Gå til innhold
Arkivverket

Torbjørn Olson Sperle - bataljonssoldat som døydde i Stavern 1789, 27 år gamal - kven var han? - fødd i Luster i 1761?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg saknar lagnaden til ein husmannsson frå plassen Stein under Skagen i Luster:

 

Torbjørn Olson, døypt i Luster 26.7.1761 som yngste son av Ole Andersson (1725-1783) og kona Cecilia Torbjørnsdotter (1720-    ), vart konfirmert i Luster i 1783 (med litt feil alder!): https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000457818

 

So forsvinn han frå bygdi!

 

Eg finn han ikkje i FT1801 i Sogn og Fjordane eller Hordaland/Bergen, men so dukka denne innførsli opp i den «ålmenne» basen på Digitalarkivet:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000001919771

 

Midt på høgre side: https://media.digitalarkivet.no/view/8255/27

 

Denne soldaten som døydde i Stavern, hadde namnet Torbjørn Olson SPERLE, eit gardsnamn som ikkje finst andre stader i Noreg enn i Jostedalen!  Jostedalen og Luster hadde felles regiment («Lusterske»), og me veit det ofte var svært «tilfeldig» kva rode soldatane vart sette til å «styra».

 

Kan det tenkjast at denne avlidne soldaten verkeleg var frå Luster?

 

I so fall, veit ein noko meir om «bataljonen» han høyrte til?  Kvifor hamna han i Stavern?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

I so fall, veit ein noko meir om «bataljonen» han høyrte til?  Kvifor hamna han i Stavern?

 

Jeg mener å ha lest at Fredriksvern var oppmarsjområde for krigsskip og tropper i forbindelse med "Tyttebærkrigen" 1788-1789. Som du ser, ble det gravlagt en mengde matroser og soldater i Fredriksvern på den tida da Torbjørn Olsen Sperle ble gravlagt. Tyttebærkrigen krevde knapt liv på slagmarken, men desto flere døde av sykdom.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kristian for eit svært interessant og spennande innlegg!

 

Jau, eg la merke til at det var svært mange soldatar og matrosar som døydde i Stavern på den tidi, og det hadde vore skikkeleg bra om det let seg gjera finna rullar frå den tidi!  Eg ser ikkje bort ifrå at det kan «gøyma» seg fleire soldatar frå Sogn i desse kjeldene, for stundom finn ein merknadar, særleg i skifteprotokollane, om at den eller den døydde «som soldat østerpaa Norge»!  Og eg har fleire unge menn som forsvinn sporlaust frå Sogn mellom 1780 og 1800!

 

Eg takkar igjen for framifrå hjelp til å freista løysa denne «floki» og vonar at nokon greier finna dei naudsynte kjeldene (rullane)!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.