Gå til innhold
Arkivverket

Øllegaard Jensdotter Bolstad (1829-1877) - gift med Jens Christenson Eide frå Sogndal - vart skilde i Bergen - mannen til Amerika og gift på ny - to døttrer i Bergen, Ingeborg Vigdal og Cathrine Mohn - kvar vart det av desse huslydane?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

????? - fra Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: 

År 1855
Kyrkje  
Flyttedato 14.4.1855
Førenamn Cathrine
Etternamn Thorbjørnsd.
Bustad Balestrand
Yrke  
Gift u
Fødestad Øre
Flytt frå Balestrand
Flytt til til Sogndal
Merknader Alder 32 Aar. - Attest 21/3 55. x

 

År 1856
Kyrkje  
Flyttedato 5.4.1856
Førenamn Markus
Etternamn Torbjørns.
Bustad Øyre
Yrke  
Gift u
Fødestad  
Flytt frå Sogndal
Flytt til Amerika
Merknader

 

Sogn og Fjordane fylke, Stedje, Kaupanger, Norum i Sogndal, Ministerialbok nr. A 12II (1847-1877), Utflyttede 1856, Side 350
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070306610113
 

Sogn og Fjordane fylke, Tjugum, Fjærland (Mundal), Vangsnes i Balestrand, Leikanger, Ministerialbok nr. A 2 (1844-1866), Utflyttede 1855, Side 243
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070302620139
 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Anne for kjempespennande og svært nyttige innlegg!

 

Ikkje berre fann de utvandringi til Cathrina Torbjørnsdotter i 1855, men på same skipet var det fleire huslydar frå Hafslo, og mellom anna var det ein liten gut som det vert sagt om at han døydde på vegen over, berre tre månadar gamal.  Eg visst han døydde tidleg, men ikkje under kva omstende!

 

No veit me at Andrew Sampson, sonen til Cathrina, var fødd i 1855 eller 1856, og då er det eit godt spørsmål om ho har vore gravid då ho utvandra.  Ho hadde vore i Balestrand, og der er namnet SAMSON ein del nytta!  Og sjå kva eg finn på Spring Prairie, Keyeser, WI:

 

* Anders, fødd 22.9.1855 av foreldri ungkar Samson Andersen og jente Trine Thorbjornsdatter - busette Norway Grove, som er nær DeForest, Dane Co., WI!

 

Eg finn ikkje noko ekteskap mellom desse foreldri, men:

 

* Samson Andersson Berge, fødd i Balestrand 1830, utvandra til Amerika i 1857, og:

 

* Samson Anderson og Synneva Pedersdotter gifte seg i Arendahl, Fillmore Co., MN 11.10.1861

 

So då er kanskje det meste av problemet med Cathrina Torbjørnsdotter løyst?  Og kan henda finn me Cathrina og sonen ogso i 1860 og i 1870?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!  Dette er skikkeleg moro!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne for nye kjempefine innlegg!

 

Etter mi meining står det tydeleg Torbions som ættenamn i 1870, so det må vera «vår» Cathrina med sonen Anders.  Dei var med andre ord i Wanamingo township, Goodhue Co., MN både i 1865 og i 1870, men innan 1875 var ho flytt til Cherry Grove township, Goodhue Co., MN der ho budde til ho d. i 1899.

 

Eg har no sete og leitt etter sonen Andrew, men finn ingen som høver nokon stad etter 1880.  Anten døydde han, eller han skifte namn til noko som me ikkje greier kjenna att...?

 

Far hans Samson Anderson (Berge) vart farmar i Canisteo towbship, Dodge Co., MN der han døydde i 1891.

 

Kva med utvandringi til Jens Eide?  Er det nokon som har freista den?  Eg har sett på dei passasjerlistene som er registrerte for Bergen-Quebec 1865-1873 og Bergen-New York 1871-1873, men finn han ikkje i nokon av dei!  Det er FT1900 som oppgjev 1873 som utvandringsår...

 

 

Eg takkar igjen for framifrå forskingsinnsats på denne huslyden og gler meg storveges over kvart «hòl» som fyllast...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.