Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Endre Hansson - fødd i Luster kring 1774 - konfirmert i Luster 1790 - vert so borte - kan henda gift i Askvoll 1796?? - lagnaden hans? - bnroren Ingebrigt Hansson, fødd 1766 - vert òg borte...


Recommended Posts

Eg er på leiting etter lagnaden til denne karen, son av Hans Kjøstelson og kona Kari Ingebrigtsdotter, husmannsfolk i Stein under Skagen i Luster:

 

Endre Hansson, fødd i Luster kring 1774, vart konfirmert i Luster i 1790 - forsvinn so frå Luster

 

Det finst ingen person i heile Noreg i 1801 som høver med alderen!  Men eg har likevel finne to «mogelege» i andre kjelder:

 

~~~~~

 

*** Endre Hansson Korshaug(?) gift i Askvoll 31.1.1796 med Kari Colbensdotter Trosdalen: https://media.digitalarkivet.no/view/8597/125

 

I so fall døydde han kort tid etter, for i 1801 bur Kari på Trosdalen i Askvoll med ektemann #4: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058400001709

 

Men, eg ser det er fleire Endre Hansson som er fødde i Askvoll på 1750-1770 talet, so kanskje er dette eit «blindskòt»?

 

~~~~~

 

*** Endre Hansson og Herborg Pedersdotter - vigde i Domkyrkja i Bergen 21.6.1795: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=5027&merk=5027#ovre

 

Denne Endre er matros, og tre born er fødde i Bergen;

 

* Hans, fødd i Domkyrkja 11.8.1794

* Walborg Kirstine, fødd i Domkyrkja 18.12.1795

* Endre Pedersen, fødd i Domkyrkja 25.8.1799

 

MEN eg ser ikkje noko til denne huslyden i Bergen 1801 eller i Undersøkjingskommisjonen 1804!

 

Denne Endre KAN sjølvsagt vera denne frå matroslista for Bergen, fødd i Skudesnes 1767: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=matr1754&gardpostnr=623&merk=623#ovre

 

Eg veit ikkje...

 

~~~~~

 

Eller kanskje finst det andre alternativ «der ute»?  Kan han vera faren som soldat og avliden i «Kongens teneste»?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan føra til oppsporing av Endre Hansson og lagnaden hans?

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.