tenker de fleste Heier-gårder landet rundt kan passe, inkludert Hejer på Idd som jeg bor på - nå med j men på 1700-tallet med y. Det samme gjelder Heier-gårdene i Rakkestad.

Er du helt sikker på fødselsåret 1739? Både Anders og Erik ble hyppig brukt som fornavn på slekten som bodde her da, og flere var underoffiserer, enkelte flyttet nok også ut. På slutten av 1700-tallet var det også enkelte slekter i bygda som benyttet gårdsnavn som slektsnavn.

Vh Ole Henrik

Og hei igjen til deg!

Fødselsåret 1739 er nok rekna ut frå oppgjeven alder ved dødsfallet (kyrkjeboka), 55 år i april 1793, mogelegvis også skiftet, men det har eg ikkje sett. Det er berre nemnt i Gransheradsoga. Om han verkeleg er fødd i 1739 skulle han fylle 55 ein gong i 1794. Eg går ut frå at alderen hans er sett slik at han går i sitt 55. år, og såleis fyller 55 år seinare i 1793 eller tidleg i 1794. 

Så om 55 år er rett kan han vera fødd 1738–1739.

Heier i Norderhov, Heier i Rakkestad, Heier i idd. Eg meiner å hugse også Heier i Enebakk. Kanskje er det enda fleire. 

Akershus/Østfold er grenseområde til Sverige og såleis militært særleg aktuelt. Ein militær karriere var truleg meir naturleg her enn i område lenger frå grensa.

Endret av Anfinn Bernaas
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Søk i matrikkelutkastet av 1950 gjev gardsnamn Heier i desse kommunane:

Degernes, Idd, Rakkestad, Torsnes, Trøgstad (alle Østfold), Enebakk (Akershus), Gran, Lunner (Oppland), Norderhov, Tyristrand (Buskerud).

Endret av Anfinn Bernaas
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I boken "Ringerikske slekter - band I" av A. Lagesen kan du lese ættesoga for Heieren i Norderhov hvertfall.

Takk! Eg må visst ta meg ein tur til Drammen bibliotek så snart som råd.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Medan vennlege hjelparar straks ilte til for koma på sporet av Anders Eriksson sitt opphav, blei det andre spørsmålet mitt, om miltær rang og Hirsch og Hirsch og Ovenstad sine militærbiografiar, borte i samanhengen.

Eg tek derfor oppatt avsnittet om i von om at nokon kjenner til dette nokså avgrensa fagfeltet:

Anders sin militære rang [sersjant/løytnant] er nemleg slik eg forstår det nokså lågt i hierarkiet, men militær rangordning kan eg dessverre minimalt om. 

Eg har gått igjennom "Fortegnelse over danske og norske Officerer 1648–1814" av Hirsch og Hirsch, likeså Olai Ovenstad (1948):

"Militærbiografier: den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814

Men her finst det ikkje spor av han eller sannsynlege slektningar med miltær rang og liknande namn. Kanskje den militære rangen hans ikkje kvalifiserte til oppføring i desse verka?

Det verkar elles som at Ovenstad i sitt arbeid må ha hatt tilgang til Hirsch og Hirsch sitt omfattande handskrivne verk. Bokstaven H har eg gått relativt grundig gjennom og dei same namna går att både i Hirsch og Hirsch og i Ovenstad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når det gjeld militær rang er der stor forskjel på sersjant og løytnant. Ein sersjant var ein underoffiser, og var ikkje rekna mellom offiserane. Sersjanter er ikkje omtalt i Hirsch & Hirsch eller Ovenstad, med mindre dei seinare har stige i rang til offiser. Løytnant var ein offisersgrad, og i frå gamalt av var sekondløytnant vel den lågaste offisersgraden (tilsvarer vel fenrik i dagens rang). Mange underoffiserar vart i stillinga som underoffiser karrieren ut. Dei fleste løytnanter har eg inntrykk av gjorde anten karriere og vart forfremma, eller dei fann seg anna livsopphold.

Det er mitt inntrykk òg at Ovenstad har hatt tilgang til Hirsch & Hirsch, dette er vel òg bekrefta i føreordet til Ovenstad, men at han ikkje har gått gjennom alt materialet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til Håvard for nyttig og klar utgreiing!

Eg må nok etterkvart sjå nærare på arkivmateriale etter militærvesenet. Eg har inntrykk av at det er lite bruka i lokalhistorisk arbeid. Kanskje er det vanskeleg tilgjengeleg, d.v.s. ikkje fysisk, men å lese og tolke innhaldet rett.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er ein del militære rullar som er tilgjengeleg digitalt, både her på DA og andre plassar. Det ser imidlertid ikkje ut til å vere mykje som er gjort tilgjengeleg i dette området.

Endret av Håvard Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.