Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Då freister me ein gong til...

 

Kona til Gulbrand Monsson (død 1913),

Anna Larsdotter Skridsholeiget døydde på Ringsaker 1.1.1896, og dødsfallet vart meldt skifteretten 6.1.1896:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/3564/302

 

* Er det mogeleg å finna ei dødsmelding etter Anna som har opplysningar om borni hennar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Vedlagd følgjer skanna kopi av dødsmeldingsliste for januar 1896 frå Nord-Hedmark sorenskriveri sitt arkiv, eske 2 (1886-1899). http://www.arkivportalen.no/side/arkiv/detaljer?arkivId=no-a1450-03000000026045

Dødsfallsprotokoll for 1896 manglar i dette arkivet. http://www.arkivportalen.no/side/arkiv/detaljer?arkivId=no-a1450-03000000025058

 

Me har òg undersøkt i arkivet etter det tidlegare Ringsaker lensmannskontor og bladd i skifteregistreringsprotokollen for året 1896, diverre utan å finne at det var noko skifte etter Anne Larsdatter dette året. http://www.arkivportalen.no/side/arkiv/detaljer?arkivId=no-a1450-03000000106845

Som du ser her, går dødsprotokollane i lensmannsarkivet berre fram til 1892, http://www.arkivportalen.no/side/arkiv/detaljer?arkivId=no-a1450-03000000106834

og i mappa med vedlegg til dødsfall kunne me heller ikkje finne noko. http://www.arkivportalen.no/side/arkiv/detaljer?arkivId=no-a1450-03000000106853

 

svt31102017.jpg

Hjarteleg takk til Statsarkivet på Hamar for eit interessant svar i denne saki, diverre utan at me får greie på noko meir om ervingane i denne huslyden.

 

Då veit eg ikkje kvar me skal leita vidare...

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.