Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet April 30, 2017 Del Skrevet April 30, 2017 Ein husmann i Fresvik i Sogn, Albrigt A. Hov hadde ein husmannsplass under garden Hov i Skotaviki. Denne soldaten hadde kona og to jentungar. Ein vinter kom ei snøskreda og sopa stova med kona og borna på sjøen, og ingen fann dei att. Albrigt var utkommandert i krigen 1807-1814, kom heim, var i Fresvik ein dag, for så ut i krigen att og der fall han. I krigen 1807-1814 var det visstnok utskrive 10 menn frå Fresvik, men ingen som heitte Albrigt. Heller ikkje i bygdebok for Leikanger/Fresvik finn ein nokon som passar med denne familien. Går det an å finne militærrullar der ein kan få namn på utkommanderte soldatar for 1807-1814 og tidlegare utkommanderingar? Interessant å kunne finne ut om det er noko sanning i denne gamle soga. Anne Marie B Øyri Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/210247-milit%C3%A6rrullar/ Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå