Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Thomas Jørgenson (Moen) - fødd i Luster kring 1731 - var i 1755 busett «i utlandet» - som på den tidi som regel ville seia i Danmark, men er det mogeleg å finna han att??


Recommended Posts

Thomas Jørgenson Moen, fødd i Luster kring 1731, var son av gardbrukar Jørgen Thomasson (1702-1765) og kona Karen Christensdotter (1704-1755) på Moen i Luster.

 

I 1755 får me vita at Thomas var busett «i utlandet», og me ser aldri noko meir til han i Luster!

 

Me veit det var lite vetta «trafikk» til Danmark på den tidi.  Nokre unge menn reiste til Danmark i hærteneste, og Thomas kan ha vore ein av dei!

 

Eg ser det er ein del brudgommar i Danmark med dette namnet på 1750- og 1760-talet, og ein av dei KAN jo vera «vår» Thomas, men korleis i all verdi skal me finna han att?   Stundom står det merknadar i danske kyrkjebøker om at slik eller slik person er frå NOREG!

 

Kanskje er dette ei sak for DIS-Danmark, men eg ville først «lufta» spørsmålet i Brukarforum, for det er jo heilt utruleg kva kunnskap som sit der ute!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.