Gå til innhold
Arkivverket

Gunnhild Olsdotter Aase - fødd i Seljord 1854 - opphav og utvandring?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gunnhild Olsdotter skal ifølgje kyrkjeboki frå Seljord vera fødd på ein husmannsplass under garden Åse 3.10.1854 som dotter av husmann Ole Kittilson og kona Ingeborg Halvorsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/1402/100

 

Ifølgje amerikanske folketeljingar frå 1900 og 1920 skal ho ha utvandra til Amerika i 1862 eller i 1863, rimelegvis i lag med foreldri sine, men eg finn ikkje utvandringi deira frå Seljord nokon av desse åri!

 

Derimot finn eg vigsli til foreldri i Seljord 30.12.1850: https://media.digitalarkivet.no/view/1403/106

 

Ved vigsli er oppgjeve fødestadar Sanda og Møglestuen, medan brudgomen budde på Stoa.

 

Diverre er ikkje geografikunnskapane mine for Seljord særleg gode, og eg vonar nokon med lokal kunnskap, eventuelt med tilgjenge til ei bygdebok, kan hjelpa meg finna svar på desse spørsmåli:

 

** Kva heitte husmannsplassen under Åse der Ole og Ingeborg budde?

 

** Kva år utvandra huslyden til Amerika?

 

** Kva gard/plass hadde Ole Kittilson opphavet sitt ifrå?

 

** Kva gard/plass hadde Ingeborg Halvorsdotter opphavet sitt ifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.