Gå til innhold
Nasjonalarkivet

MR Ulstein - kven er Arne Arneson og Margrete Jonsdtr Flø?


Recommended Posts

Kan nokon seie meg meir om bakgrunnen til dette paret? https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058413000103 

 

Dottera Johanne blir konfirmert i Gloppen SF i 1814, og ved folketellinga 1815 er ho i teneste hos Steffen T Hope - så eg trur einkvan av foreldra (eller begge) må ha ei eller anna tilknyting til Gloppen.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Det er vel dette paret som vert gifte i Herøy i 1789: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829630083

Dei vert då kalla u.k. Arne Arnes. Indre Fløe og pige Magrethe Joensdtr. Runde.

 

Margrete Jonsdtr. er nemnt i bygdebok for Herøy her: http://www.nb.no/nbsok/nb/630d4e23762799477f0213f0ce67b460?index=8#251

 

FT1801 Flø Indre: Arne Arneson og Margrete Jonsd, med tre born 3-10 år

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058413000103

 

Ifl. Ulstein og Hareid b. 3 s. 98-99 er Arne son til Arne Andersson (d. før 1790) og Kari Hallsteinsd. Indreflø 1737 - d.før 1801

Det skal vere tinglyst kår 1790 til Arne si mor Kari Hallsteinsd. (enkje).

Arne Andersson bygsla bruket 1758; elles veit ikkje forfattaren noko meir om honom.

 

s.96 (Indreflø): Hallstein Jonsson Indreflø og Kari Olsd Skeide, 

Her er fleire av borna "død før 1809" - som tyder på at det har vore eit skifte i familien.

Dotter Kari f. 1737 død før 1809, med son Arne, også død og etterlet seg sonen Anders.

Mor Kari Olsd arva part i Skeide i sk. 1710 etter faren.

 

Ifl lister presten sende til innrulleringa (utdrag frå kyrkjeboka)

døydde Arne Anderson Indreflø i 1789, 61 år gl.

Arne Arneson 1803, 14 år gl., død eller jordfesta 13.mai

og Arne Arneson 1803, 38 år gl., død eller jordfesta 31.mai

 

Nokre skifte av interesse:

 

Skiftet etter Anne Olsdtr. Runde i 1795 nemner dottera Margrethe Joensdtr. gift med Arne Arnesen Indre Fløe: https://media.digitalarkivet.no/sk20090127630237

 

I skiftet frå 1809 etter Peder Halstensen på Indreflø er søstera Kari Halstensdtr. nemnt å m.a. ha etterlate seg ein avdød son Arne Arnesen, som her berre er nemnt å ha etterlatt seg ein son Anders: https://media.digitalarkivet.no/sk20090127660135

 

Derimot er og broderdatteren Johanne Arnesdtr. i Nordfjord nemnt i skiftet frå 1827 etter Bernt Arnesen Steinsvik: https://media.digitalarkivet.no/sk20090128610143

 

Mange takk! Så langt er eg ikkje klokare på kvifor Johanne vart send til Nordfjord, men ein samanheng MÅ det vel vere.

 

Ho flyttar forresten vidare til Sunnfjord (Kinn) i 1823. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11428&idx_id=11428&uid=ny&idx_side=-160

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
11 hours ago, Inge Nygård said:

I skiftet frå 1809 etter Peder Halstensen på Indreflø er søstera Kari Halstensdtr. nemnt å m.a. ha etterlate seg ein avdød son Arne Arnesen, som her berre er nemnt å ha etterlatt seg ein son Anders: https://media.digitalarkivet.no/sk20090127660135

 

Buet er insolvent, så det er ikkje noko å arve. Då er det ikkje så nøye med å rekne opp alle arvingane; det er nok at dei er representerte.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.