Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Knut Ellefson, f. i Luster 1821 - «drukna» i Meløy i 1859 - eller «stakk av» til Amerika - skifte Meløy slutta 1862!?


Recommended Posts

Knut Ellefson, sidan kjend som Knut Rønne Ellefsen, son av Ellef Knutson og Anna Einersdotter, fødd i Luster 30.4.1821, flytte i 1845 til Meløy i Nordland og gifte seg der 25.9.1853 med Serine Judithe Andrea Hansdotter frå Kildal i Meløy, fødd i Meløy 1.3.1834.  Dei budde på plassen Hammaren under Kildal i Meløy og fekk tre born i lag, men so vert det fortalt at Knut forsvann under fiske hausten 1859.  Det står ingen merknad om dette då yngste sonen Ole Johan vart døypt i Meløy 13.11.1859: https://media.digitalarkivet.no/view/2603/202

 

Ifølgje etterkomarar vart liket aldri finne (jmf. kyrkjebøkene for Meløy der ingen gravferd er innførd!).  MEN, so er det at eg har motteke (eg kan ikkje hugsa kvarifrå...) denne referansen:

 

«Skifte etter Knud Rønne 25. august 1862 «punn» Hammern - Film HF 1957, bok 1, side 116b»

 

Dette skiftet er eg ikkje i stand til å finna.  Er det kan henda ikkje skanna??

 

Eg har i mange år hatt ein mistanke om at Knut Ellefson stakk av til Wisconsin, der broren Nils budde, og ein «påfallande identisk» Knut Ellefson dukker opp her:

 

Vigsel Vermont township, Dane Co., WI July 17, 1868:

Knut Ellefson, son of Ellef Knutson and Anna

Anna Halvorson, daughter of I. Halvorson and Thora

Eg ser førebels ikkje noko meir til dette parfolket i Amerika, men likskapen med Knut Ellefson frå Luster er «slåande»!!

 

Serine gifte seg forresten att i Meløy 18.8.1861 med enkjemannen Nils Olai Larsson og fekk ytterlegare seks born med han!  Lysingi deira frå 1861 seier tydeleg at ho vart enkje «for 2 år sidan»: https://media.digitalarkivet.no/view/16596/50

 

Men, som sagt, dødsfallet hans Knut og det nemnte skiftet er hovudutfordringane her, og no vonar eg at nokon kan hjelpa meg «reinska opp» i denne floki...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Finner noe her ang. Knud Rønne

 

SAT, Brønnøy sorenskriveri, 3/3A/L0001: Skifteutlodningsprotokoll, 1859-1867, s. 117
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20090226620118
 

Hjarteleg takk til Carsten for eit svært so interessant innlegg!

 

Det må vera nemnde referanse du har finne, jmf. sidetalet, men diverre ikkje anna enn ei utloddingsliste!  Det hadde vore spennande å sett sjølve registreringi, eventuelt pakken med skiftedokument, som eg reknar med ligg «vel forvart» hjå Statsarkivet i Trondheim...

 

Men er det same mann som gifte seg i Wisconsin??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne problemstillingi!

Den Knut Ellefson som er født 16. okt. 1845 er trolig fra Sør-Aurdal: https://media.digitalarkivet.no/kb20070207620139

 

Den gravlagte kona Anne Iverson Ellefson kan vel være den som giftet seg med Knut 17.7.1868 og som var datter av en Iver Halvorson? (Gards- og ættesoge for Luster kommune. B. 4 : Gaupne sokn, side 794).

Hjarteleg takk til Leif for interessante og avklarande innlegg om Knut Ellefson i Amerika!

 

Opplysningane som du har finne (og som ikkje går fram hjå FamilySearch!) er overtydande, og Knut Ellefson i Amerika er soleis IKKJE den same som Knut Ellefson i Meløy!

 

Dødsfallet til Knut Ellefson i Meløy er framleis ei gåte, men problemstillingi frå dette emnet er løyst!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.