Gå til innhold
Arkivverket

Folketeljingi for Bergen 1870 - er det planar om å skanna denne?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

På 1980-talet nytta eg ei folketeljing for Bergen frå 1870, som då vart oppbevart hjå Statsarkivet i Bergen.

 

Ligg det føre planar om å gjera denne tilgjengeleg på Digitalarkivet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kristian for (skuffande) svar!

 

Eg ser for meg nokre viktige arbeidsoppgåver når eg endeleg vert «pensjonist» på heiltid.  Databaseregistrering av FT1870 for Bergen er ei av dei, men òg ønskjer eg å digitalisera dødsmeldingsprokollane for Bergen by fram til 1911 for å fanga opp dei mange personane som manglar i kyrkjebøkene og som, for det meste, døydde andre stadar, til dømes sjømenn...

 

Men kanskje kjem nokon meg i forkjøpet...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Blir du nokon gong ferdig med bygdebøkene for Luster? ;-)

 

Når det gjeld eventuell registrering av kjelder meiner eg at dette bør samordnast, f. eks. av nokon hos Digitalarkivet slik at ein unngår at fleire personar startar opp med det same arbeidet utan å kjenne til kvarandre. Slik samordning er blitt gjort i samband med dugnadsprosjekta for registrering av kyrkjebøker mellom 1800 og 1815 og nyare dødsfallister, men bør også gjelde andre kjelder. Blir slik samordning kanskje gjort allereie?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gode Torbjørn!

 

Eg held no på med siste bandet i bygdebokserien for Luster, som omfattar dei fire siste matrikkelgardane i Hafslo, Kroken, Urnes, Kinserdal og Åsen, men samstundes er eg i gong med å oppdatera opplysningane i dei første bandi, særleg band I-V, og planar ligg føre om å gjera desse bandi, med oppdateringar, tilgjengelege for publikum i ei ikkje so altfor fjern framtid.  Voni er å kunna presentera ei «dynamisk» bygdebok utan tidsavgrensing der «gamle utfordringar» vert tekne opp att, og gamle feil vert retta...

 

Viktig i eit slikt arbeid er at me sikrar tilgangen på nye databaseregistrerte kjelder, og eg er sjølvsagt samd med deg i at all form for «dobbelregistrering» lyt unngås!  Kan henda er den beste løysingi at Digitalarkivet sit med eit oversyn over kva kjelder det er interesse for å digitalisera og kven som eventuelt held på med dei ulike kjeldene?  Det er nok av kjelder å ta av der ute, so me treng ikkje vera redde for å verta arbeidslause med det første...

 

Eg baud forresten for ei tid attende inn til dugnad for databaseregistrering av den eldste kyrkeboki for Lærdal, men alt som vart gjort der, gjorde eg sjølve...  Kanskje den kjelda ikkje har den heilt store interessa for «dei mange»...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 7.3.2017 den 16.32, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Blir du nokon gong ferdig med bygdebøkene for Luster? ;-)

 

Når det gjeld eventuell registrering av kjelder meiner eg at dette bør samordnast, f. eks. av nokon hos Digitalarkivet slik at ein unngår at fleire personar startar opp med det same arbeidet utan å kjenne til kvarandre. Slik samordning er blitt gjort i samband med dugnadsprosjekta for registrering av kyrkjebøker mellom 1800 og 1815 og nyare dødsfallister, men bør også gjelde andre kjelder. Blir slik samordning kanskje gjort allereie?

Hei

Pr i dag har vi dessverre ingen til å lage en oversikt over hvem gjør hva, bortsett fra de dugnadsprosjektene vi jobber med. Men det står på listen over ting vi skal få laget. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 7.3.2017 den 18.14, Lars E. Øyane skrev:

Gode Torbjørn!

 

Eg held no på med siste bandet i bygdebokserien for Luster, som omfattar dei fire siste matrikkelgardane i Hafslo, Kroken, Urnes, Kinserdal og Åsen, men samstundes er eg i gong med å oppdatera opplysningane i dei første bandi, særleg band I-V, og planar ligg føre om å gjera desse bandi, med oppdateringar, tilgjengelege for publikum i ei ikkje so altfor fjern framtid.  Voni er å kunna presentera ei «dynamisk» bygdebok utan tidsavgrensing der «gamle utfordringar» vert tekne opp att, og gamle feil vert retta...

 

Viktig i eit slikt arbeid er at me sikrar tilgangen på nye databaseregistrerte kjelder, og eg er sjølvsagt samd med deg i at all form for «dobbelregistrering» lyt unngås!  Kan henda er den beste løysingi at Digitalarkivet sit med eit oversyn over kva kjelder det er interesse for å digitalisera og kven som eventuelt held på med dei ulike kjeldene?  Det er nok av kjelder å ta av der ute, so me treng ikkje vera redde for å verta arbeidslause med det første...

 

Eg baud forresten for ei tid attende inn til dugnad for databaseregistrering av den eldste kyrkeboki for Lærdal, men alt som vart gjort der, gjorde eg sjølve...  Kanskje den kjelda ikkje har den heilt store interessa for «dei mange»...

Litt usikker på hva du mener når det gjelder den eldste kirkebok i Lærdal.? Vi er interessert i å få den registrert, dersom du har denne eller ønsker å registrere den. Det som allerede er registrert, er offentlige skrifter. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi har mange kirkebøker som venter på å bli registrert. 

Som dere vet så holder man på med å få registrert døde fra perioden 1900 og framover. 

Det er også folktellinger som skal registreres, både for 1875 og 1891

For Sogn og Fjordane er det kun 5 folktellinger i 1891 som er ferdig. Her er f.eks både Lærdal og Luster ledig. 

For 1875-tellingen er det 12 kommuner som ikke er registrert i Sogn og Fjordane. 

 

Så det er mye godt arbeid å starte opp med for alle som har lyst og har tid. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

33 minutes ago, Renathe-Johanne Wågenes - DA said:

Litt usikker på hva du mener når det gjelder den eldste kirkebok i Lærdal.? Vi er interessert i å få den registrert, dersom du har denne eller ønsker å registrere den. Det som allerede er registrert, er offentlige skrifter. 

 

Gode Renathe-Johanne!

 

Takkar so mykje for kommentarar til innleggi mine!  Den eldste kyrkjeboki for Lærdal tek til i 1711 og går fram til 1752.  Ein del av postane frå 1752 er oppattekne i den neste boki som børjar nettopp i 1752.

 

Her er innbjuingi som eg syner til, men som diverre fekk liten respons...:

 

 

Denne basen gjeld for heile dåverande Lærdal prestegjeld.

 

Elles veit eg at perioden fram til 1744/45 for Årdal sokn alt er databaseregistrert og i privat eige, og på grunn av mangelfulle dåpslister har eg sjølv registrert introduserte kvinner vidare fram til 1748, men utelukkande for Årdal sokn.

 

Elles, òg i privat eige, er heile Årdal sokn og prestegjeld databaseregistrert (fødde, vigde og avlidne) frå 1752 til 1900.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Synd at man ikke sender inn for utleggelse når man har gjort et godt stykke arbeid. Å sitte på noe i privat eie som du refererer til her, er jo på en måte at man gjør et stor arbeid, men får ikke anerkjennelse for det. 

Man kan jo risikere at andre gjør det samme og får dette lagt ut på DA, da er jo eget arbeid man har holdt for seg selv litt bortkastet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Utan at eg kjenner til desse konkrete arbeida vil eg tru at eit mogeleg problem kan vere at formatet på databasane og/eller listene ikkje "passar" for utlegging i Digitalarkivet. Eit godt eksempel på dette er dei store samledatabasane frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane som ligg i "gamle" Digitalarkivet. Som du sjølv skriv i den andre tråden:

 

2 timer siden, Renathe-Johanne Wågenes - DA skrev:

(...)

Når det gjelder fylkesarkivet i sogn og fjordane sin database, så blir ikke den lagt ut i nye Digitalarkivet pga alle de feil og mangler som er der.

Databasen kan dessverre heller ikke brukes som grunnlag for en evt. korrektur, da databasen er sortert på en slik måte at det er umulig å gjenskape rekkefølgen av registreringer i en kirkebok. 

 

Databasane til Fylkesarkivet har likevel stor nytteverdi så lenge ikkje nokon har gjort jobben om att, og etter mi meining er det viktigare å få transkribert dei kyrkjebøkene som manglar enn å gjere jobben på nytt for dei kyrkjebøkene som alt er transkriberte. (Ved bruk av databasane bør ein slå opp i dei skanna kyrkjebøkene for å verifisere opplysningane, men dette gjeld også alle andre databasar der ein har originalkjeldene lett tilgjengeleg med nokre tastetrykk og museklikk). Også samledatabasar som f.eks. "Døde i Dale sokn i Fjaler 1894-1977" og "Døde i Holmedal sokn i Fjaler 1895-1969" er nyttige så lenge desse inneheld kyrkjebøker som manglar i "nye" Digitalarkivet.

 

Når "gamle" Digitalarkivet vert lagt ned og det "nye" Digitalpensjonatet ikkje er ope for slike databasar kunne det kanskje ha vore ein idé at slike databasar kunne leggjast ut i privat regi, og at Digitalarkivet prøvde å lage ei samla oversikt over desse. Altså ei "nyttige lenker"-side for kjelder/databasar som finst rundt på nettet.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Elles lurer eg på om det ikkje snart er på tide at FT1923 for Oslo vert lagt ut på Digitalarkivet i komplett versjon. Dette har vore etterlyst for lenge sidan, og Dis Oslo/Akershus har som kjent i mellomtida lagt ut databasen i eigen regi i påvente av at den skulle bli lagd ut på Digitalarkivet.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 minutt siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Elles lurer eg på om det ikkje snart er på tide at FT1923 for Oslo vert lagt ut på Digitalarkivet i komplett versjon. Dette har vore etterlyst for lenge sidan, og Dis Oslo/Akershus har som kjent i mellomtida lagt ut databasen i eigen regi i påvente av at den skulle bli lagd ut på Digitalarkivet.

Det jeg vet er at den er under kvalitetskontroll og at Lars Nygaard har snakket med Slekt og Data nylig om dette. Så den komme nok etter hvert.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.