Gå til innhold
Arkivverket

Sophia Christensdotter Skjolden (1810-1846) - gift i Førde 1843 med Anders Larsson frå Myren i Førde - flytte til Bergen, men ho døydde i barselseng - kvar vart det av Anders? - til Molde? - dødsfalli til døtrene deira i Trondheim?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

** Og endeleg har sikkert bygdeboki for Hol detaljar om Sylte og opphavet hennar Cecilie...?

Har lagt ved side 542 fra "Folk og fortid i Hol. 5 : Ætt og eige : Sør-Hovet framhald, Nord-Hovet, Sudndalen og Strønde" hvor Cecilie er omtalt under Rabbestølen.

 

Mvh Bente

Rabbestølen.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Bente for nye spennande innlegg!

 

Eg ser av bygdboki frå Hol at huslyden flytte til Aukra i 1827.  Det finst ikkje nokon gard Sylte i Aukra i dag, men Fræna vart jo ikkje utskilt frå Aukra før i 1859, og i Fræna er det ein gard Sylte!  Eg ser elles at broren Kittil Nilsson er oppgjeven med Fræna som fødestad i FT1865:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038296003043

 

Då er spørsmålet om opphavet til Cecilia løyst, og eg presenterer her eit oppdatert manuskript som erstatning for manuskriptet i innlegg #18 på førre side:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sophia Christensdotter (Skjolden), døypt i Luster 29.7.1810, konfirmert i Luster i 1825.

Sophia Christensdotter flytte i ung alder til Førde der ho 24.6.1843 gifte seg med Anders Larsson frå Myren i Førde.  Han var son av gardbrukar Lars Nilsson på Myren, opphavleg frå Frøysland, og kona Rakel Pedersdotter frå Myren og var f. i Førde 28.2.1808.  Sophia og Anders flytte straks vidare til Bergen der me finn dei att under namni Anders Larsen og kona Sophie.  Anders livnærte seg so dagarbeidar, og parfolket budde i Muségaten i Bergen der Sophie d. i barselseng 12.11.1846, to dagar etter yngste dotter hennar var fødd.  Anders flytte som enkjemann til Molde der han 20.6.1855 gifte seg att med Cecilie Nilsdotter frå Sylte i Fræna.  Ho var f. på Rabbestølen, Skøro nedre i Hol 13.2.1821, men flytte med foreldri sine i 1827 til Fræna.  Anders, som stundom skreiv seg for Myren, livnærte seg i Molde som bryggjar, men d. i Molde alt 21.3.1857.  Cecilie var sidan ei tid «gangkone» på Reknes stiftelse i Molde, men budde elles på ein plass i Røbækhagen under Årønes i Bolsøy der ho d. som husmannsenkje 22.5.1906.  Anders fekk i alt fire born, tre frå første ekteskapet og eitt frå det andre:

a. Lorentzius Mathias Andersen, f. i Bergen 6.1.1844, d. i Bergen 26.5.1844.

b. Marie Laurine Andersen, f. i Bergen 1.8.1845, d. som byggmeistarkone i Trondheim 3.8.1915.  Marie gifte seg i Domkyrkja i Trondheim 26.5.1872 med John Andreas Johannesson Johansen frå Trondheim, f. i Trondheim 10.4.1844.  Han d. som byggmeistar i Trondheim 17.9.1924.  John tok til som murarsven, men vart so murmeistar for sidan å enda opp som byggmeistar.  Han og Marie budde i Trondheim levetidi ut og fekk sju born i lag.

 

 

     ##### (sjekka borni! – tre born levde att 1915 – inkl.:

            * Anna Sofie, f. DK, Trondheim 9.9.1872 – d. Trondheim 19.2.1900

            * Mathilde Josefa, f. Trondheim 27.3.1874 – n. 1900/1910 – d. i Trondheim 1.9.1968

            * Rosa Margrethe, f. Trondheim 22.4.1876 – n. 1900 (i Dresden for at lære å spille piano!) – g. DK, Trondheim 30.12.1908 med Ole Kristian Solbu, f. Bindalen 1.8.1877 – handelsbetjent – ho musikklærar – Rosa Solbu døydde i Trondheim 31.12.1962

            * John Andreas, f. Vår Frue, Trondheim 23.9.1878 – n. 1900 (murar)/1910 (murmeistar) – d. 26.9.1955

            * Herman Sigvard, f. DK, Trondheim 19.8.1882, d. 4.3.1883

            * Hilda Marie, f. DK, Trondheim 4.5.1884, d. 1885

            * Marie Elisabeth, f. DK, Trondheim 14.7.1887, d. 15.12.1889)

 

 

c. Sophie Randine Andersen, f. i Bergen 10.11.1846, d.

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – dødsfallet vart meldt i Trondheim 3.9.1940!)

 

 

     Ho gifte seg i Domkyrkja i Bergen 15.11.1885 med enkjemannen Edvard Johansen frå Trondheim, f. i Trondheim 6.11.1848,  Han d. som kommunal pensj0nist i Trondheim 29.12.1921.  Edvard gifte seg første gongen i Domkyrkja i Trondheim 31.12.1876 med Johanne Mathilde Persdotter Persen frå Trondheim, f. i Trondheim 14.1.1853.  Ho d. som matroskone i Trondheim 27.7.1882.  Edvard var ei tid båtsmann og matros og budde ei kort tid i Bergen, men flytte oppatt til Trondheim der han vart tømmermann, mellom anna ved det statlege ingeniørvesenet.  Han og Sophie fekk ein son i lag, som d. kort etter fødsli, men Edvard hadde òg tre søner frå første ekteskapet sitt.

 

 

     ##### (sjekka borni! – inkl.:

            * Johan Johansen, f. Trondheim 1876 – n. 1885 Bergen

            * Axel Leonard Johansen, f. DK, Trondheim 16.11.1878 (far sjømann) – n. 1900 ug. murarhåndtlangar!

            * Harald Christian Johansen, f. DK, Trondheim 16.2.1881, d. før 1885!? – ikkje i Bergen!

            * Kristian Bernhard Johansen, f. i SV, Bergen 9.11.1886, d. i Bergen 11.11.1886)

 

 

d. Beate Nicoline Andersen, f. i Molde 5.7.1855, d. på ein gamleheim i Oslo 13.1.1932.  Beate Andersen flytte i ung alder til Trondheim der ho livnærte seg som tenestejente til ho kort etter hundreårsskiftet tok til som tenestejente i Christiania.  Ho var ugift.

 

 

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Attståande hovudutfordringar (jmf. innlegg #22) er soleis no:

 

** Dødsfallet til Johanna Mathilde Andersen mellom 1881 og 1885, rimelegvis i Trondheim?

 

** Dødsfallet til Sophie Randine Andersen etter 1932, rimeligvis i Bakke?

 

** Bygdeboki for Førde kan sikkert gjera greie for om foreldri til Anders var gardbrukarar eller kva?

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå hjelp med å komplettera denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I tilfelle du er interessert i mer om barna til Marie, her er om John og Mathilde:

 

John Andreas Johansen, gift med Alma Sundelin. Trolig barnløs. Bodde trolig på Dovre. Død 26.09.1955. (Dødsannonse, Adresseavisen 01.10.1955.)

Mathilde Johansen, ugift, drev i 50 år barnehage i Trondheim. Død 01.09.1968, 94 år gammel. (Dødsannonse, Adresseavisen 03.09.1968.)

 

Vedlegg: Mathildes dødsannonse.

 

MathildeJohansen.pdf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tore og Carsten for spennande og nyttige innlegg!

 

Då har eg retta opp manuskriptet i innlegg #27 ovanfor og slår fast at berre to av «hovudutfordringane» no står att:

 

** Dødsfallet til Sophie Randine Andersen kort før 3.9.1940?

 

** Bygdeboki for Førde kan sikkert gjera greie for om foreldri til Anders var gardbrukarar eller kva?

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for siste utfyllande innlegget!

 

Då har me fått ei stadfesting av at foreldri til Anders Larsson verkeleg var gardbrukarar på Myren («Myra») i Førde, og ogso denne rettingi er lagt inn i manuskriptet i innlegg #27 ovanfor!

 

No er det berre den eine dødsdatoen frå Trondheim 1940 som står att, men om det ikkje finst ei dødsannonse for Sophie Johansen, lyt me vel til Statsarkivet i Trondheim for å få tak i den...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå dugnadsinnsats for å komplettera denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.