Gå til innhold
Nasjonalarkivet

LØYST: Ole A. Lee, fødd i Noreg 12.12.1856 - mor Anna K., fødd januar 1829 - utvandra 1866 - kven var dei og kvar kom dei ifrå? - kan henda frå Vang i Valdres?


Recommended Posts

Ei ny utfordring frå Amerika:

 

Ole A. Lee skal ifølgje eit «family tree» vera fødd på ein gard Lien i Noreg 12.12.1856 (stundom oppgjeve 1857).  Mori heitte Anna K., og ho skal vera fødd i januar 1829.  Dei utvandra til Iowa, Amerika i 1866 (oppgjeve i FT1900, 1910 1920 og 1930!).

 

Er det mogeleg ut ifrå desse heller «spinkle» opplysningane å identifisera son og mor?

 

Eg er særleg oppteken av mori, for 17.9.1874 gifte ho seg som enkje att i Iowa med enkjemannen Peder Olson Kroken frå Luster!  I vigsleattesten står namnet Anna K. Lien!

 

Eg finn denne innførsli på garden Lien søndre i Vang i Valdres, som ser «mistenkeleg» ut, men eg finn dei ikkje mellom emigrantane frå Vang i 1866, og denne Ole er fødd 24.11.1856: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038077001659

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Dåpen til Ole, uekte født, sønn av Anders Thomesen(?) og Anne Knudsdatter:

 

Oppland fylke, Vang, Hurum, Øye i Vang, Ministerialbok nr. 6 (1846-1864), Fødte og døpte 1857, Side 48
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070207650651.jpg
 

Her er dåpen til Anne Knudsdatter, f. 12.01.1829:

Oppland fylke, Vang, Hurum, Øye i Vang, Ministerialbok nr. 3 (1809-1831), Fødte og døpte 1829, Side 184-185
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070621000396.jpg
 

Så vidt jeg kan se, står det samme gårdsnavn på Anne, både ved dåpen til sønnen Ole, og ved hennes egen dåp i 1829. Eller kanskje det er en husmannsplass: Septoneie. 

Endret av Grethe Flood

Hjarteleg takk til Grethe og Sven for kjempemessige og nyttige innlegg!

 

So synte det seg altso at eg hadde finne «rette» personar i Vang, og de har no supplert med mange tilleggsopplysningar som eg ville komme til å spørja etter i neste omgongen...  Heilt fantastisk eller «utomordentligt», som det visstnok heiter på nysvensk...

 

Eg sit no berre att med to konkrete spørsmål om Anna og son hennar:

 

** Er det mogeleg å identifisera Anders Thomasson, far til Ole?  Står det Rønneberg?

 

** Og so lurer eg på kva for ein husmannsplass under Septon i Vang foreldri til Anna budde på?

 

Kanskje bygdebøkene for Vang har svar på dette?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne utfordringi!

Gardar og slekter i Vang. B : Austsida i Vang sokn, side 409 og 419 - http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2010102820002

 

Gardar og slekter i Vang. B  Austsida i Vang sokn_side 409.jpeg

Gardar og slekter i Vang. B  Austsida i Vang sokn_side 410.jpeg

 

Gardar og slekter i Vang. B : Austsida i Vang sokn, side 404

 

Gardar og slekter i Vang. B  Austsida i Vang sokn_side 404.jpeg

Endret av Egil Johannessen

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=remmen&GSfn=anders&GSbyrel=all&GSdyrel=all&GSob=n&GRid=75317656&df=all&

 

Anders Thomasen Remmen

 

Birth:  Aug. 12, 1828
Vang
Vang kommune
Oppland fylke, Norway
Death:  Jun. 14, 1913
Goodhue County
Minnesota, USA
trans.gif
 
Family links: 
 Spouse:
  Thora Nilsdatter Arnehaugen Remmen (1835 - 1922)*
 
 Children:
  Endre Andersen Remmen (1871 - 1920)*
  Marie Andersdatter Remmen Carr (1874 - 1920)*
  Anton Anderson Remmen (1875 - 1957)*
  Gjertrud Andersdatter Remmen (1880 - 1905)*
 
*Calculated relationship
 
Burial:
Vang Lutheran Church Cemetery 
Dennison
Goodhue County
Minnesota, USA
 
Created by: Thomas Carr
Record added: Aug 22, 2011 
Find A Grave Memorial# 75317656
Endret av Grethe Flood

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MZ94-7NY

 

Name:    Anders Remmen
Event Type:    Census
Event Date:    1880
Event Place:    Warsaw, Goodhue, Minnesota, United States
District:    ED 156
Gender:    Male
Age:    51
Marital Status:    Married
Race:    White
Race (Original):    W
Occupation:    Farmer
Relationship to Head of Household:    Self
Relationship to Head of Household (Original):    Self
Birth Year (Estimated):    1829
Birthplace:    Norway
Father's Birthplace:    Norway
Mother's Birthplace:    Norway


Household    Role    Sex    Age    Birthplace
Anders Remmen    Self    M    51    Norway
Thora Remmen    Wife    F    45    Norway
Martin Remmen    Son    M    15    Minnesota, United States
Margaret Remmen    Daughter    F    13    Minnesota, United States
Berit Remmen    Daughter    F    11    Minnesota, United States
Endre Remmen    Son    M    9    Minnesota, United States
Maria Remmen    Daughter    F    7    Minnesota, United States
Anton Remmen    Son    M    5    Minnesota, United States
Dinah Remmen    Daughter    F    3    Minnesota, United States
Gjertrud Remmen    Daughter    F    0    Minnesota, United States


 

Hjarteleg takk til Egil, Sven og Grethe for kjempefine og utfyllande opplysningar om denne huslyden!

 

Eg vart ein augneblink i stuss om me hadde å gjera med ei «fjernbefrukting».  Om Anders Thomasson Remmen utvandra alt i 1853 og fekk ein son i Vang i 1856, ville det ha vore ein sensasjon...  Men, om han fór i 1853, må han vera komen attende, for han utvandra jo på ny i 1860...

 

Med desse opplysningane er problemet heilt løyst, og eg takkar på ny for framifrå dugnadsinnsats!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.