Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Jørgen Ellefson (1826-1901) - frå Luster via Meløy og Buksnes til Tromsø - kona frå Buksnes - svensk svigerdotter i Chicago, IL - huslyden elles?


Recommended Posts

Dette er ein huslyd som har lege «uhandsama» i mange år, men som kanskje no kan utgreiast noko meir?

 

Det er eit problem at kyrkjebøker er mangelfulle i Buksnes.  Likeins manglar detaljar frå Tromsø, men den største utfordringi er kan henda sonen som forsvann til Amerika og den svenske kona hans?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange gode innlegg har eg no oppdatert manuskriptet, og ein ny versjon følgjer i innlegg #9 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

 

Sveriges Befolkning 1880

 

Post 1880-4-12-16
 
Alma Sofia
 
f. 1868 i Ripsa (Södermanlands län, Södermanland)
 
d.
Ogift kvinna, barn i familjen
 
Edeby
Ripsa (Södermanlands län, Södermanland)
 
Registrerad födelseort: Ripsa Södermanlands län
 
 
 
Post 1880-4-12-14
 
Simberg, Carl Fredrik Hjalmar
Skogvaktare f.d.
 
f. 1826 i (Stockholms stad, Uppland)
 
Gift man, far i familjen
 
Edeby
Ripsa (Södermanlands län, Södermanland)
 
Registrerad födelseort: Stockholm
 
 
 
Post 1880-4-12-15
 
Persdotter, Johanna
 
f. 1826 i Lerbo (Södermanlands län, Södermanland)
 
h.
Gift kvinna, mor i familjen
 
Edeby
Ripsa (Södermanlands län, Södermanland)
 
Registrerad födelseort: Lerbo Södermanlands län
 
 
Alma Sofia Simberg fra emiweb.eu
 

post-3741-0-29542900-1485282561_thumb.jpg

Endret av Sven Hjortland

Martha Helene Hansdatters første ekteskap er kanskje dette, nummer 11?

 

Nordland fylke, Buksnes i Buksnes, Klokkerbok nr. 881C01 (1818-1853), Viede 1845, Side 382-383
Permanent bilde-ID: kb20050420020753
 
 
 
????

 

 

Endret av Sven Hjortland

Konfirmasjonen til Marthe Helene Falk Hansdatter:

 

Nummer 15

 

Nordland fylke, Buksnes i Buksnes, Klokkerbok nr. 881C01 (1818-1853), Konfirmerte 1843, Side 482-483
Permanent bilde-ID: kb20050420020789

 

 

Kandidat til  Marthe Helene Falk Hansdatters (pleie?)far:

 

http://vestraat.net/TNG/getperson.php?personID=I38161&tree=IEA

 

FT1801: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058483000950

 

 

Edit: Han kan nok ikke være faren hvis hun heter Hansdatter....  Pleiefar kanskje?

 

 

 

 
Endret av Sven Hjortland

Montana Death Index

Name     Alma Ronne

Event Type     Death

Event Date     12 Feb 1939

Event Place     Gallatin, Montana

Gender     Female

Age     70

Marital Status     Unknown

Birth Year (Estimated)     1869

County     Gallatin


Montana Death Index

Name     Alma Ronne

Event Type     Death

Event Date     12 Feb 1939

Event Place     Gallatin, Montana

Gender     Female

Age     70

Marital Status     Unknown

Birth Year (Estimated)     1869

County     Gallatin


Almas grav: http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=51232488

Berre ei kort melding i kveld (her er sengetid...) for å retta ein hjarteleg takk til og Sven og Jon for kjempemessige opplysningar om Jørgen og huslyden hans, særleg om kona hans og den svenske svigerdotteri i Amerika.  Dette ser bra fullstendig ut, men eg lyt gå igjennom emnet i detalj i morgon og kjem då med ny melding!

So har eg fått samla og «organisert» dei innkomne opplysningane som supplerer manuskriptet mitt for Jørgen Ellefson!

 

Det ser ikkje ut til å vera so enkelt å finna foreldri til Martha Helene Falk Hansdotter, men skuleprotokollane synest gje oss ein alder noko høgre enn den me hadde, fødd kring 1822.

 

Elles fann eg eitt barn av Johan Ingebrigtson og Martha Helene, men dei kan godt ha hatt eitt til...?

 

Den svenske svigerdotteri er elles heilt «komplett».

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstatning for manuskriptet i innlegg #1 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no bytt ut med eit nytt i innlegg #13 nedanfor!

 

Eg takkar endå ein gong for kjempefine opplysningar so langt!

Endret av Lars E. Øyane

Henrik Kornelius døde 18-12-1870

 

SATØ, Tromsø sokneprestkontor/stiftsprosti/domprosti, G/Ga/L0012kirke: Ministerialbok nr. 12, 1865-1871, s. 212
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20050307020880
 

Hjarteleg takk til Carsten for oppdagingi av dødsfallet til Henrik Kornelius.  Opplysningi er innfletta i manuskriptet i innlegg #9 ovanfor!

 

No står det her att å finna:

 

** Utvandringi til Edvard Rønne til Amerika?

 

** Og opplysningar kring opphavi til Martha Helene Falk Hansdotter og første mannen Johan Ingebrigtson?

 

Det siste punktet ser ut til å verta ei kjempestor utfordring; eg har blatt igjennom dei få sidene som finst med barnedåpar for åri kring 1820 og konfirmantane frå 1840-åri, men finn ikkje spor etter mogelege søsken eller foreldre til korkje Martha Helene eller Johan...

 

Men kanskje andre auge ser noko eg ikkje har oppdaga, og eg takkar endå ein gong for kjempefin innsats!

Hjarteleg takk til Sven for nye interessante opplysningar om kona til Jørgen Ellefson og den mogelege ætti hennar!

 

Eg trur so absolutt at du er inne på noko her, og eg har tillete meg å byggja om på manuskriptet mitt der eg omtalar Martha Helene som ei mogeleg dotter av Hans Falk Nilsson og Elen Marie Mathisdotter.  Eg trur òg eg kan ha finne båe foreldri i FT1801 for Buksnes, men dette lyt nok lokale ekspertar sjå nærare på...

 

Her er det nye manuskriptet som erstattar manuskriptet frå innlegg #9 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Jørgen Ellefson (Rønnei), f. i Luster 19.3.1826,

Jørgen Rønne flytte i 1845 med broren Knut til Meløy i Nordland, men fór snart vidare til Buksnes der han 3.11.1851 gifte seg med enkja Martha Helene Falk Hansdotter, opphavleg frå Ballstadøy i Buksnes.  Ho var visstnok dotter av

 

##### (yrkestitel?)

 

Hans Falk Nilsson på Gjerstad,

 

##### (kan dei ha butt på Ballstadøy – og sidan vera flytte til Gjerstad?)

 

opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – kan henda steson på Bolle i Buksnes 1801 – 22 år?)

 

og kona Elen Marie Mathisdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – kan henda stedotter på Ballstad i Buksnes 1801 – 6 år?)

 

og f. i Buksnes kring 1822.  Ho gifte seg første gongen i Buksnes 14.11.1845 med Johan Ingebrigtson frå Stene i Buksnes.  Han var son av

 

##### (foreldri hans? – kan han vera ein bror av Andreas Ingebrigtson 1865 på Leknæs i Buksnes – f. i Ranum (Overhalla) 1814!?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli hans? – Buksnes kring 1817!?)

 

Johan var fiskar, og han og Martha budde på Herteig i Buksnes, men Johan kom bort på sjøen og miste livet 1.5.1847.  Jørgen Rønne var sjømann, og han og Martha flytte snart etter til Tromsø der Martha d. 10.12.1879.  Jørgen var sidan ei tid landhandlar på Sjursnes i Ullsfjord, men d. på sjukehuset i Tromsø 24.3.1901.  Dei fekk seks born i lag, men Martha hadde òg ein son frå første ekteskapet:

a. Johan Zacharias Johansen, f. i Buksnes 28.12.1847, d. på Herteig i Buksnes 6.3.1848.

b. Rasmus Johan Lind Jørgensen, f. i Buksnes 26.7.1850, var fiskar, men d. ugift på Spitsbergen 31.3.1873.

c. Edvard Angell Friis Jørgensen, kjend som Edward F. Ronne, f. i Buksnes 19.7.1852, utvandra til Amerika

 

     ##### (utvandringsåret hans? – før 1879!– 1910 says 1880! – one sailor Edward Ronne lived 1880 in Milwaukee, WI – him?)

 

     og gifte seg i Chicago, Ill. 26.4.1890 med Alma Sophia Carlsdotter Simberg frå Edeby i Ripsa, Södermanlands län i Sverige, i Amerika kjend som Alma S. Simberg.  Ho var dotter av skogvoktar Carl Fredrik Hjalmar Simberg på Edeby, opphavleg frå Stockholm, og kona Johanna Persdotter frå Lerbo i Södermanlands län og f. i Ripsa 12.3.1868, men utvandra til Amerika frå Stockholm i 1887.  Edward var

 

     ##### (norsk for steamfitter? – kalla stationery engineer Proviso, Cook Co., IL in 1910!)

 

     («steamfitter»), og han og Alma budde i Chicago, Cook Co., Ill. der Edward d. etter eit ulukkeshende 24.3.1916.  Alma Ronne livnærte seg sidan som klesvaskar («laundress») i Oa Park og Maywood, Cook Co., Ill., men flytte på 1930-talet til Bozeman, Gallatin Co., Mont. der ho d. 12.2.1939.  Edward og Alma var barnlause.

d. Albert Kristian Jentoft Jørgensen, f. i Buksnes 19.4.1854, var som Rasmus òg fiskar, men d. ugift i Tromsø 3.6.1877.

e. Henrik Cornelius Jørgensen, f. i Tromsø 23.11.1859, d. i Tromsø 18.12.1870.

f. Amanda Johanne Jørgensen, f. i Tromsø 7.7.1862, d. i Tromsø 22.2.1866.

g. Amalie Margrethe Jørgensen, f. i Tromsø 20.10.1864, d. i Tromsø 14.9.1865.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden og lever i voni...

So har eg motteke ei melding frå ein lokalkjend person i Buksnes mellom anna skriv følgjande:

 

«Marthas foreldre er (nokså sikkert): Hans Nielsen Falch (Falk) og Ellen Marie Mathiasdatter.
Johans foreldre er verre å finne, men en kandidat kan være Ingebrigt Koft, f. 1793
Han bodde ei tid på Stene/Steine som dreng, men forsvant derfra. Mor ukjent.»

 

Er det då mogeleg å komma lenger?  I føregåande innlegg har eg gissa på at:

 

** Hans Nilsson Falk (eller Hans Falk Nilsson) kan vera han som i 1801 er 22 år og bur på Bolle i Buksnes, medan

 

** Elen Marie Mathisdotter kan vera ho som i 1801 er 6 år og bur på Ballstad i Buksnes...

 

Men når det gjeld Ingebrigt Koft, fødd 1793, står eg heilt «bom fast».  Kven kan det vera??

 

Eg takkar igjen for alle gode tips om denne huslyden!

Fleire opplysningar er komne til meg frå Buksnes, og mellom anna er eg gjort merksam på at:

 

* Hans Nilsson Falch, 19 år, vart konfirmert i Borge i 1803: https://media.digitalarkivet.no/view/16693/101

 

Då er det eit spørsmål om det kan vera han som i 1801 tente på Mervold i Borge: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058484000605

 

Eg ser forresten at denne karen òg stod konfirmant i Borge i 1803:

 

* Hans Nilsson Nesje, 23 år: https://media.digitalarkivet.no/view/16693/101

 

Men ser me på Nesje i Borge i 1801, so var den Hans Nilsson då berre 16 år gamal: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058484000732

 

So då kan ein jo spørja seg om aldrene i konfirmantlista er å stola på...?

 

Forresten so ser eg ein annan Hans Nilsson i Buksnes i 1801 med alder som høver godt med Hans Nilsson Falch, nemlig denne, son av enkja Elen Johnsdotter Blix på Foygle: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058483000033

 

Ikkje so enkelt dette med so mangelfulle kyrkjebøker...

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med denne huslyden!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.