Gå til innhold
Arkivverket

Nils Skakson Tokle (1797-1851) - ein frustrerande huslyd som flytte frå Luster via Tokle i Grytten og vidare til Kirkenes i Sør-Varanger - kvar vart det no av alle desse borni?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

På 12.4.2017 den 21.06, Lars E. Øyane skrev:

c. Nanna Nilsine Jacobsdotter Berg, f. i Sør-Varanger 7.8.1869,

 

     ##### (n. 1875/1900 og 1910 ugift telegrafist – lagnad?)

 

Nanna Nilsine Berg døde 30.11.1943 i Vadsø.

 

Søk etter gravlagte i Vadsø: http://www.vadso.kirken.no/index.phtml?pid=4220

 

01.B.10.18 Nanna Nilsine Berg Vadsø 17.08.1869 30.11.1943

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Tore og Lars W. for mange fine og spennande innlegg om denne huslyden!

 

Det er svært kjekt for meg å slå fast at talet på manglande detaljar er på veg ned.  Dei viktigaste attståande utfordringane pr. i dag synest vera:

 

** Lagnaden til eldste dotteri Petrina og mannen Amund?  Døydde ho kan henda i Noreg før mannen utvandra?

 

** Lærarutdanningi til Johannes Haaheim?

 

** Lærarutdanningi til Johan Winther Hulaas og lagnaden deira?

 

** Dødsfallet til vesle Skak Nilsson?

 

** Detaljar kring opphavi til Jacob Bertheusson Berg og første kona hans?

 

** Lagnaden til Pauline Johanne Berg, fødd 1856?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Skakson Tokle, soneson av føregåande og frå Vinjane 2 under Hauge, vart døypt 11.3.1797 og gifte seg 21.11.1830 i Luster med Anna Pedersdotter frå Unhjem i Grytten. Ho var dotter av gardbrukar Peder Larsson på Unhjem, opphavleg frå Heen, og andre kona Eli Olsdotter frå Stavem og vart døypt i Grytten 3.10.1802.  Truleg flytte Nils hit til plassen alt medan bestefaren levde, og medan mori dreiv hin plassen på Vinjane.  Nils og Anna vart buande på denne Vinjeplassen til plassen vart nedlagd kring 1848, og jordi gjekk attende til garden.

Nils og Anna flytte kring 1848 til Grytten i Romsdalen der dei vart gardbrukarar på Tokle.  Nils d. som gardbrukar på Tokle alt 20.5.1851, og Anna Tokle flytte i 1861 som enkje til son sin som den gongen budde i Lyngen.  Sida flytte ho vidare med sonen til Jarfjord og so til Klokkargarden i Kirkenes i Sør-Varanger der ho d. som enkje 15.4.1879.

Nils og Anna fekk fire born i lag:

 1. Skak Nilsson (1834-1834).

 2. Anders Nilsson, f. 4.4.1835,

Anders Nilsson Tokle flytte i 1848 til Romsdalen og sidan til Tromsø der han tok lærarskuleeksamen i 1860.  Han gifte seg i Tromsø 28.12.1860 med Christopha Andrea Hartvigsdotter frå Tromsø.  Ho var dotter av sjømann og fiskar Hartvig Normann Mikkelsen i Tromsø, opphavleg frå Gjerdet i Lyngen, og kona Martha Johanne Bertheusdotter frå Tromsø og f. i Tromsø 8.6.1843.  Etter ei kort tid som skulelærar i Lyngen vart Anders kring 1862 tilsett som skulelærar og kyrkjesongar (klokkar) i Sør-Varanger, og han og Christopha budde ei tid i Jarfjorden til dei kring 1865 flytte inn på Klokkargarden i Kirkenes.  Anders Tokle var attåt læraryrket òg ordførar i Sør-Varanger i fleire periodar.  Christopha d. i Kirkenes 28.6.1915, medan Anders Tokle d. same staden som lærarpensjonist 22.3.1916.  Dei fekk ni born i lag:

a. Petrina Michalina Andersdotter Tokle, f. i Lyngen 23.4.1861, d.

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

 

     Petrina gifte seg i Sør-Varanger 22.9.1883 med Amund Jacobson frå Mohaugen under Moen i Vestre Gausdal, f. i Vestre Gausdal 31.5.1857. 

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

 

     ##### (yrke og bustad? – 1883: snikkar Vardø – 1885: snikkar hjå foreldri hennar i Klokkargarden i Kirkenes! – Amund utvandra til Amerika i 1888!! – reisemål Winnipeg, MB!)

 

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

 

b. Nilsine Antona Andersdotter Tokle, f. i Sør-Varanger 21.1.1863, d. i Sør-Varanger 13.12.1863.

c. Nils Anton Andersson Tokle, f. i Sør-Varanger 29.10.1864, d. i ugift i Kirkenes 17.6.1884.

d. Marie Gjertine Andersdotter Tokle, f. i Sør-Varanger 17.3.1867, d.

 

 

     ##### (dødsstaden hennar?)

 

 

     16.6.1947.  Marie gifte seg i Sør-Varanger 19.10.1885 med Johannes Johnson Haaheim frå Håheim i Ulvik, f. i Ulvik 21.6.1862.  Han d. som lærar på Neiden i Sør-Varanger 19.6.1928.  Johannes Haaheim var lærar

 

 

     ##### (kvar utdanna?)

 

 

     og han og Marie busette seg på Fosnes (Fosheim), Neiden i Sør-Varanger der dei dreiv internat og gardsbruk attåt læraryrket til Johannes.  Johannes var òg ei tid ordførar i Sør-Varanger.  Han og Marie fekk seks born i lag.

e. Christianne Gjeremine Andersdotter Tokle, f. i Sør-Varanger 24.5.1869, d. i Kirkenes 17.10.1883.

f. Helga Elise Andersdotter Tokle, f. i Sørvaranger 16.9.1871, d.

 

 

     ##### (dødsstaden hennar? – dødsannonse Aftenposten!)

 

 

     2.6.1975.  Helga Tokle var fotograf og virka i Kirkenes frå kring 19o0 til ho i 1922 tok over ei fotografforretning i Drøbak og flytte dit. 

 

 

     ##### (dreiv denne til 1933 – sidan kva?)

 

 

     Ho var ugift.

g. Christopha Andrea, kjend som Andrea Andersdotter Tokle, f. i Sørvaranger 2.1.1874, d.

 

 

     ##### (dødsstaden hennar? – dødsannonse Aftenposten 14.12.1942!)

 

 

     11.12.1942.  Andrea gifte seg i Sør-Varanger 28.11.1902 med Johan Winther Henrikson Hulaas frå Bøstad i Borge, f. i Hadsel 26.11.1876.  Han d.

 

 

     ##### (dødsstaden hans?)

 

 

     1.4.1960.  Johan og Andrea var båe lærarar, Andrea med lærarskuleeksamen frå Tromsø i 1897, og budde først i Vadsø

 

 

     ##### (seinare bustadar?)

 

 

     Dei fekk to born i lag.

h. Aagot Therese Andersdotter Takle, f. i Sør-Varanger 7.5.1876, d. i Sør-Varanger 17.9.1877.

i. Aage Reckner Andersson Tokle, f. i Sør-Varanger 30.8.1880, d. i Sør-Varanger 6.5.1881.

 3. Skak Nilsson, tvilling, f. 21.9.1839,

Skak Nilsson flytte

 

 

##### (truleg òg flytt med foreldri til Romsdalen kring 1848, men d. før 1851! – dato og stad for dødsfallet hans?)

 

 

 4. Eli Nilsdotter, likeins tvilling og f. 21.9.1839,

Eli Nilsdotter Tokle flytte med foreldri kring 1848 til Tokle i Grytten og i 1861 vidare imlag med mor si til Lyngen.  Ho gifte seg Sør-Varanger 9.10.1863 med enkjemannen Jacob Bertheusson Berg frå Balsfjord, Tromsø.  Han var son av skippar Bertheus Petersen i Balsfjord, Tromsø, opphavleg frå

 

 

##### (opphavet hans? – Balsnes? – f. Tromsøsundet 1806!?)

 

 

og kona Gunnhild Olianna, kjend som Olianna Jacobsdotter Holthe frå Trondheim

 

 

##### (sjekka om dette stemmer?)

 

 

og f. i Tromsø 13.9.1832.  Jacob gifte seg første gongen i Vadsø 2.10.1855 med Nanna Sabine Arndtsdotter Hald frå Kåfjord i Talvik.  Ho var dotter av

 

 

##### (yrkestitel?)

 

 

Arndt Alexander Olson Hald i Kåfjord i Talvik, opphavleg frå Hammerfest, og kona Inger Cathrine Pedersdotter Nørager frå

 

 

##### (opphavet hennar? – Bossekop i Alta?)

 

 

og f. i Talvik 2.10.1833.  Men Nanna d.

 

 

##### (dødsstaden hennar? – kan henda Langfjord i Sør-Varanger?)

 

 

alt 28.1.1860.  Jacob var landhandlar, jordbrukar og «rettighetsmann«, sidan òg fiskar, og dei budde i Bøgfjordlien i Sør-Varanger, men flytte kring 1880

 

 

##### (sjekka dette?)

 

 

til Vadsø der Jacob Berg livnærte seg som snikkar.  Han d. i Vadsø 27.10.1908, medan Elen Berg d. som enkje same staden 8.2.1922.  Jacob fekk i alt tre born, to frå første ekteskapet og eitt frå det andre:

 

 

##### (kan henda fekk dei fleire born? – oppl.!?)

 

 

a. Pauline Johanne, kjend som Johanna Jacobsdotter Berg, f. i Vadsø 13.8.1856,

 

 

     ##### (1855/1856 – n. 1865/1875 – lagnad?)

 

 

b. Ole Bernhard Jacobson Berg, f. i Sør-Varanger 13.8.1858,  gifte seg i Sør-Varanger 28.8.1881 med Helleborg Margrethe, kjend som Margrethe Trondsdotter Gade frå Renøsund i Sør-Varanger, f. i Sør-Varanger 21.7.1860.  Ole var fiskar, og han og Helleborg budde ei tid som innerstfolk på Ropelv i Sør-Varanger, men utvandra i 1888 til Amerika med reisemål Marquette, Mich.  Etter kortare periodar i

 

 

     ##### (MN and MI)

 

 

     finn me dei att under namni Ole og Helleborg Berg som farmarar i Coleman township, Marinette Co., Wis. der Ole d.

 

 

     ##### (place of his death?)

 

 

     26.9.1924.  Helleborg Berg d.

 

 

     ##### (place of her death?)

 

 

     4,11.1944

 

 

     ##### (seinare lagnad? – 1910/1920 Beaver township! – 1930 she with dau Nan i Menominee, Menominee Co., MI!)

 

 

     Dei fekk ni born i lag.

 

 

     ##### (borni – 1900: 8 ch/6 living – 1910: 9 ch/6 living):

            * Inga Therese Berg, f. Sør-Varanger Apr. 1885 – utv, 1888 – listed 1900 – died 1907

            * Olaf Berg, f. Aug. 1887 – utv. 1888 – listed 1900/191071920

            * Oviva Berg, f. MN Dec. 1889 – listed 1900/1910/1920

            * Clara Marie Berg, f. Humboldt, Marquette Co., MI Jun. 1891 – listed 1900/1910

            * Nanna Jensine Berg, f. Beaver, Clark Co., WI Dec. 27, 1896 – listed 1900/1910/1920

            * Harold Fretz Berg, f. WI Sep. 4, 1894 – listed 1900

            * Luvise Berg, f. WI 1904/1905 – listed 1910/1920 (Anita)

 

 

c. Nanna Nilsine Jacobsdotter Berg, f. i Sør-Varanger 7.8.1869, d. i Vadsø 30.11.1943.  Nanna Berg var telegrafist og budde i Vadsø, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå dugnadsinnsats for å komplettera denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johan Winther Hulaas gift 2. gang 05.01.1948 med Martha Margrethe Parelius Sevaldson (født 24.05.1886 i Kristiania, lærer på Tøyen skole i Oslo, død 27.05.1977, gravlagt på Nordre gravlund i Oslo som Martha Hulaas).

"Studentene fra 1906", 50-årsjubileet 1956, om Martha: http://www.nb.no/nbsok/nb/0b9ce9043c18d8466b94922d805c67c5?index=2#95

Martha FT 1910: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036392040283

Martha gravlagt: http://www.begravdeioslo.no/resultat/name/Martha hulaas/year_of_death_uncertainty/1/sort_by_column/last_name/sort_order/1

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johan Hulaas fra Borge avla Høyere lærerprøve ved Tromsø Seminarium i 1897, ifølge en notis i Tromsø Stiftstidende 04.07.1897.

Johan Hulaas bodde på eiendommen Høgda på Hasle i Østre Aker, nå i Oslo, i 1925, ifølge en adressebok for Aker. Der bodde han også da Andrea døde i 1942, ifølge dødsannonsen hennes.

Allerede i 1913 står J. Hulaas, lærer på Tøyen skole, som bosatt på Haslevang i Aker, ifølge en adressebok for Kristiania.

Så da bodde vel også Andrea i Aker, i hvert fall fra 1913.

Og det er vel sannsynlig at hun også døde i Østre Aker.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det står om Johannes Haaheim i boken "Grensebygda Neiden" av Steinar Wikan, utgitt 1995 - bl a at han var utdannet lærer ved Tromsø Seminar med eksamen i 1884. Han hadde friplass og var derfor forpliktet til å undervise i de språkblandede distriktene. 1884-1887 bodde han som lærer på Steinskjærnes i Sør-Varanger; og da bodde vel Marie der også 1885-1887. 1887-1891 bodde han, og vel også Marie, i Bugøyfjord i Sør-Varanger. I 1892 ankom han Neiden i Sør-Varanger og kjøpte eiendommen Fossnes og ble den første norske jordeieren i Neiden, ifølge denne boken. Johannes var fra 1893 poståpner i Neiden ved siden av jobben som lærer. Boken lister også opp de seks barna til Johannes og Marie.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tore for nye interessante innlegg!

 

Opplysningane dine gjev oss svar på to av spørsmåli frå innlegg #27 over, slik at me no sit att med desse fire:

 

** Lagnaden til eldste dotteri Petrina og mannen Amund?  Døydde ho kan henda i Noreg før mannen utvandra?

 

** Dødsfallet til vesle Skak Nilsson?

 

** Detaljar kring opphavi til Jacob Bertheusson Berg og første kona hans?

 

** Lagnaden til Pauline Johanne Berg, fødd 1856?

 

Men eit par mindre spørsmål kjem i tillegg:

 

Eg ser at Johan Hulaas og huslyden hans alt i 1910 var komne til Austre Aker: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036372030450

 

** Kva år flytte dei sørover frå Vadsø?

 

** Likeins ser eg at vigselsstaden til Johan Hulaas med Martha Margrethe Sevaldson frå 5.1.1948 manglar?

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med å samla so mange lause trådar i denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt pirk, Lars, men kvifor skriv du Heen om bygda i Grytten, når det elles vert skrive Hen? Kona mi er derifrå, og det står Hen i passet hennar. :)
Men uttalen er nærast Hæn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gunnar for siste kommentar!

 

Det er vel strengt teke sjølve garden Hen det vert referert til i dette emnet, men det er sjølvsagt den gamle danske formi, og eg har ikkje noko imot å retta opp i dette!

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 26.4.2017 den 15.46, Lars E. Øyane skrev:

a. Pauline Johanne, kjend som Johanna Jacobsdotter Berg, f. i Vadsø 13.8.1856,

 

     ##### (1855/1856 – n. 1865/1875 – lagnad?)

 

I dødsfallsprotokollen ved farens dødsfall i 1908 står det at hun bor i Amerika: https://media.digitalarkivet.no/view/57746/7

 

"I første Ægteskap har Avdøde 2 Barn, begge i Amerika."

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for ei skikkeleg spennande melding!

 

Me veit at Pauline Johanna, truleg kjend som Johanna, framleis budde «heime» i 1875, og ho KAN ha gift seg før ho utvandra til Amerika!

 

Med denne kunnskapen vil eg freista få tak i ein obituary etter broren Ole Bernhard Berg som døydde i Marinette Co., WI i 1924, men enkelt vert det truleg ikkje.  Han budde i ein del av Wisconsin der eg over hovudet ikkje er kjend, so eg lyt sopekulera på korleis ein best gjer dette...

 

Kanskje kan ho (parallelt) finnast i emigrantlister over Trondheim?  Etter litt søk finn eg ein svært «høveleg» «kandidat»:

 

** Hanna Berg, 20 år, utvandra 1877 frå Vadsø til Hancock, MI

 

Ho reiste tydeleg i lag med fiskar Johan Anderson frå Sør-Varanger med kone Britha og ei lita dotter...

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMITROND&gardpostnr=15755&merk=15755#ovre

 

Då Ole Bernhard Berg utvandra i 1888, hadde han Marquette, MI som reisemål.  Det er berre 100 miles mellom desse stadane på «Michigan peninsula»!

 

Eg takkar på ny for kjempemessig dugnadsinnsats for å kartleggja lagnaden til denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
På ‎27‎.‎04‎.‎2017 den 18.16, Lars E. Øyane skrev:

 

** Likeins ser eg at vigselsstaden til Johan Hulaas med Martha Margrethe Sevaldson frå 5.1.1948 manglar?

 

Fra Norsk Lysingsblad 22.01.1948:

 

image.png.73d8ec9f5bc988fdfc5b96a9e1b36d80.png

 

Det må vel bety at de giftet seg i Aker? Hvis da ikke herredsskriveren i Aker holdt til i Oslo.

 

Men datoen Martha oppgav i "Studentene fra 1906, 5. januar 1948, kan ikke være riktig, siden lysingen sto først 22. januar.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tore for siste innlegget!

 

Eg får ikkje opp sjølve lysingi i Brukarforum, men innhaldet er jo referert...

 

Men kvar denne vigsli fann stad, veit eg ikkje.  Står det at dei skulle gifta seg hjå heradsskrivaren i Aker?

 

Eg legg inn eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Skakson Tokle, soneson av føregåande og frå Vinjane 2 under Hauge, vart døypt 11.3.1797 og gifte seg 21.11.1830 i Luster med Anna Pedersdotter frå Unhjem i Grytten. Ho var dotter av gardbrukar Peder Larsson på Unhjem, opphavleg frå Hen, og andre kona Eli Olsdotter frå Stavem og vart døypt i Grytten 3.10.1802.  Truleg flytte Nils hit til plassen alt medan bestefaren levde, og medan mori dreiv hin plassen på Vinjane.  Nils og Anna vart buande på denne Vinjeplassen til plassen vart nedlagd kring 1848, og jordi gjekk attende til garden.

Nils og Anna flytte kring 1848 til Grytten i Romsdalen der dei vart gardbrukarar på Tokle.  Nils d. som gardbrukar på Tokle alt 20.5.1851, og Anna Tokle flytte i 1861 som enkje til son sin som den gongen budde i Lyngen.  Sida flytte ho vidare med sonen til Jarfjord og so til Klokkargarden i Kirkenes i Sør-Varanger der ho d. som enkje 15.4.1879.

Nils og Anna fekk fire born i lag:

 1. Skak Nilsson (1834-1834).

 2. Anders Nilsson, f. 4.4.1835,

Anders Nilsson Tokle flytte i 1848 til Romsdalen og sidan til Tromsø der han tok lærarskuleeksamen i 1860.  Han gifte seg i Tromsø 28.12.1860 med Christopha Andrea Hartvigsdotter frå Tromsø.  Ho var dotter av sjømann og fiskar Hartvig Normann Mikkelsen i Tromsø, opphavleg frå Gjerdet i Lyngen, og kona Martha Johanne Bertheusdotter frå Tromsø og f. i Tromsø 8.6.1843.  Etter ei kort tid som skulelærar i Lyngen vart Anders kring 1862 tilsett som skulelærar og kyrkjesongar (klokkar) i Sør-Varanger, og han og Christopha budde ei tid i Jarfjorden til dei kring 1865 flytte inn på Klokkargarden i Kirkenes.  Anders Tokle var attåt læraryrket òg ordførar i Sør-Varanger i fleire periodar.  Christopha d. i Kirkenes 28.6.1915, medan Anders Tokle d. same staden som lærarpensjonist 22.3.1916.  Dei fekk ni born i lag:

a. Petrina Michalina Andersdotter Tokle, f. i Lyngen 23.4.1861, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Petrina gifte seg i Sør-Varanger 22.9.1883 med Amund Jacobson frå Mohaugen under Moen i Vestre Gausdal, f. i Vestre Gausdal 31.5.1857. 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (yrke og bustad? – 1883: snikkar Vardø – 1885: snikkar hjå foreldri hennar i Klokkargarden i Kirkenes! – Amund utvandra til Amerika i 1888!! – reisemål Winnipeg, MB!)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

b. Nilsine Antona Andersdotter Tokle, f. i Sør-Varanger 21.1.1863, d. i Sør-Varanger 13.12.1863.

c. Nils Anton Andersson Tokle, f. i Sør-Varanger 29.10.1864, d. i ugift i Kirkenes 17.6.1884.

d. Marie Gjertine Andersdotter Tokle, f. i Sør-Varanger 17.3.1867, d.

 

     ##### (dødsstaden hennar?)

 

     16.6.1947.  Marie gifte seg i Sør-Varanger 19.10.1885 med Johannes Johnson Haaheim frå Håheim i Ulvik, f. i Ulvik 21.6.1862.  Han d. som lærar på Neiden i Sør-Varanger 19.6.1928.  Johannes Haaheim tok lærarskuleeksamen i Tromsø i 1884 og var ei tid lærar på Steinskjærnes og sidan i Bugøyfjord i Sør-Varanger til han frå 1892 vart lærar i Neiden og gardbrukar på Fossnes i Sør-Varanger.  Han var dessutan frå 1893 postopnar i Neiden, og nokre år var han òg ordførar i Sør-Varanger.  Han og Marie fekk seks born i lag.

e. Christianne Gjeremine Andersdotter Tokle, f. i Sør-Varanger 24.5.1869, d. i Kirkenes 17.10.1883.

f. Helga Elise Andersdotter Tokle, f. i Sør-Varanger 16.9.1871, d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – dødsannonse Aftenposten!)

 

     2.6.1975.  Helga Tokle var fotograf og virka i Kirkenes frå kring 19o0 til ho i 1922 tok over ei fotografforretning i Drøbak og flytte dit. 

 

     ##### (dreiv denne til 1933 – sidan kva?)

 

     Ho var ugift.

g. Christopha Andrea, kjend som Andrea Andersdotter Tokle, f. i Sør-Varanger 2.1.1874, d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – dødsannonse Aftenposten 14.12.1942!)

 

     11.12.1942.  Andrea gifte seg i Sør-Varanger 28.11.1902 med Johan Winther Henrikson Hulaas frå Bøstad i Borge, f. i Hadsel 26.11.1876.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans?)

 

     1.4.1960.  Som enkjemann gifte Johan seg 5.1.1948

 

     ##### (sjekka vigselsdatoen? - lysingi vart kunngjort 22.1.1948!)

 

     Aker med Martha Margrethe Parelius Haraldsdotter Sevaldson frå Oslo, f. i Christiania 24.5.1886.  Ho d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – Oslo?)

 

     27.5.1977.  Johan og båe konene hans var alle lærarar, Johan og Andrea båe med lærarskuleeksamen frå Tromsø i 1897, og Martha med eksamen frå Christiania i 1909.  Johan var først lærar i Vadsø, men han og Andrea flytte

 

     ##### (flytteåret? – mellom 1907 og 1910!)

 

     til Austre Aker ved Christiania (Oslo) der Johan og Martha båe var lærarar.  Johan fekk to born, som båe var frå første ekteskapet med Andrea.

h. Aagot Therese Andersdotter Takle, f. i Sør-Varanger 7.5.1876, d. i Sør-Varanger 17.9.1877.

i. Aage Reckner Andersson Tokle, f. i Sør-Varanger 30.8.1880, d. i Sør-Varanger 6.5.1881.

 3. Skak Nilsson, tvilling, f. 21.9.1839,

Skak Nilsson flytte

 

##### (truleg òg flytt med foreldri til Romsdalen kring 1848, men d. før 1851! – dato og stad for dødsfallet hans?)

 

 4. Eli Nilsdotter, likeins tvilling og f. 21.9.1839,

Eli Nilsdotter Tokle flytte med foreldri kring 1848 til Tokle i Grytten og i 1861 vidare imlag med mor si til Lyngen.  Ho gifte seg Sør-Varanger 9.10.1863 med enkjemannen Jacob Bertheusson Berg frå Balsfjord, Tromsø.  Han var son av skippar Bertheus Petersen i Balsfjord, Tromsø, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – Balsnes? – f. Tromsøsundet 1806!?)

 

og kona Gunnhild Olianna, kjend som Olianna Jacobsdotter Holthe frå Trondheim

 

##### (sjekka om dette stemmer?)

 

og f. i Tromsø 13.9.1832.  Jacob gifte seg første gongen i Vadsø 2.10.1855 med Nanna Sabine Arndtsdotter Hald frå Kåfjord i Talvik.  Ho var dotter av

 

##### (yrkestitel?)

 

Arndt Alexander Olson Hald i Kåfjord i Talvik, opphavleg frå Hammerfest, og kona Inger Cathrine Pedersdotter Nørager frå

 

##### (opphavet hennar? – Bossekop i Alta?)

 

og f. i Talvik 2.10.1833.  Men Nanna d.

 

##### (dødsstaden hennar? – kan henda Langfjord i Sør-Varanger?)

 

alt 28.1.1860.  Jacob var landhandlar, jordbrukar og «rettighetsmann«, sidan òg fiskar, og dei budde i Bøgfjordlien i Sør-Varanger, men flytte kring 1880

 

##### (sjekka dette?)

 

til Vadsø der Jacob Berg livnærte seg som snikkar.  Han d. i Vadsø 27.10.1908, medan Elen Berg d. som enkje same staden 8.2.1922.  Jacob fekk i alt tre born, to frå første ekteskapet og eitt frå det andre:

 

##### (kan henda fekk dei fleire born? – oppl.!?)

 

a. Pauline Johanne, kjend som Johanna Jacobsdotter Berg, f. i Vadsø 13.8.1856,

 

     ##### (1855/1856 – n. 1865/1875 – utvandra 1877 frå Vadsø til Hancock, MI – var i 1908 busett i Amerika!! – lagnad?)

 

b. Ole Bernhard Jacobson Berg, f. i Sør-Varanger 13.8.1858,  gifte seg i Sør-Varanger 28.8.1881 med Helleborg Margrethe, kjend som Margrethe Trondsdotter Gade frå Renøsund i Sør-Varanger, f. i Sør-Varanger 21.7.1860.  Ole var fiskar, og han og Helleborg budde ei tid som innerstfolk på Ropelv i Sør-Varanger, men utvandra i 1888 til Amerika med reisemål Marquette, Mich.  Etter kortare periodar i

 

     ##### (MN and MI)

 

     finn me dei att under namni Ole og Helleborg Berg som farmarar i Coleman township, Marinette Co., Wis. der Ole d.

 

     ##### (place of his death?)

 

     26.9.1924.  Helleborg Berg d.

 

     ##### (place of her death?)

 

     4,11.1944

 

     ##### (seinare lagnad? – 1910/1920 Beaver township! – 1930 she with dau Nan i Menominee, Menominee Co., MI!)

 

     Dei fekk ni born i lag.

 

     ##### (borni – 1900: 8 ch/6 living – 1910: 9 ch/6 living):

            * Inga Therese Berg, f. Sør-Varanger Apr. 1885 – utv, 1888 – listed 1900 – died 1907

            * Olaf Berg, f. Aug. 1887 – utv. 1888 – listed 1900/191071920

            * Oviva Berg, f. MN Dec. 1889 – listed 1900/1910/1920

            * Clara Marie Berg, f. Humboldt, Marquette Co., MI Jun. 1891 – listed 1900/1910

            * Nanna Jensine Berg, f. Beaver, Clark Co., WI Dec. 27, 1896 – listed 1900/1910/1920

            * Harold Fretz Berg, f. WI Sep. 4, 1894 – listed 1900

            * Luvise Berg, f. WI 1904/1905 – listed 1910/1920 (Anita)

 

c. Nanna Nilsine Jacobsdotter Berg, f. i Sør-Varanger 7.8.1869, d. i Vadsø 30.11.1943.  Nanna Berg var telegrafist og budde i Vadsø, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Martha med eksamen frå

     ##### (kvar og kva år?)

 

Klipp fra "Studentene fra 1906", 1931:

 

image.png.0097f3377975c0d4cd5c34197ce9f3b7.png

 

""I 1909 avla jeg den for studenter anordnede lærerprøve ved Kristiania lærerskole"

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tore for siste innlegget med tilleggsopplysningar om Martha Sevaldsen.  Eg har lagt rettingane inn i manuskriptet i innlegg #37 over.

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.