Gå til innhold
Arkivverket

SF Eid - Hans (Pederson?) (Hansson?) Lemmichen, kapellan på 1600-talet - oversyn over hans etterslekt?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

21 minutter siden, Rune Thorstensen skrev:

Når det gjelder Hans Pettersen Blydt er det nærliggende å tro at han er sønn til den Peter Hansen Blydt som tok Borgerskap i 1682.

 

 

Ja, og Hans Peterson ser ikkje ut til å vere vår mann.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein ny dag og nye sjansar. Eg vart sitjande i går kveld og skumme gjennom gamle Lemmichen-debattar, nettsider og litteraturtilvisingar, og har fått bekrefta det eg eigentleg hadde forventa: At det er ein gjennomgåande mangel på dokumentasjon i det som er skrive om den eldste delen av denne familien også, som med så mange andre familiar. Det er dessverre altfor ofte slik at ein siterer bygdebøker, annan litteratur og kvarandre, og på den måten blir meir eller mindre openberre feil forsterka og innarbeidde som sanningar, og ting ein ikkje veit, men trur må vere slik, blir også innarbeidde som sanningar, truleg fordi det ligg i menneskenaturen å ville finne løysingar. Mykje av det som er skrive om Lemmichen og andre slekter, har rot i det eg vil kalle "må-ha-vore"-ismen, der Truls Sivertson "må ha vore" son til Sivert Torson, fordi det ikkje er andre som heiter Sivert i bygda på den tida.

 

No er sjølvsagt mykje av det som er skrive om Lemmich'ane sannsynlegvis rett, men det hjelper så lite - utan dokumentasjon må ein berre klippe trådane av der dokumentasjonen sluttar. Mange tykkjer kanhende eg er for streng no, men dei siste åra med tilgang til gamle kjelder har vist meg at vi ikkje kan stole nær sagt på noko som er opplese og vedteke før vi veit kjelda til det.

 

Så to ord om det omfattande Bergens-skiftet som er lese og brukt av mange, men som fleire har misforstått, og dermed ikkje drege rette konklusjonane ut av. Eg ser at fleire konkluderer med at namnet på arvelataren "må vere" feil, men det er det då ingen grunn til å tru? Det står uttrykkjeleg i skiftet at alle arvingane er syskenborna til avdøde (eller deira etterkomarar), og då er det no ikkje verre enn at arvelatararen må vere Lemmichen gjennom MORA sidan Peder-namnet allereie er oppteke i flokken av Hans-søner og døtre. Alternativet er at det kan ha vore 2 Peder, men det ser vi ikkje noko teikn til.

 

Det blir vel ikkje brukt så mykje krefter på dette frå mi side i dag, men eg høyrer gjerne frå dei som kan framskaffe dokumentasjon på noko i dei eldste leda, dvs Hans og Beritte med born. Dei yngre leda ser stort sett ut til å vere uproblematiske når ein berre går systematisk fram.

 

Takk for hjelpa så langt :-)

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg følger deg i tankegangen Aase. Når man forteller en løgn mange nok ganger blir den en sannhet for noen. Jeg er dessverre ikke til mye hjelp når det gjelder å lese gamle dokumenter, særlig ikke når den som skriver synes enten å være opptatt av å spare plass eller skriver som en full kråke.

Man skulle tro det finnes noen for gamle dokumenter, brev etc som kunne ha hjulpet oss.

 

Bare et spørsmål på tampen.

Kan det tenkes at det er denne Peter Hansen Blydt som var gift med en til nå ukjent Hansdtr.? Jeg har vanskelig å se for meg at der er et ledd bakenfor der også.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for støttande ord, Rune! Eg vil ikkje kalle dette Løgn, men heller halvsanningar, snarvegar, teoriar eller liknande. Særleg i mellomkrigstida var det stort rom for dette i slektsgranskinga; det kan virke som det var viktigare å få eit resultat enn at alt var rett.

 

Det som stort sett blir hevda på nettet, at det var Hans HANSSON Blyt som var gift med ei Lemmichen med namnet Margrete. Men ho blir gjerne kalla (Pedersdtr?) - noko som er ulogisk; ho må vere ei Hansdtr, for at Bergens-skiftet skal gå opp. Men eg har til no ikkje sett dokumentasjon på dette, berre sitat frå andre. "Margrete" er den eldste av døtrene i skiftet, og med ein stor syskenflokk kan ho vere bortimot ein generasjon eldre enn dei yngste. 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da snakker vi i så fall om at denne ukjente Hans Hanson Blydt må være far til Peder Hanson Blydt, som forøvrig ble gravlagt i Nykirken11.10.1706

 

Da er det vel denne Hans Blytte som vi finner i koppskatten for Bergen i 1645. Dersom han var gift mede en ukjent Hansdtr. Lemmichen er kanskje hun eldste barn av Hans Hansen Lemmichen.

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bergkp45&gardpostnr=1126&merk=1126#ovre

 

Her er han trolig igjen i formuestakseringen i Bergen 1657.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=takst57

 

På Wikipedia ser jeg at det antydes at Hans Blydt var født i Rostock ca. 1610 og at han var død før 1657. Det siste er neppe rett ettersom jeg mener det er ham vi finner i formuesoversikten 1657.

 

Det skal finnes en slektsbok over Slekten Blydt, men jeg vet ikke hvem som kunne tenkes å ha den og om den evt kunne ha tilført oss noe nytt. Jeg ser også at det finnes Domkapitelbøker fra Bergen på 1600 tallet. Men hva de evt kan inneholde av opplysninger vet jeg ikke.

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg sit for øyeblikket og legg inn dei konkrete aldersoppgåvene vi har å holde oss til i barnebarn-generasjonen, og då kan det bli lettare å anslå alder på dei andre også. Her er openbart stor spreiing.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

18. desember 1718 tinglyser Anne CASPERSdatter Sahl: Hans Pedersen Lemmichsen eit transportbrev og skøyte der Sr. Rasmus Glad får kjøpe ein løb seks merker smør i Jutedal. Har ikkje funne nokon referansar i tråden så langt til denne dama. Samt at eg ikkje heilt er sikker på kven denne Hans Pedersen er ... ? Kanskje den du byrjar med i fyrste innlegget ditt, Aase?

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 02/02b/02ba/L0002: Pantebok nr. II.B.a.2, 1717-1723, s. 62-63
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/tl20071008840216

 

Publisert på vårtinget 1719 i Eid og Hornindal skibbrede

 

side 259 her er ein ref. til saken over og der Hans Pedersen vert omtala som gjestgjevar og Kremmer

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 02/02b/02ba/L0002: Pantebok nr. II.B.a.2, 1717-1723, s. 258-259
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/tl20071008840314

 

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, denne dama har rota det til for mange, og eg ser det er ulike teoriar om kven ho var gift med. Svært mange satsar på Abel, men kvifor ikkje tru henne på hennar ord? Eg får sjå når eg er ferdig å systematisere det eg har til no.

 

Men vi har ein gjestgjevar Hans Pederson på Myklebust i Eid i 1701 - 31 år. Er han Lemmichen, er han nok soneson til mannen eg startar med.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 5/13/2017 den 0.08, Tor Kvien skrev:

Sr: Didrich Madsen,

=iligemaade er hand og formynder for Isaac Hansen Lemmeken, hvis midler er eftter skifttebrev af dato 12 aprilis: 1718: og arvebogen fol: 829: Capital ….. =12 rd: 8 ort 8 sk.

 

Kven er det Isak arvar etter her? Faren er det skifte etter allereie i 1715 - men der blir Hans Pederson Lemmichen innsett som formyndar, kan det vere HAN som er død i 1718, slik at Isak sin farsarv må ut på vandring igjen? Stemmer svært godt med Anne Kasperdtr sine transaksjonar i 1718 og 1719... 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje det ikke står Sahl, men sal(ige) Hans Pedersen altså avdøde?

 

Ut fra skiftet etter Peder Hansen Lemmichen vet vi at Hans Pedersen Lemmichen var gift i 1702/4. Jeg antar det er ham jeg finner som Gjestgiver på Myklebust (Møcklebostad) i 1701, 31 år gammel. Men jeg vet ikke hvem han var gift med, eller kanskje jeg har oversett noe. Men hvor kommer så denne Anne Caspersdtr. inn i bildet. Kan hun være hans hustru?

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, i følgje Morten Sylte sitt innlegg er ho det. Men eg ser ikkje bort frå at ho kan ha vore gift med andre før.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei.

Interessant debatt. jeg tillater meg et "spekulativt" innlegg med tanke på Lars og hans forsøk på utredning av Sundby-slekta.

Denne Gertrud Andersdatter fikk Sundby-navnet i forbindelse med skiftet. I debatt #10241 (7) får den samme dama etternavnet Brucher.

I debatten her (70) nevnes søstrene Maria og Dorte Becher. Kan dette være to tolkinger av samme navn?

 

Mvh Werner Pedersen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I bygdeboka for Eid og Hornindal på side 522 står det å lese det samme som Morten viser til i sitt innlegg. Jeg siterer: " I 1718 selde enkja etter H.P.L til Rasmus Glad som da kom til å eige heile garden".

 

Jutdal ble satt i pant til Presten Hans Lemmichen. I 1680 årene eide Peder Hansen Lemmichen 1 1/3 pund. Senere kom Peders sønn Hans til å eie deler av gården.

 

http://www.nb.no/nbsok/nb/8dcf0182cf035ebf7ac74da7fead33ac.nbdigital?lang=no#533

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Brødrene Knud Jespersen "Berstad paa Woss" og Mons Jespersen "iligemaade boende paa Woss paa den gaard Regve" viser til sine "arveligen tillfaldte, hver 1 pd: Smørs Leye udj den gaard Schibens, eftter vares afgangne fadersøster Sahl: Ane Caspersdatter, som skifttebrevet af dato =27 Maij Ao 1720 videre ..."

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 02/02b/02ba/L0002: Pantebok nr. II.B.a.2, 1717-1723, s. 122-123
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/tl20071008840246

 

Då skulle det vel vere mulig å spore litt meir om opphavet hennar dersom det skulle vere ønskelig.

 

Knud og Mons sel forrøvrig sine partar til Ole Nilsen og skøytet er datert 31 mai 1720

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 minutter siden, Morten Sylte skrev:

Brødrene Knud Jespersen "Berstad paa Woss" og Mons Jespersen "iligemaade boende paa Woss paa den gaard Regve" tinglyser sine "arveligen tillfaldte, hver 1 pd: Smørs Leye udj den gaard Schibens, eftter vares afgangne fadersøster Sahl: Ane Caspersdatter, som skifttebrevet af dato =27 Maij Ao 1720 videre ..."

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 02/02b/02ba/L0002: Pantebok nr. II.B.a.2, 1717-1723, s. 122-123
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/tl20071008840246

 

Då skulle det vel vere mulig å spore litt meir om opphavet hennar dersom det skulle vere ønskelig.

 

Knud og Mons sel forrøvrig sine partar til Ole Nilsen og skøytet er datert 31 mai 1720

Da vet vi at far til Knud og Mons må ha vært en Jesper Caspersen og at han var bror til Anne Caspersdtr. Da får jeg se hve bygdebøkene for Voss kan fortelle.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var svært interessant. Anne Kasperdtr har då døydd kort tid etter overdragingane du viste til i sta, og ho har vore barnlaus.

 

Eg har BERRE funne Anne Kasperdtr omtala som enkje etter Abel Lemmichen; ho kan muligens ha vore gift med han FØR ho gifte seg med Hans, men det var i alle fall Hans ho var enkje etter til slutt. 

 

Med barnsleg glede konstaterer eg elles at vi har med brørne Kasper og Jesper her, og då spør eg med Egner: "Hvor er Jonatan"? - nei, æsj, Kasper og Jesper var visst ikkje brør likevel :-D

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her fortel Niels Olsen Jutedal at han no eig, men selger 1pd seks merker smørs leige i Jutdal til Hans Pedersen Lemmichsen, "Borger og Handelsmann paa Eidet"  og som er "nu i liveværende ældste søn" av avdøde Peder Hansen Lemmichsen. Niels hadde kjøpt delen i Jutdal nokre år tidlegare, men hadde bøksla stykket frå Peder Hansen "ungefehr 20 aars tid siden"

 

side 74:

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 02/02b/02ba/L0001: Pantebok nr. II.B.a.1, 1711-1717, s. 74-75
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/tl20071008840039

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg holder på å lete i Vossa bøkene.

 

Så langt har jeg registrert at Knud Jespersen var 48 år i 1701 men jeg finner ikke Berstad i Bygdebøken.

 

Mons Jespersen var 45 år i 1701 og rett før hadde giftet seg med enken Guro Knudsdtr. d- 1739, 86 år. De hadde datteren Brita født i 1699. Jeg har ikke funnet ham død så langt. Mons var bruker i 1715.

 

Databasene over døde i Voss starter først 1732 og der har jeg ikke funne noen av dem.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 minutes ago, Rune Thorstensen said:

Jeg holder på å lete i Vossa bøkene.

 

Så langt har jeg registrert at Knud Jespersen var 48 år i 1701 men jeg finner ikke Berstad i Bygdebøken.

 

 

 

Eg vil ikkje sjå vekk frå at det eg oppfattar som ein B øverst side 123 gjerne kan vere ein annan eventuelt to andre bokstavar. Er litt "svevande" denne skrifta slik at det er godt mulig å lese "Gjerstad" t.d. ... Det føltes likevel mest riktig med Berstad... Eg oppfordrar andre til å lese korrektur!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 minutt siden, Morten Sylte skrev:

 

Eg vil ikkje sjå vekk frå at det eg oppfattar som ein B øverst side 123 gjerne kan vere ein annan eventuelt to andre bokstavar. Er litt "svevande" denne skrifta slik at det er godt mulig å lese "Gjerstad" t.d. ... Det føltes likevel mest riktig med Berstad... Eg oppfordrar andre til å lese korrektur!

Jeg finner gården i 1701 under Voss, men så langt ikke i bygdebøkene, men jeg leter videre. Men disse to brødrene er altså født mellom 1650 og 1660 så et sted der ute befinner det seg en Jesper Caspersen i 1664/66 med to sønner Knud og Mons.

Det skulle tilsi at Jesper må være født på 1630 tallet og da har man en peiling på hvor gammel Anne Caspersdtr. må ha vært rundt 1715.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da fant jeg gården Berstad i Evangerboka. Her står det at Knud var født 1659 på Nåkka og døde 1731.

http://www.nb.no/nbsok/nb/f858da8656b327f73e68c55aaf1e30ff.nbdigital?lang=no#235

 

Men på Nakka står det at far til Knud het Jesper Søfrensen, og da stemmer jo det dårlig at han er bror til Anne Caspersdtr.

 

http://www.nb.no/nbsok/nb/97f1a92625be1009e06fb9a5569271ef.nbdigital?lang=no#363

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ok, då er trulig Berstad det korrekte då ... godt å få det avklara. Ellers så må ein vel berre stadfeste at kjeldene av og til inneheld feil - utan at eg dermed konstaterar at det er det som er tilfelle her.

 

I transportbrevet nedanfor overdreg kaptein Wallentin Beyer 17 merker smør i Skibenes til sin "svoger" Didrik Madsen. Her finn ein nemndt "Sahl: Hr. Hans Lemmichsen" og det ser ut til at Beyer kallar han for "min kiære Hustrues forfader" og desse 17 merka er arv med opphav i denne Hans. Noværande eigar er Regise Justdatter Bierring, som har fått arv etter hennar avdøde far lensmannen Just Bierring. Mot slutten nemner Beyer "min Svoger Sr. Hans Pedersen Lemmichsen". Datert 17 aug. 1714

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 02/02b/02ba/L0001: Pantebok nr. II.B.a.1, 1711-1717, s. 142-143
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/tl20071008840073

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flott! Kaptein Beier kjenner vi frå Bergens-skiftet som ektemannen til Regitse Biering; faren heitte då Jens og ikkje Just. No fekk vi eit førenamn på kapteinen også.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.