Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Skilling forkortet med Sh ?


Recommended Posts

Eg vil tru at det i originalen står "Fattigunderstøttet" i staden for "Fattigunderstøttel".

Men dersom "2 Sh Ugen" skulle bety at dei han budde hjå fekk 2 skilling for veka, tykkjer eg at det høyrest lite ut; berre 7 øre,
så eg vil tru det beror seg på feil i transkriberinga.

Skilling vart oftast forkorta s, Sk. eller Skill.

2 skilling = 2/120 spesiedalar = knappe 7 øre per veke eller 1,1 øre/arbeidsdag

er svært lite (sjølv om ein fekk meir for pengane i 1875 enn no.)

 

Eg synest eigentleg det ser meir ut som eit mark/ort-teikn; altså 2 ort. 

Det gjekk 5 ort på på 1 spesiedalar, og nettopp i 1875 vart 1 spd gjort om til 4 kroner.

Altså 2/5*4 kroner = 1,60 kr per veke.  eller 26,7 øre pr arbeidsdag.

 

Ifl Noregs Bank sin historiske statistikk

http://www.norges-bank.no/en/Statistics/Historical-monetary-statistics/Nominal-wages-by-occupation/

hadde ein skomakar ei dagløn på kr. 3,13 i 1875  og fabrikkarbeidarar ca kr 1,15 - 1,40

Det var neppe løn ein vart feit av, men det tyder på at 27 øre er meir realistisk enn 1 øre.

 

Hei.

Stusset litt på at han kun fikk 2 skilling da jeg fant ut at det var svært lite i forhold til arbeiderlønn.

Derfor ble jeg usikker på om det virkelig sto 2 skilling.

 

 

Ved overgangen til kronen i 1875 tilsvarte 1 spesidaler 4 kroner. 1 skilling var altså likeverdig med 31/3 øre.

https://snl.no/skilling

 

Daglønn, etter yrke. Bygder og byer. 1875-1920. Kr

https://www.ssb.no/a/histstat/aarbok/ht-0605-257.html

 

2 ort virker mer "fornuftig". 

 

Mvh

Gunnar

Litt på sida, men ...

I innlegg #7 står eit teikn for mark (ort). Eg har sjølv lurt på kva  som kan vere rett valutateikn for mark (ort). På denne sida:

https://sv.wikipedia.org/wiki/Valutatecken

står at det aktuelle teiknet tyder Pfenning ("tidigare använt i Tyskland").

Har funne eit anna valutateikn som også kan likne på det handskrevne mark (ort) teiknet, men veit ikkje om det er konsensus om kva teikn som er rett å bruke?

Her er det som også kan likne  

 

7 hours ago, Ole Arild Vesthagen said:

Jeg mener også at dette må være tegnet for mark (ort): ₰ slik som Ivar beskriver i innlegg #5.

 

2 hours ago, Kai Løseth said:

Litt på sida, men ...

I innlegg #7 står eit teikn for mark (ort). Eg har sjølv lurt på kva  som kan vere rett valutateikn for mark (ort). På denne sida:

https://sv.wikipedia.org/wiki/Valutatecken

står at det aktuelle teiknet tyder Pfenning ("tidigare använt i Tyskland").

Har funne eit anna valutateikn som også kan likne på det handskrevne mark (ort) teiknet, men veit ikkje om det er konsensus om kva teikn som er rett å bruke?

Her er det som også kan likne  

 

 

Teiknet Ole Arild og svensk wikipedia viser, er penningteiknet, som opphaveleg er eit denarius-teikn - altså ein d.

Tysk wikipedia fortel litt meir.

I dansk/norsk mynt var ein penning 1/12 skilling.

Markteiknet (brukt for ort) er eit anna teikn (kanskje det Kai freista å vise?), men eg kan ikkje finne historia bak det sånn i farta.

 

 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.