Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Mary T. Swain - frå Sveen i Lom, fødd i Vågå 1867 - til Amerika i 1871 eller 1872 - kven var foreldri hennar?


Recommended Posts

Ole Nelson, fødd i Sogndal 3.10.1866, utvandra med foreldri sine i 1871 til Fillmore Co., MN og gifte seg der 26.3.1889 med ei Mary T. Swain.

 

Frå Amerika er eg vorten fortald at ho var fødd i Lom 7.6.1867 av foreldri Torsten Torstenson Sveen frå Lom og kona Ingeborg Olsdotter frå Ødegard i Vågå.  Huslyden skal ha utvandra til Amerika i 1871 eller 1872!

 

Eg finn ikkje fødsli hennar Mari i Lom, men derimot i Vågå, og datoen stemmer, 7.6.1867: https://media.digitalarkivet.no/view/8918/67

 

Som foreldre er oppgjevne husmann Torsten Torstenson og kona Imbjør Olsdotter Storvigsødegarden!

 

Og her ser eg huslyden i FT1865 på Ødegard i Vågå: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038059004173

 

Er det nokon med lokal kunnskap som kan hjelpa meg med følgjande:

 

* Det ser unekteleg ut til at Imbjør (Ingeborg) Olsdotter har opphavet sitt frå Ødegard i Vågå, men kvar budde Torsten og Imbjørg fram til utvandringi deira i 1871 eller 1872?

 

* Og kva var nøyaktig utvandringsår?

 

* Kva gard/plass i Lom hadde so Torsten Torstenson opphavet sitt ifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Torsten Torstensen Sveen og Imbjør Olsdatter Storvigseie giftet seg 10. mars 1863 i Vågå: https://media.digitalarkivet.no/kb20070130640666

Hans far var Torsten Samuelsen. Alderen som ble oppgitt i 1865 er tydeligvis satt alt for lavt på han; han var 33 1/2 år da han giftet seg.

 

Og da finner vi hans fødsel i Lom (Skjåk) 11. sept. 1829: https://media.digitalarkivet.no/kb20070603510312

Foreldre: Gaardm. Torsten Samuelsen Sveen og kone Magnild Olsdat.

 

Det er nok broren hans (samt to yngre brødre) som er på nordre Sveen i Skjåk i 1865: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038057000253

Hjarteleg takk til Trond og Leif Erik for nye interessante, men ogso forvirrande, innlegg!

 

Eg les at Imbjørg Olsdotter budde i Storevigseiget då ho gifte seg med Torsten i 1863, men Ft1865 syner at faren var GARDBRUKAR på Ødegard.

 

Eg er ikkje kjend i Vågå, men tolkar dette slik:

 

** Storevigsøygarden var plass under Storevig til kring 1864, då Ole må ha kjøpt ut plassen og vorte sjølveigar?

 

Om dette ikkje stemmer, so vonar eg at nokon seier ifrå...

 

Elles saknar eg framleis namnet på bustaden som Torsten og Imbjørg hadde før dei utvandra, samt utvandringsåret deira...?

 

Eg takkar enno ein gong for framifrå hjelp med denne huslyden!

Eg finn barn nr.5 fødd 18/3/1871 i Vågå, da budde dei på Teigpladsen: http://www.arkivnett.ol.no/db/kirkebok/detalj.no.php?PT=Dopte&Post=45576

4 andre barn fødde i perioda 1863-1868, da på Storvigseie/Storviksødegaarden. . 

Finn ikkje familien under utflytta frå Vågå i 1870-73, men den perioda er ganske rotete i kyrkjebøkene der.

Kan heller ikkje finne dei i emigrantprotokollane, kan dei kanskje ha reist frå Gøteborg?

Ifølge folketelling fra Minnesota i 1885, er de fem eldste barna født i Norge, de sju neste (!) er født i Minnesota (og det nevnes to barn til i 1900, men den yngste av dem er visstnok et fosterbarn ifølge opplysningene i Torsteins testamente). Den eldste av de som er født i Minnesota, Turine, er 12 år, så hun er tydeligvis født i 1873. Det stemmer også med opplysningene gitt i 1880. Folketellingen fra 1900 angir Torsteins immigrasjonsår til 1872. Lenkene krever abonnement.

Hjarteleg takk til Kåre og Leif Erik for nye interessante innlegg om denne huslyden!

 

Det høyrest ut som denne utvandringi frå Vågå vert vanskeleg å finna, men 1872 er i alle fall ikkje langt unna sanningi...

 

Merkeleg at dei ikkje finst i skipslistene over Christiania!?

 

Elles sit me att med spørsmålet om denne «Teigpladsen» i Vågå.  Kva gard i Vågå kan denne plassen ha lege under?  Nokon som veit?

 

Eg takkar igjen for framifrå hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kåre for siste avklarande innlegg!

 

Då er bustaden «på plass», og bortsett ifrå det usikre utvandringsåret er problemet då heilt løyst!

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.