Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Øyanes påskenøtt 2017 #1 - Skomakarmeistar Peter Olsen i Bergen (1785-1851) - barnefødd i Drammen, men kvar budde han og foreldri/søskeni hans i 1801?


Recommended Posts

Dette emnet er henta frå emnet om tobakkspinnar Elling Børresen i Bergen

 

 

og gjeld svigersonen hans:

 

Peter Olsen, døypt på Bragernes i Drammen 1.2.1785 som son av Ole Petersen felbred og Berthe Brynildsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8452/63

 

Peter var komen til Bergen før 1804, for då var han læredreng hjå skomakarmeistar Elling Molle i Bergen: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=3327&merk=3327#ovre

 

Peter gifte seg i Domkyrkja i Bergen 11.6.1809 med Sørentine Ellingsdotter, ei søster av Christian Ellingsen/Børresen, f. i Bergen 19.1.1781, som i 1804 var skomakarsvein hjå den same Elling Molle, men som sidan forsvinn fullstendig (eg er sjølvsagt òg interessert i opplysningar om lagnaden hans!!)!!

 

Foreldri til Peter Olsen, Ole Petersen og Bertha Brynildsdotter, fekk desse borni:

 

* Petter Olsen, døypt Bragernes 25.1.1783

 

* Peter Olsen, døypt Bragernes 1.2.1785

 

* Berendt Olsen, døypt Bragernes 4.9.1787

 

* Kirstine Olsdatter, døypt Bragernes 16.12.1789, vart gravlagd 19.7.1790

 

* Elisabeth Olsdatter, døypt Bragernes 30.12.1791

 

Alle er døypte på Bragernes, men eg kan ikkje sjå noko til denne huslyden i 1801!?

 

Den store «påskenøtti» her er å finna ut kvar denne huslyden budde i 1801 og spesielt kvar Peter var?

 

Korleis i all verdi kan det ha seg at han hamna i Bergen av alle stadar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ønskjer God Påske!

Endret av Lars E. Øyane

Ole Petersen Feldbereder døde i 1792

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000001137333

 

Enken Berthe Brynhildsdtr gifter seg på nytt 15/12 1792

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000001199635

 

De får en datter Ingeborg Malene i 1797

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000005593608

 

Det må være hun som blir viet i Korskirken i 1820

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000001192929

 

Finner ikke Berthe og Ingeborg Malene i ft 1801, men det kan være Syver Andreas Wold som bor i Christiania og står som fraskilt.

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000001192929

 

Kan det være datteren Elisabet/Lisbet som er i Asker i ft 1801

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058218002284

Det kan være sønnen Berent som er tjenestgutt i Hurum

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058278002199

Hjarteleg takk til Anne for eit kjempespennande innlegg om denne huslyden!

 

Særleg likte eg at du fann dødsfallet til Ole Petersen feldbereder i 1792 og den nye vigsli til mori Bertha.  For ikkje å gløyma Ingeborg Malene og vigsli hennar i Bergen!

 

Skal me tru at det er Bertha som er kommi over fjellet og har hatt med seg i alle fall Peter og Ingeborg Malene?

 

Eg såg forresten at bustaden deira var på Landfaldøen på Bragernes då Elisabeth vart døypt i 1791: https://media.digitalarkivet.no/view/8452/109

Og eg ser det var ogso dødsstaden til Ole året etter.  Er ikkje Landfaldøya ein bydel i Drammen?

 

Det er vel neppe so mykje meir å finna ut om denne huslyden, men om nokon greier å finna Bertha og dotteri Ingeborg Malene i 1801, ville eg vorte svært so glad!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå hjelp med denne påskenøtti!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.