Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Siri Ellefsdotter (1815-1904) - frå Luster til Øksnes - dotter Ellen fødd i 1851 - forsvinn frå Øksnes etter 1875, men kvar vart ho av?


Recommended Posts

Her følgjer nok ein huslyd som eg har hatt liggjande i mange år utan å komma fram til noki løysing.

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange kjempefine innlegg er dette manuskriptutdraget no erstatta av eit nytt i innlegg #10 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Ellen Ulriksdotter!

Endret av Lars E. Øyane

Vielse nummer 31

 

Rogaland fylke, Skåre i Torvastad, Ministerialbok nr. A 12.1 (1867-1877), Viede 1876, Side 196
Permanent bilde-ID: kb20050922030663
 

Elen Anne Margrethe Ulriksdatter

Norway Marriages, 1660-1926

 
birth:
1851
marriage:
21 September 1876
Haugesund, Rogaland, Norway
father:
Ulrik Andreas Lorentsen
spouse:
Hans Knut Knutsen
other:
Knut Tollaksen

 

Elen Anne Margarethe Ulrick Andreasdatter

Norway Baptisms, 1634-1927

 
birth:
16 September 1851
christening:
2 November 1851
Øksnes, Nordland, Norway
residence:
1851
Nordland, Norway
father:
Ulrick Andreas Lorentsen
mother:
Siri Ellefsdatter

 

Elen Anne Margrette Ulriksdatter

Mother

Norway Baptisms, 1634-1927

   
spouse:
Hans Knut Knutsen
child:
Kasper Severin Hjalmar Knutsen

 

Name

  Kasper Severin Hjalmar Knutsen Gender Male Birth Date 20 Feb 1895 Christening Date 21 Apr 1895 Christening Place Haugesund, Rogaland, Norway Father's Name Hans Knut Knutsen

 

https://media.digitalarkivet.no/view/3048/19538/51

 

Her er hun i 1900

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037255005448

 

En sønn ? død på sjøen ?

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000002257651

 

Her er hun i 1910

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036618009153


Død i 1929

Anna Margrethe Ullriksdatter   Birthdate: circa 1849 Birthplace: Langnæs, Vesterålen, Norge Death: Died 1929 in Strand, Rogaland, Norge Place of Burial: Strand, Rogaland, Norge

 

https://www.geni.com/people/Anna-Margrethe-Ullriksdatter/6000000015221489990


https://media.digitalarkivet.no/view/3658/21634/98

 

Anna Margrete Ulriksdatter Haglund, nummer 5 i 1929

 

Rogaland fylke, Ryfylke, Dødsfallsprotokoll nr. A 4 (1920-1929), Dødsfallsprotokollside, Side 231-232
Permanent bilde-ID: sk10511305071114
 

Berre ei kort melding i kveld (her er sengetid...) for å retta ein hjarteleg takk til Erling, Lars J. og Sven for kjempemessige opplysningar om Ellen og huslyden hennar.  Dette ser bra fullstendig ut, men eg lyt gå igjennom emnet i detalj i morgon og kjem då med ny melding!

No har eg gått igjennom meldingane frå i aftes, og eg er mektig imponert over kva som er komme fram.

 

Eg har no sett opp følgjande «reviderte» manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Siri Ellefsdotter (Rønnei), døypt i Luster 22.10.1815,

Siri Ellefsdotter flytte i 1850 til Nordland, og i 1865 finn me ho att som tenestejente på Alfsvåg i Øksnes.  Ho tente nok også andre stader, men ho d. som legdelem på Alfsvåg 15.8.1904.  Siri var ikkje gift, men fekk ei dotter:

a. Elen Anne Margrethe, kjend som Anne Ulriksdotter, dotter av Siri og fiskar Ulrik Johan Lorentson frå Herøy i Nordland (1825-1879), var f. på Klo i Øksnes 16.9.1851, men flytte i 1876 til Skåre, Torvestad der ho 21.9.1876 gifte seg med Hans Knut Knutson frå Hagland i Skåre, f. i Skåre 20.5.1845.  Hans var sjømann og fiskar, og parfolket busette seg på Risøen i Haugesund, men Hans d. på gamleheimen i Haugesund 8.5.1912.  Anne Hagland d. under eit opphald på Jørpeland i Strand 17.2.1929.  Dei fekk

 

     ##### (kor mange? – dødsmeldingi hennar seier tre born, derav to i Amerika – inkl.:

            * Knud Severin Hjalmar – f. Haugesund 18.7.1877, drukna som sjømann 14.2.1893

            * Caspara Amalia – f. Haugesund 1879

            * Hagbart Emanuel – f. Haugesund 1879 – n. 1900 (Hagbart)

            * Teoline Karine – f. Haugesund 1883 – n. 1900 (Lina)

            * Steffen Olai – f. Haugesund 1885 – n. 1900 (Steffen)

            * Johannes Alexander – f. Haugesund 1888 – n. 1900 (Aleksander)

            * Kaspar Severin Hjalmar – f. Haugesund 20.2.1895 – n. 1900 (Severin) – n. 1910)

 

     born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg finn ikkje borni som er fødde mellom 1877 og 1895, men eg har kanskje ikkje leitt grundig nok...  Elles ser eg at GENI seier ein son forsvann i Amerika, men truleg har det vore ein av dei som er nemnde ovanfor(?).

 

Eg stussa på namnet til barnefaren i 1851, men oppdagar no at Ulrik sidan gifte seg i Øksnes og hadde fleire born der.  Han heitte definitivt Ulrik Johan, medan faren i Herøy heitte Lorents Andreas Ulrikson!

 

Elles takkar eg endå ein gong for framifrå dugnadsinnsats for å komplettera denne biografien!  Eg vert berre meir og meir imponert over Brukarforum!

 

PS: Eg vil gjerne få nemna; eg hadde for drøye 45 år sidan ein lærar på Bergen Handelsgymnasium med namn Hagland.  Han var frå Haugesund, og eg hugsar han ein gong fortalde om ein slektning med namn Hagbart Hagland, eit namn som den gongen vart oppfatta som litt «komisk»...

Endret av Lars E. Øyane

Vielsen til Hagbart og Anne 23-4-1904

 

SAST, Haugesund sokneprestkontor, H/Ha/Haa/L0007: Ministerialbok nr. A 7, 1904-1916, s. 106
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20050902010881
 

 

 


Caspara Amalie døde i 1880

 

SAST, Haugesund sokneprestkontor, H/Ha/Haa/L0001: Ministerialbok nr. A 1, 1878-1885, s. 177
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070102350013
 

Hjarteleg takk til Carsten for fleire utfyllande innlegg om huslyden Hagland i Haugesund!

 

So vidt eg kan forstå, har det då ikkje vore meir enn sju born i denne huslyden:

 

            * Knud Severin Hjalmar – f. Haugesund 18.7.1877, drukna som sjømann 14.2.1893

            * Caspara Amalia – f. Haugesund 11.4.1879, d. Haugesund 16.3.1880

            * Hagbart Emanuel – f. Haugesund 30.1.1881(?) – n. 1900 (Hagbart) – n. 1910 Haugesund (gift)

            * Teoline Karine – f. Haugesund 9.1.1883 – n. 1900 (Lina) – n. 1910  Lina Jøsang, Haugesund

            * Steffen Olai – f. Haugesund 9.8.1885 – n. 1900 (Steffen) – n. 1910 Haugesund (gift)

            * Johannes Alexander – f. Haugesund 1888 – n. 1900 (Aleksander) – utv. 1921

            * Kaspar Severin Hjalmar – f. Haugesund 20.2.1895 – n. 1900 (Severin) – n. 1910)

 

Og med dette har eg forsovidt fått tak i dei opplysningane som eg treng for mitt føremål!

 

Eg takkar endå ein gong for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.