Gå til innhold
Arkivverket

Anders Samuelson Bugge alias Andrew S. Bugge, fødd Hafslo 1857 - til Amerika 1882 - Minnesota/Illinois/Colorado - lagnaden hans? - amerikansk utfordring?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette handlar om ein emigrant som har greidd å gøyma seg svært so godt i Amerika, og eg greier ikkje å finna ut kva som kan ha skjedd med denne karen.  Kanskje andre har betre auge enn eg?

 

Anders Samuelson Bugge, fødd i Hafslo 7.10.1857

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8393/55

 

utvandra til Amerika i 1882

 

https://media.digitalarkivet.no/view/6870/102

 

og var i 1885 busett i Moorhead, MN - alderen er rett nok feil, men me er rimeleg sikre på at dette er «vår» mann (fann ikkje denne FT i original på FamilySearch!):

 

https://www.ancestry.com/interactive/1058/mnsc_23-0337?pid=4618389&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx3860%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DJohn%26gsfn_x%3DNP_NN_NIC%26gsln%3DJacobson%26gsln_x%3DNP_NN%26msypn__ftp%3DClay%20County,%20Minnesota,%20USA%26msypn%3D648%26msypn_PInfo%3D7-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C26%7C0%7C648%7C0%7C0%7C0%7C%26msypn_x%3DPACO%26msypn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26catbucket%3Drstp%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3DCEN_1880%26h%3D4618389%26recoff%3D8%209%26dbid%3D1058%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D2&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx3860&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

John Jacobson   M 31y Norway
Annie Jacobson   F 21y Norway
Nils J Jacobson   M 1y Minnesota
John Jacobson   M 21y Norway
Karen Nelson   F 18y Norway
Elsa Johnson   F 21y Sweden
Andrew Brown   M 43y Sweden
Pett Berge   M 29y Norway
Anfris Hooland   M 29y Norway
Andrew Bugge   M 22y Norway
Ole Domans   M 23y Norway
Christ Domans   M 20y Norway
Hans Flommen   M 22y Norway
Ole Kjas   M 23y Norway
James Kjas   M 21y Norway

 

Kring 1890 budde han visstnok i Moline, IL (ifølgje ein city directory)

 

og i 1895 ser han ut til å ha vore i Leadville, CO:

 

https://www.ancestry.com/interactive/2469/13762695?pid=839955061&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx3867%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-g%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DAndrew%26gsfn_x%3DNP_NN_NIC%26gsln%3DBugge%26gsln_x%3DNP_NN%26msypn__ftp%3DLeadville,%20Lake,%20Colorado,%20USA%26msypn%3D70426%26msypn_PInfo%3D8-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C8%7C0%7C1658%7C70426%7C0%7C0%7C%26msypn_x%3D1%26msypn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26catbucket%3Drstp%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3DROOT_CATEGORY%26h%3D839955061%26dbid%3D2469%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx3867&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Innførslene i desse city directories er sjølvsagt svært usikre, men det finst ingen andre med dette namnet i heile USA på den tidi som kan høva...

 

Han er ikkje nemnd då det i 1904 vart halde skifte etter faren Samuel Bugge i Hafslo, så då var han truleg avliden...

 

** Er det mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til denne emigranten frå Hafslo?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette må vel vera din mann:

Anders Samullsen Bugge

 in the Minnesota, Naturalization Records Index, 1854-1957

Minnesota, Naturalization Records Index, 1854-1957 No Image

Text-only collection

Name: Anders Samullsen Bugge

County: Clay

Reel: 1

Code: 1

Volume: 1

Page: 501

Document Type: Declaration of Intention

Years: 1872 -1888

Numbers: 1-621

 
Ei anna sak:
11 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Kring 1890 budde han visstnok i Moline, IL (ifølgje ein city directory)

Dette Illinois-sporet er truleg eit feilspor, ettersom det nettopp i Moline allereie var ein annan Andrew Bugge, som i 1882 vart skulda for å ha stole ein båt saman med ein annan kar (eller ungdom):

http://chroniclingamerica.loc.gov/lccn/sn92053943/1882-08-15/ed-1/seq-4/

(The Rock Island Argus., August 15, 1882)

Vennleg helsing Richard

Endret av Richard Johan Natvig
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard for eit interessant og nyttig innlegg!

 

Eg var sikker på at eg ein eller annan gong hadde sett dette naturalization dokumentet for Anders Bugge i Clay Co., MN, men eg hadde ikkje notert det som referanse, truleg fordi eg fann han der i FT1885.

 

So var det altso eit «blindskot» med Moline, IL.  Moline var i all hovudsak full av svenske emigrantar, og eg såg det var ein svenske med namn Andreas Bugge som utvandra, men utan bustadsreferanse...  Då var det nok han som stal båten...

 

Elles er det nok «vår» Andrew Bugge som i 1892/1894 budde i Minneapolis, MN.  Meir usikkert er det kanskje med Andrew Bugge i Leadville, CO i 1895, men ein eller annan stad må det jo ha vorte av «vår» Anders...!

 

Det var elles tre brør som utvandra i denne huslyden, og alle tre skal dei ha vore «særeigne» av karakter.  Den yngste av dei, Samuel Bugge Jr 1863-1925), var til dømes heller ikkje nemnd i skiftet etter faren i 1904, for dei var sikre på at han måtte vera avliden!!  Her er kva eg har på dei tre brørne:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

 4. Anders Samuelson Bugge, f. 7.10.1857,

Andrew S. Bugge utvandra til Amerika i 1882 og

 

¤¤¤¤¤ (resided 1885 in Moorhead, Clay Co., MN – citizenship papers Clay Co., MN! – in Minneapolis, MN 1892/1894 – in Leadville, CO 1895 – apparently died prior to 1904!)

 

 5. Ove Christian Daae Samuelson Bugge, f. 3.1.1859,

Christian S. Bugge utvandra til Amerika i 1881, men kom heim att til jul 1889, for so å utvandra på ny våren 1890.  Han livnærte seg som farmarbeidar og budde for det meste i Urness township, Douglas Co., Minn. der han d. 19.3.1925, ugift.

 7. Samuel Mandrup Samuelson Bugge, f. 19.6.1863,

Samuel Bugge utvandra til Amerika i 1888 og var mellom anna farmarbeidar («farm laborer») i Chico, Park Co., Mont., men var frå kring 1905 busett i Maxville, Stone precinct, Granite Co., Mont. der han livnærte seg farmarbeidar og ranchar «farm laborer and rancher».  Han d. ugift på eit sjukehus i Butte, Mont. 11.2.1925.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Som me ser, er det Anders som er «problembarnet» for meg, og eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden hans!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Eg vil i dag gjerne òg få henta fram att denne utfordringi frå juli!

 

Er det i det heile mogeleg å finna lagnaden til Anders Samuelson Bugge?  Avisklipp frå Minnesota eller Colorado?

 

Ein ny kjempetakk på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Innlegg #5:

 

Eg vil gjerne endå ein gong freista henta fram att denne utfordringi som har lege utan merksemd i nesten fire år!

 

Eg er etter måten ganske so optimistisk at det kan finnast avisutklipp frå Leadville, CO om denne karen, eller kanskje flytte han derifrå att?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Andrew S. Bugge!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.