Gå til innhold
Arkivverket

SF Eid - Hans (Pederson?) (Hansson?) Lemmichen, kapellan på 1600-talet - oversyn over hans etterslekt?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Nei, Jørgen Absalonson treng vi nok ikkje bruke mykje tid på. Enten stikk vi oss på nåla i høystålet ein tilfeldig gong, eller så er han borte for alltid.

 

Når det gjeld denne Peder Knutson Lemmichen, kan vi vel fastslå at det ikkje er ein person vi har vore borti før. Men vi treng så absolutt ein Peder, sidan vår berømmelege arvelatar heiter Anne Pedersdtr.

 

Dersom vår ukjende Lemmichen-dotter gifte seg med ein Knut og fekk ein son Peder, som igjen var far til Anne Arvelatar Pedersdtr - så blir Anne OLDEBARN til Hans og Brite, og vi leitar etter eit barnebarn.

 

Men eg skal sjå om eg har noko i basen min som kan passe, og så må 1701-manntalet sjekkast.  Står det i boka kva regiment han høyrde til, eller andre opplysningar?

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg blir ikke helt klok på benevnelsene og tallkodene til Øvrebø, men et sted står det 0976. Jeg finne ham igjen et annet sted i boken (side411) og der står det Peder Knudsen Lemmechen, Bergen og en nummerhenvisning 264 vedr. kilder. 

 

Når jeg slår opp der finner jeg følgende: Innrullerte fra Bergen i teneste 1711 (RA, Byrekneskapar for Bergen, Kontribusjonsrsk. I, 1711, vedl. 149 til antegn. i rsk for koppskatten.

 

Og kilde nr.9. Matroser utskrivne i Bergen 1710 og 1711

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ok, då kan det også vere ein austlands-Lemmich; skal sjå om eg finn noko i boka vi har lenke til ein stad bak i her.  Eg fann elles ei Anne Pedersdtr i Eid som kunne vere interessant, men ho døydde på Taklo i 1743,

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 minutt siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Ok, då kan det også vere ein austlands-Lemmich; skal sjå om eg finn noko i boka vi har lenke til ein stad bak i her.  Eg fann elles ei Anne Pedersdtr i Eid som kunne vere interessant, men ho døydde på Taklo i 1743,

Han ville vel neppe ha vært utskrevet fra Bergen om han tilhørte østlands-Lemmichene

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jau, der er fleire austlands-lemmichar i Bergen, men eg ser ikkje noko til han i boka heller. Vi får snuble vidare.

 

Ingen Peder Knutson i Lemmichen-boka, verken i aust eller vest eller under dei uplasserte.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Han passar vel uansett vanskeleg inn i kabalen vår. Anna Pedersdtr skal vere eit barnebarn av Hans og Brite, og då må den ukjende dottera vere gift med ein Peder. Då er det vel ikkje heilt sannsynleg at ein inngift mann brukar kona sitt Lemmichen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, det er vanskelig å si hvor han passer inn, men vi får ha han i tankene. Vi har jo også denne Anders/Andreas Lemmichen som opptrer en gang i Bergen tidlig på 1700 tallet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg hugsa visst feil - det var i den danske delen eg fann Andreas, eller rettare: Kona. "Andreas Lemmcihs hustru, Kirsten Madsdtr, blev begravet 20.05.1729 i Horsens".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg legger inn denne  saken som dokumentasjon på hvem som var Hans Schrøders kone:

 

 27. July (1710) hafde Mad: Anne sal: Hans Schrøders, Forrige Provst og Sognepræst til Indvigens Præstegieldis Eftterleverske, ladt i Rette Stefne Joen Nielssen boende paa dend gaard Verlov Indvigs Præstegields gard, at møde hende i Retten med dend Supplique som hans haver Indgivet ofver hende til Høyeste Sr. Etats Raad og Stifttamtmand Wilhelm Tonsberg, samt at svare hinde til hvis som hannem Kand fare at tiltalle angaaende hindes tillagte Preste Enche Gaard, som bemelte Joen Nielssen paaboer.

Citandinden tillige med hendis Broder Mons. Jørgen Absolonsen Bejer ---

Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Tingbok nr. A 17 (1707-1711), Rettsprotokollside, Side 188b-189a

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/rg20090402620289

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No kjem eg med ein annan person som også er arving i Bergens-skiftet - Henrik Becher, son til Susanne Absalonsdtr. 

 

Er dette han? https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv0000000100932

 

Eg blir alltid nysgjerrig når folk heiter Dorte...

 

Og er dette same mannen?

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=ektebevi&gardpostnr=582&merk=582#ovre

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finn ikkje born etter dette paret Henrik/Dorte Marie.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er lite interessante folk å sjå i dåpane som "Henric Becher" er fadder i, men her har vi kanskje Margrete Blyt sitt barnebarn, Elen Holmer. 

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000005885452

 

Men vi har nok med minst 2 ulike Henrik Becher å gjere, så det er vel tvilsamt om vi kjem i mål med dette.

 

Vi har eit dødsfall her - https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000508877 i 1753.

 

Men det er FØR den fadderskapen eg lenka til.

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Paul Friderichsen Becker døpte datteren Else Magdalena 22.01.1731, mor Beritte Sophie Pedersdtr. Lemmichen. Jeg finner ikke noe ekteskap, ei heller er det noe som tyder på at barnet var født utenom ekteskap. Paul Becher gravlegges 03.12.1731 i St.J.

 

Men før dette ble Beritte Sophie gift 28.02.1722 i Domkirken i Bergen med Nicholai Henrichsen.De døper sønner Henrich Nicholaisen 03.05.1722 i Bergen. Jeg har trodd det var han som måtte ha løyve for å gifte seg med Aase Trollsdtr. i 1742.

 

Jeg finner forøvrig ikke den vielse i databasen over vigde i Bergen. Kan de ha giftet seg et anne sted?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er det naturleg at han blir kalla Becher? Mor er Lemmichen, og har vore gift med Paul Becher ein kort periode, om dei var gifte. Viss ikkje då Henrik Nikolaisen også var ein Becher?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

De må ha bevilgning for å gifte seg, men hva betyr KD som grunn for løyvet. Og som sagt jeg finner ikke fler henvisninger til dette paret.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Tor Kvien skrev:

Jeg legger inn denne  saken som dokumentasjon på hvem som var Hans Schrøders kone:

 

 27. July (1710) hafde Mad: Anne sal: Hans Schrøders, Forrige Provst og Sognepræst til Indvigens Præstegieldis Eftterleverske, ladt i Rette Stefne Joen Nielssen boende paa dend gaard Verlov Indvigs Præstegields gard, at møde hende i Retten med dend Supplique som hans haver Indgivet ofver hende til Høyeste Sr. Etats Raad og Stifttamtmand Wilhelm Tonsberg, samt at svare hinde til hvis som hannem Kand fare at tiltalle angaaende hindes tillagte Preste Enche Gaard, som bemelte Joen Nielssen paaboer.

Citandinden tillige med hendis Broder Mons. Jørgen Absolonsen Bejer ---

Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Tingbok nr. A 17 (1707-1711), Rettsprotokollside, Side 188b-189a

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/rg20090402620289

 

 

Nå falt i visst jeg av lasset. Hvem var denne Anne som var gift med Hans Schrøder og som var søster til Jørgen Absalonsen Bejer?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Rune Thorstensen skrev:

Paul Friderichsen Becker døpte datteren Else Magdalena 22.01.1731, mor Beritte Sophie Pedersdtr. Lemmichen. Jeg finner ikke noe ekteskap, ei heller er det noe som tyder på at barnet var født utenom ekteskap. Paul Becher gravlegges 03.12.1731 i St.J.

 

Men før dette ble Beritte Sophie gift 28.02.1722 i Domkirken i Bergen med Nicholai Henrichsen.De døper sønner Henrich Nicholaisen 03.05.1722 i Bergen. Jeg har trodd det var han som måtte ha løyve for å gifte seg med Aase Trollsdtr. i 1742.

 

Jeg finner forøvrig ikke den vielse i databasen over vigde i Bergen. Kan de ha giftet seg et anne sted?

Før eg slepper taket i Nikolai Henriksen har vi eit dødfødt barn i 1723 http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=21583&merk=21583#ovre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 hours ago, Rune Thorstensen said:

Nå falt i visst jeg av lasset. Hvem var denne Anne som var gift med Hans Schrøder og som var søster til Jørgen Absalonsen Bejer?

 

Anne Absalonsdatter Beyer (ca. 1650 Innvik, Stryn - e. 1717 Innvik, Stryn g. før ca 1673 m. Hans Schreuder. Ført sammen med sin mann (Familielandehjelpen 1675 i Nordfjord, Stiftamtstueregnskapet). Jeg har funnet henne som fadder i Gloppen kirke, Nordfjord 10. feb. 1705 og 30. nov. 1717.  Kgl. tillat. til å sitte i uskiftet bo 21 Nov 1707.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Rune Thorstensen skrev:

De må ha bevilgning for å gifte seg, men hva betyr KD som grunn for løyvet. Og som sagt jeg finner ikke fler henvisninger til dette paret.

Jeg mener jeg har lest et sted tidligere at dette står for "kirkens disiplin". Det betyr at de har fått bevilling til å ikke stå offentlig skriftemål i kirka, antagelig etter leiermål. 

Bevillingene er jo scannet og med fine alfabetiske registre så finner man fort frem. https://media.digitalarkivet.no/db/browse?depository[]=RA&archives[]=no-a1450-01000000006335&start_year=&end_year=&text=

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter å ha «levd med» Lemmichen-familien i 3 veker, har vi nådd mange mål, men dessverre på langt nær alle. Eg tillet meg ei ny oppsummering:

 

  • Vi leitar framleis etter Hr. Hans Lemmichen sitt opphav, sidan vi ikkje har funne eit einaste patronym på han så langt.

  • Brite sitt opphav kjenner vi, men fødselsåret er litt vagt.

  • Eg hadde håpa vi skulle finne ei rekkjefølgje med omtrentlege fødselsår på sønene, men det har vi ikkje greidd.

  • Rekkjefølgja på dei to døtrene vi har, er rimeleg grei: Når vi ser kva etterslekt dei har etter seg, må Margrete vere av dei eldste i flokken og Agnete må vere av dei yngste.

  • Ingen ting tyder på at Brite ikkje er mor til alle, og er ho det, bør dei vere fødde ca mellom 1630 og 1667 (20 år frå fyrste mulege f.år 1610 – 45 år etter siste mulege) 1622.

  • Vi har nokså nøyaktige dødsår på Isak, Peder og Ludvig. Absalon er truleg død sist på 1680-talet, og Abel fyrst på 1692-talet, men vi har ikkje dokumentert det enno.

  • Margrete var i live og budde på Skipenes i 1699 jfr. Tingbok for Nordfjord – der stoppar det.

  • Agnete må vere død før 1731 då enkjemannen Didrik gifter seg på nytt – nærare veit vi ikkje.

  • Karen – nemnd i skiftet etter Peder i 1704 og Isak i 1709, skal vere nemnd i samband med eit skøyte i 1722. Dette siste har vi ikkje sett, og vi veit ikkje meir om henne.

  • Dei 2-3 døtrene vi får kunnskap om gjennom Bergens-skiftet veit vi framleis svært lite om. Eg skal kome tilbake til dei litt seinare.

  • Det hadde vore interessant å vite kven Isak si kone, Lene Jakobsdtr var.

  • Sameleis Peder si fyrste kone, Brite Simonsdtr – kven var ho? Og når vart ho avløyst av Maren? Kor mange born hadde kvar av dei?

  • Og Absalon si kone, Lisbet Hansdtr – er ho ein Schreuder, som det kan tyde på i eit par dåpsoppføringar i Bergen?

  • Abel si kone Anne Kaspersdtr – kvar kjem namnet Tidemann frå, som vi fleire gonger har sett hevda? Og er ho den same som Hans Pederson si Anne Kaspersdtr? I så fall har vi eit problem med arven hennar, men det kan vere ei misforståing.

  • Kven av døtrene er det som er gravlagd under golvet i kyrkja ca 1698? Det må vere ei av dei vi ikkje kjenner namnet på.

  • Vi veit at Abel hadde ei ikkje namngjeven syster buande hos seg i 1675 – det kan vere Karen, eller det kan vere ei av namnlause.

  • 2.generasjonen, barneborna,

  • Vi kjenner vel etter kvart namnet på alle barneborna som har vakse opp, og stort sett veit vi kva familie dei fekk. Men nokre manglar:

  • Jørgen Absalonson, fødd før 1678, sidan han var reist heimanfrå 19 år gammal før farmora sitt skifte i 1697. Vi høyrer ikkje meir om han seinare? Er han bekrefta død før Bergens-skiftet, eller har dei berre gløymt han?

  • Absalon Pederson, fødd ca 1692 – ikkje sett etter 1704. Død eller utegløymt?

  • Jørgen Hansson Blyt, Margrete sin son, har vi ikkje anna på han enn «bosted Hamburg» i Bergens-skiftet 1750.

  • Der er nokre av ektemakane til barneborna som eg gjerne skulle visst meir om; Hans Isakson (ca 1690-1715) si kone; er ho Lisbet Hansdtr eller er ho identisk med Lisbet Mikkelsdtr Osnes d.1745?

  • Hans Hansson Blyt si kone Maren Zimmermann, død 1730 – kven er ho?

  • Abel Pederson (ca 1672-1764) – vi veit ikkje kven han var gift og hadde born med (Brite, Margrete og Karen).

  • Brite Pedersdtr (ca 1684 - ) - kven er Josef som ho har dottera Anna Malena med? Vi har ikkje noko fødselsår på Anna Malena, men ho gifter seg fyrste gong i 1734.

  • Karen Biering (ca 1684 – 1751)  – gift med Mathis Olsen i Bergen; kven er han,

  • Så er det dei 2-3 vanskellege kvinnelinjene.

  • Lemmichen-dotter A, gift med ein Peder, får dottera Anna ca 1686; ho døyr 1750. Ho kan ha vore gift og blitt enkje, men har ingen etter seg, heldigvis for oss.

  • Lemmichen-dotter B, gift med ein Kristen, får dottera Maren som er død før 1750 og har sonen Jakob «gift og her i byen».

  • Lemmichen-dotter C, eller B som er gift 2 gonger; gift med ein Erik, og har dottera Anna Marie som er død før 1750, men etterlet seg tre born fødde frå 1705 til 1710 med Gunnar Mortensen (etterslekta hennar har vi).

Er det meir her vi kan finne ut av før vi legg Lemmichane vekk?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.