Gå til innhold
Arkivverket

Erik Jørgensen Skjerven Luster, etterkomarar


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Her på forumet har tidlegare vore omtala Erik Jørgensen Skjerven 1797-1863, frå Luster. 

Gift i Fana 6.1.1833 med Anna Sørensdotter frå Fyllingen øvre i Fana.   Anna døydde 19.12.1846.  

Erik gifte seg att i Bergen 26.3.1848 med Maria Olsdotter frå Grønli i Fresvik, Leikanger.  Ho skreiv seg då ousland til etternamn.   Maria var fødd i 1804 og døydde på enkjefattighuset i Bergen 18.5.1879.  Erik fekk fire born, tre frå første ekteskapet og eitt frå det andre.

 

Er det mogeleg å finne namna på dei fire borna hans og når dei var fødde?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisann Anne Marie!

 

Kan henda har du det du treng om denne huslyden, men for ordens skuld, her er utdrag av manuskriptet mitt for husmannsplassen Skjervebakken under gnr. 139 i Hafslo (Luster):

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Erik Jørgenson, døypt i Hafslo 3.10.1797,

Erik Jørgensen flytte i ung alder til Stendal i Solund, men gifte seg første gongen i Fana 6.1.1833 med Anna Sørensdotter frå Fyllingen øvre i Fana.  Ho var dotter av husmann Søren Østenson på ein plass under Hellebust i Gaular, opphavleg frå Oppedal i Gaular, og kona Martha Hansdotter frå Vindeim i Gaular og f. i Gaular 3.6.1797, men flytte med mor si til Fyllingen øvre i Fana der ho vart attgift.  Erik og Anna busette seg i Bergen der Anna d. 19.12.1846.  So gifte Erik seg att i Bergen 26.3.1848 med Maria Olsdotter frå Hauglum i Fresvik, Leikanger.  Ho var dotter av husmann Ole Gjertson i Grønlien under Hauglum i Fresvik, Leikanger, opphavleg frå Leknes i Askvoll, og kona Anna Nagel Monsdotter frå Ramsøy i Aurland og vart døypt i Aurland 15.7.1804.  Erik var dagarbeidar, og han og Maria vart buande i Bergen der Erik d. 9.4.1863.  Maria Jørgensen d. på enkjefattighuset i Bergen 18.5.1879.  Erik fekk fire born, tre frå første ekteskapet og eitt frå det andre, men første kona Anna hadde òg to born frå før:

a. Søren Ingebrigtsen, tvilling, son av Anna og soldat Ingebrigt Andersson frå Kirkeide i Stryn, var f. i Bergen 12.7.1825, men d. på Fyllingen i Fana 20.7.1825.

b. Hans Ingebrigtsen, likeins tvilling og son av Anna og soldat Ingebrigt Andersson frå Kirkeide i Stryn, var f. i Bergen 12.7.1825 og d. som gardbrukar på Fyllingen øvre i Fana 29.5.1866.  Hans gifte seg i Årstad, Bergen 10.11.1850 med Synneva Johannesdotter frå Ny-Krohnborg i Årstad, f. på (Lyse-)kloster i Os 14.1.1824.  Ho vart attgift som enkje, men d. som kårenkje på Fyllingen øvre 9.7.1900.  Hans og Synneva vart gardbrukarar på Fyllingen øvre i Fana, og dei fekk seks born i lag.

c. Georgine Martine Eriksen, f. i Fana 10.1.1833, flytte i ung alder til Nordland og d. som husmannskone på Risøya i Dverberg 1.10.1887.  Ho gifte seg i Dverberg 18.11.1860 med Knut Olson frå Bustetun i Kinsarvik, Ullensvang.  Han vart f. i Ullensvang 29.1.1815 og d. på Andenes i Dverberg 2.11.1899.  Knut var murar, og han og Georgine budde som husmannsfolk på Risøya i Dverberg.  Dei fekk ni born i lag.

d. Severin Peter Eriksen, f. i Bergen 27.5.1835, vart konfirmert i Bergen i 1850 og levde framleis i 1863, men var då flytt frå Bergen, og lagnaden hans er ukjend.

 

     ##### (nemnd som seglmakarlærling i Bergen i 1854 - fleire opplysningar?: https://www.digitalarkivet.no/view/237/pc00000000028065

e. Christian Enoch Eriksen, f. i Bergen 6.9.1841, vart konfirmert i Bergen i 1856 og levde òg i 1863, men var likeins flytt frå Bergen, og lagnaden hans er ukjend.

 

     ##### (nemnd i militærruller i Bergen - fleire opplysningar?: https://www.digitalarkivet.no/view/91/pc00000001115956 og https://www.digitalarkivet.no/view/44/pp00000000031094

 

f. Anne Marie Eriksen, f. i Bergen 6.2.1848, d. i Bergen 10.3.1892.  Anne gifte seg i Bergen 4.10.1890 med enkjemannen Mons Cornelius Andersson Heldahl, f. i Bergen 13.12.1838.  Han d. i Bergen 16.4.1912.  Mons Heldahl var snikkarmeister, og han og Anne busette seg i Fjeldgaten i Bergen.  Dei fekk ikkje born i lag, men Mons hadde to søner frå eit tidlegare ekteskap.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Vonar du kan nytta deg av noko av dette, og om du (eller andre) greier finna ut noko meir om dei to sønene Severin Peter og Christian Enoch, ville eg verta overlukkeleg over det!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

d. Severin Peter Eriksen, f. i Bergen 27.5.1835, vart konfirmert i Bergen i 1850 og levde framleis i 1863, men var då flytt frå Bergen, og lagnaden hans er ukjend.

     ##### (nemnd som seglmakarlærling i Bergen i 1854 - fleire opplysningar?: https://www.digitalarkivet.no/view/237/pc00000000028065

 

Legger for ordens skyld inn opplysningene som står i selve hjemstavnsforhøret fra 1854 - nr. 51:

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesbok&bokid=hjst1

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=hjst1&sideid=23&storleik=

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=hjst1&sideid=24&storleik=

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget med opplysningar om Severin.

 

Diverre får me ikkje vita noko meir om lagnaden hans, men då veit me at han i 1854 framleis var i Bergen.  Kan han ha utvandra til Amerika??

 

Kanskje er det større sjansar for å finna att halvbroren Christian Enoch?  Militærrulla, som tek til i 1869, nemner Christian som #1693:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/78930/35

 

men kvar kan me so finna fleire opplysningar??

 

Eg takkar på ny for hjelpi med opplysningar om lagnadane til desse brørne, søner av Erik Jørgenson!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

@Lars E. Øyane Eg sit og les korrektur på ein AMF-database over gravlagde i Fjaler 1821-1835, og har komme over ein Einer Jørgensson Skjerven, Fossedal som drukna i 1830, 28 år gammal. Fossedal er etter endring i kommunegrensene i 1990 i Askvoll kommune.

 

#57:

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Holmedal, Guddal i Fjaler (Ytre Holmedal), Ministerialbok nr. A 5 (1821-1835), Døde og begravede 1831, Side 129
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070507650062 

 

Eg ser at han også rakk å bli far før han døydde:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000039652812

 

Her er bustad oppgitt som Fossevik, som ligg ved fjorden nedanfor Fossedalen.

 

Dette må vel vere bror til den Erik Jørgenson Skjerven som er nemnd i overskrifta. Kjenner du til dette?

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #9:

 

Hjarteleg takk til Torbjørn for ein interessant kommentar!

 

Jau, Einer Jørgenson var fødd på Skjerven («Skjervo») i Hafslo som bror av Erik.  Dåpsdatoen er 8.6.1802.  Han er ikkje konfirmert i Hafslo, so han må vera flytt til Fjaler før han vart so gamal...

 

* Kanskje finn du han som konfirmant der ute ein stad?

 

Elles saknar eg framleis lagnadane til dei to sønene etter Erik Jørgenson Skjerven:

 

* Severin Peter Eriksen, f. i Bergen 27.5.1835, konfirmert i Bergen i 1850 og nemnd seglmakardreng i 1854: https://www.digitalarkivet.no/view/237/pc00000000028065

framleis ilive i 1863

 

* Christian Enoch Eriksen, f.  Bergen 6.9.1841, konfirmert i Bergen i 1856, nemnd som soldat etter 1869: https://media.digitalarkivet.no/view/78930/35

 

Det hadde vore kjempebra om desse brørne kunne sporast opp vidare, og eg takkar på ny for alle gode tips!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

* Christian Enoch Eriksen, f.  Bergen 6.9.1841, konfirmert i Bergen i 1856, nemnd som soldat etter 1869: https://media.digitalarkivet.no/view/78930/35

Han står som rømt i Liverpool i 1/8 63

 

Bergen fylke, Hovedrulle nr. 3 (1869-1871), Protokollside, Side 847
Permanent bilde-ID: ru10611710203045
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru10611710203045
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-ru10611710203045.jpg
 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #11:

 

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Sven for eit spennande og interessant innlegg om Christian Enoch Eriksen som «rømt sjømann».  Då er det ikkje so løge at han ikkje er å finna i norske folketeljingar...

 

Men er det mogeleg å finna Christian Enoch og broren Severin Peter i seinare kjelder?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.