Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Torkild Asbjørnson Winje - fødd i Luster 1763 - konfirmert i 1781 - og so vert han «borte vekk» - er det mogeleg å finna ut kvar han vart av?


Recommended Posts

Dette er ei kjempeutfordring som eg har slite med i mange år utan nokon gong å komma nærare ei løysing!  Kanskje er tidi kommi for å freista dette på ny:

 

Torkild Asbjørnson, yngst av fem born fødde av foreldri Asbjørn Andersson og Ingeborg Torkildsdotter, plassfolk på Vinjane under Bolstad i Luster, vart døypt i Luster 4.3.1763 og vart konfirmert her i 1781.  Alle søskeni hans vart buande i Luster!

 

Men kvar i all verdi kan Torkild ha vorte av?  Vart han kanskje soldat austafjells??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Og han her er det ikkje ?

https://media.digitalarkivet.no/kb20070511680465

dersom lekkja ikkje fungerar:

Løpenr Rolle Navn Stilling/stand Fødselsår Fødested Bosted
1 brudgom Torchild Asbiørens.       Mordøhlen
2 brur Johanne Christens Dr. Enken     Lagene



Forlovelse i Luster 7.5.1801.  Vigselsdato:  11.6.1801

Hjarteleg takk til Jon for nytt og utfordrande innlegg!

 

Diverre, dette er ein namnsbror:

 

Torkild Asbjørnson Mordøhl (1746-1809) var frå garden Mordøla i Luster og gifte seg første gongen i 1774 og andre gongen i 1801.  Han hadde ei einaste dotter fødd i 1778.

 

So, diverre, denne var det ikkje...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.