Gå til innhold
Nasjonalarkivet

You are only allowed to upload 1024kb - kva tyder denne meldingi?


Recommended Posts

Hei!

 

Dette er sikkert eit «dumt» spørsmål for datakunnige, men eg tek det likevel opp:  Kvar gong eg freistar leggja inn ein illustrasjon, som til dømes ein dødsattest frå Amerika, får eg opp denne meldingi:

 

«You are only allowed to upload 1024kb»

 

Det ser ut til at dette taket er nått etter berre tre eller fire dødsattestar, og etter 24 timer er det jo ikkje mogeleg eventuelt å sletta tidlegare innlagde illustrasjonar!  Då forstår eg ikkje «vitsen» med å tilby denne tenesta?

 

Kan eg få ei forklaring på dette?  Kan eventuelt grensa utvidast?

 

Eg takkar so mykje på førehand for ei avklaring!

Endret av Lars E. Øyane

Jeg kan ikke uttale meg om størrelsen på "kvota", men du kan i alle fall slette tidligere vedlegg under "Mine vedlegg", som ligger i brukermenyen øverst til høyre.

Hjarteleg takk til Kristian for kjapt svar!

 

Etter mykje leiting fann eg ut at den sokalla «brukarmenyen» må vera det som kjem fram når ein klikkar på namnet sitt øvst til høgre.  Då ser me «My attachments» som eit alternativ, og har no sletta fleire gamle vedlegg.

 

Men kvifor må dette vera på engelsk??

Eg må nok leggja saki fram på ny!!

 

Eg sletta, eigentleg uviljug, fleire gamle vedlegg, men får stadig opp den same meldingi, og det til tross for at det på «My attachments» kjem opp følgjande:

 

«You have used 1.08 MB of your 97.66 MB attachment limit.»

 

Dette må vera ei sak for «vidaregåande» brukarar...?

Dette med kvotestørrelsen kan jeg fremdeles ingenting om, men angående språk: Du har sannsynligvis slått på engelsk språk; se i bunnen av sida under "language", hvor du kan bytte til norsk.

Hjarteleg takk til Kristian og Anette for nye innlegg.

 

Eg fann ut korleis eg kunne stilla inn norsk språk, og det var jo kjekt å få vita at det ikkje var den samla vedleggsmengden som var meint. Kanskje det burde vore presisert i menyteksten at det er slik?

 

Kva gjer eg so, dersom eg ønskjer å leggja inn ei fil som er lite vetta større enn 1024 kb?  Kan eg senda ho til deg for «omskjæring»?

Tidlegare var denne grensa på 512 kB.

 

Det er vel summen av vedlegg i kvart innlegg som må vere under 1024 kB (som er lik 1 MB). Så dersom ein har fleire vedlegg der ingen av dei er over 1 MB kan ein omgå avgrensinga ved å spreie dei på fleire innlegg.

 

Vert bileta for "store" kan ein evt. prøve å komprimere eller forminske dei i eit bildebehandlingsprogram.

 

(Og dersom du treng å redigere innlegg som er meir enn 24 timar gamle kan du be Anette om å gjere dette for deg).

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.