Gå til innhold
Arkivverket

Lars Olson Qvale (1784-1834) - frå Luster til Bergen - gift to gongar - minst ei dotter - kven var konene hans, og kva med borni?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande og imponerande innlegg!

 

For det første; det er komme eit svar på spørsmålet om Johanna Marie Johannesdotter kunne vera frå Kongsberg, men ho som me hadde plukka ut frå 1781, er det i alle fall IKKJE.  Kanskje er det ei av dei to andre som eg har finne frå Kongsberg...?  Alderen KAN jo vera unøyaktig...

 

Elles ser det ut til at du har finne alt som trengs om Bertha Christine og mannen Erik Larsen.  Soleis sit me no att med følgjande «hovudspørsmål»:

 

** Dødsfallet til Bertha Helene Larsdotter?

 

** Opphavi til foreldri hennar?

 

** Opphavet til Johanna Marie Johannesdotter?

 

Manuskriptet frå innlegg #12 er no i oppdatert form lagt ut her:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Olson, døypt i Luster 27.1.1784,

Lars Olson Qvale som flytte til Bergen som soldat og som der gifte seg første gongen i Krosskyrkja 30.3.1812 med Johanna Marie Johannesdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – «pr Dramen» 1781!?)

 

men d. i Bergen alt 6.3.1813.  Lars Qvale gifte seg so att i Domkyrkja i Bergen 19.12.1828 med Bertha Helene Larsdotter frå Bergen.  Ho var dotter av matros Lars Johannesson i Bergen, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – trulova 20.9.1778 og vigde i NK, Bergen 9.7.1780!)

 

og kona Bertha Kirstine Thomasdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Bergen 24.9.1786.  Lars Qvale var dragar og budde i Bergen levetidi ut.  Han d. som dragar og almisselem i Bergen 29.6.1834, medan Bertha

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Lars Qvale fekk tre born, eitt frå første ekteskapet og to frå det andre:

 

a. Bertha Marie Larsdotter Qvale, f. i Bergen 26.4.1812, d. som almisselem i Bergen 28.8.1874.  Bertha gifte seg i Bergen 30.6.1837 med Mons Ellingson frå Mossevold i Hamre, kjend i Bergen som Mons E. Mossevold, døypt i Hamre 23.12.1810.  Han d. som enkjemann på arbeidsanstalten i Bergen 10.3.1879.  Mons var dragar og dagarbeidar, og han og Bertha budde i Bergen levetidi ut, men vart skilde kring 1870.  Dei fekk ni born i lag, men Bertha hadde òg ei dotter med ein annan far.

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl. (dødsmeldingi til mori frå 1874 seier «tre myndige born»):

            * Mons Johan, f. Tukthuset, Bergen 29.9.1834 – 1865 gardbrukar Bugten i Lødingen! – d. der 24.5.1868

            * Karina, f. i Hamre 22.11.1836 – ut frå tukthuset i Bergen 1861 – gift Tromsø 1865 – bus. Tromsø 1875

            * Berthe Martine, uekte dotter hennar, f. i DK, Bergen 17.8.1840, d. i Bergen 6.1.1842

            * Ingeborg Marie, f. i DK, Bergen 6.4.1842, d. i DK, Bergen 27.8.1848

            * Ole Johan, f. i DK, Bergen 25.5.1844 – budde 1865 hjå broren Mons i Lødingen!

            * Knut Wilhelm, f. i DK, Bergen 19.9.1846 – nemnd tvangsarbeidar 1870?

            * Henrik Tobias, f. i DK, Bergen 27.4.1849 – n. 1865 – d. Bergen 5.4.1924 (arveforhold ukjend)

            * Ingebrigt, f. i DK, Bergen 1.2.1852 – d. ugift i Bergen 7.2.1926 (arveforhold ukjend)

            * Mons Elling, f. i NK, Bergen 9.8.1854, d. i NK, Bergen 12.10.1854

            * Ingeborg Mathilde, f. i NK, Bergen 4.9.1856, d. i NK, Bergen 6.11.1856)

 

b. Lars Larsson Qvale, f. i Bergen 11.7.1819, d. i Bergen 23.1.1822.

c. Bertha Christine Larsdotter Qvale, f. i Bergen 14.9.1822, d. som maskinistkone i Bergen 19.8.1868.  Bertha gifte seg i Domkyrkja i Bergen 25.5.1845 med Erik Larsson frå Gjerald på Voss, i Bergen kjend som Erik Larsen.  Han var f. på Voss 16.8.1819 og d. på sjukehuset i Bergen 6.10.1892.  Erik var fyrbøtar og sidan maskinist.  Han og Bertha budde i Bergen levetidi ut og fekk seks born i lag.

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Tobine Helene, f. DK, Bergen 6.9.1843

            * Tobias Lars, f. DK, Bergen 7.7.1845, d. DK, Bergen 17.1.1846

            * Ingeborg Christine, f. DK, Bergen 18.5.1850 – n. 1865/1875 (gift med Crispinus Knoph

            * Anna Helene Julia, f. NK, Bergen 22.12.1852 – n. 1865/1875

            * Lars Olai, f. DK, Bergen 25.11.1854 – n. 1865/1875

            * Nils Johannes Eriksen, f. DK, Bergen 13.12.1856, d. NK, Bergen 14.12.1860)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vil endå ein gong få takka for den framifrå hjelpi som du, Grethe, so langt har bidrege med om denne huslyden!  Du er berre heilt fantastisk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan se ut som Birte Helene har en eldre bror Johannes, døpt 1784 i DK

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=27819&personpostnr=81704&merk=81704#ovre

 

Marthe Gurine, 1793

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=29490&personpostnr=86716&merk=86716#ovre

 

Berthe Kirstine Thomasdatter og Lars Johannesen ble gift i Domkirken i 1778:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000200999

 

Karnskje Lars kan være identisk med denne matros Lars Johannesen, f. 1754 i Nykirken - fra matroser i Bergen 1754-1800 (gamle DA):

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=matr1754&gardpostnr=1087&merk=1087#ovre

 

Dåpen til Lars Johannesen i NK?

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=45728&personpostnr=134371&merk=134371#ovre

 

Men som sagt, denne Birte Helene er en kandidat....!

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Denne huslyden har lege meir eller mindre «i dvale» den siste månaden, men eg vil gjerne få retta ein takk til Grethe for det siste innlegget!

 

Johanna Marie Johannesdotter «pr. Drammen» ser det ikkje ut til at me greier gjera so mykje meir med, men når det gjeld Bertha Helene Larsdotter, so er eg ganske so overtydd om at me der har «rett» kandidat i Bertha Helene, døypt 24.9.1786.  Og eg ser at eldste søsteri Johanna Gurine vart døypt i Nykyrkja 14.4.1779:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000005627978

 

Og her har me eit par interessante fadrar:

 

** Thomas Johannessen - kan henda bror til Lars?

 

** Martha Helene Thomasdotter - kan henda søster til Bertha Kirstine?

 

Kanskje er dette Martha Helene Thomasdotter som står brur i Nykyrkja 26.12.1784, då med tilnamnet Steen?

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000778988

 

Og då er dette kanskje dåpen til ein bror Henrich Peter i Nykyrkja 5.3.1746:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=44476&personpostnr=130631&merk=130631#ovre

 

I so fall er foreldri gifte på Fitjar, Stord 19.6.1743: https://media.digitalarkivet.no/view/11670/89

 

Eller er dette dåpen til Martha Helene Thomasdotter i Nykyrkja 19.10.1749 med foreldri Thomas Kittelsen og Gro Eriksdotter?

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=7111&personpostnr=57838&merk=57838#ovre

 

I so fall er foreldri gifte i Årdal i Sogn 30.10.1740: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/83

 

So, det kan sjå ut til at både Lars Johannessen og kona Bertha Kirstine var frå Bergen, men eit stort «mysterium» er framleis:

 

*** Kvar vart det av Bertha Helene Larsdotter (Qvale)?  Eg greier ikkje finna dødsfallet hennar i Bergen!

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og vonar at tidi for «gullkorn» ikkje enno er forbi...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.