Gå til innhold
Arkivverket

SF Davik/Eid/Gloppen - kven er systrene (?) Inger Olsdtr Kjøllesdal og Anne Olsdtr Mettenes, fødde rundt 1710?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Takk skal du ha! Ja, og tenk kor mykje enklare skrivaren hadde gjort det for oss dersom han hadde spandert nokre få milliliter blekk på å skrive patronym på Ole Heggen. Pussig at han ikkje gjer det, når det faktisk er fleire med same namn samtidig.

 

Så er spørsmålet KVEN av dei eksisterande Ola Heggen vi skal fram til. Vi skal i alle fall ikkje stole på at alle opplysningar i bygdeboka er rette.

 

Dersom vi tek Manntalet i 1701 som utgangspunkt, bør "vår" Ola stå der, og han skal vere gift og etablert, i følgje skiftet på Hatleli/Strand i 1699.  Dei tre eventuelle døtrene vi veit om, er fødde i det fyrste ti-året av 1700-talet.

 

RA, Manntallet 1701, nr. 9: Sunnfjord fogderi, Nordfjord fogderi og Svanø birk, 1701, s. 214-215
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/ft10051010280115
 

1. Her møter vi fyrst på Ole Rasmussen, 40 år, med sonen Rasmus på 2 år. Han kan vere ein aktuell kandidat, og eg kjem straks tilbake til han.

 

2. Andremann er Ole Andersson, 20 år, som tener hos Ole Rasmussen. Når vi antek at "vår" Ola er svigerson og formyndar på Strand/Hatleli i 1699, må vi faktisk ekskludere denne Ola'en, sidan han ikkje er etablert, og heller ikkje myndig. 

 

Plasseringa i manntalet kan tyde på at han er svoger til Ole R, dvs at Ole R er gift med ei Andersdotter. Det passar i så fall ikkje heilt inn, sidan "vår" Ola skal vere gift med Ragnhild Mattisdtr. Men Anders-dottera kan vere død, og Ola R gift opp att?

 

Uansett, vi veit om 3 born av Ola Rasmusson - dei kjem eg tilbake til.

 

3. Den tredje Ola er 39 år gamle Ola Jonson, med sonen Jon på 9 år. Han har eg ikkje meir om, og har tenkt han kunne vere ein aktuell kandidat, men må sjå meir på han.

 

Men tilbake til nr 2 - Ola Rasmusson. Vi VEIT at han hadde 3 born, men vi kan ikkje seie sikkert at han ikkje har hatt fleire.  Dei tre borna vi kjenner til, er 2-åringen Rasmus frå 1701, vidare systera Anne som blei gift til Hopland; ho har "sin broder Rasmus Olsen Heggen" som lagverge i skiftet etter mannen. Den same Rasmus er også formyndar for Anders Olsson Hopland sine born i eit skifte, så alle desse tre må vere sysken. (Anne og Anders vart gift med to sysken på Hopland; ekte syskenbyte).

 

Så kjem den interessante detaljen som eg har nemnt så vidt før: Denne Anne Olsdtr på Hopland er allereie blitt enkje før Ola Ellingson Mettenes gifter seg med si Anne Olsdtr ca 1735. Kanskje er det enkja frå Hopland han har fått hand om?

 

I så fall er det OLA RASMUSSON som er vår mann.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser eg har vore litt upresis i forrige innlegg, og skal her lenke til det skiftematerialet eg snakkar om. Framhald følgjer.

 

Fyrst skiftet etter Ola Knutson Hopland i 1734. http://arkivverket.no/URN:sk_read/24224/410/

 

Her er enkja Anne Olsdtr til stades, og har "sin broder" Rasmus Olsson Heggen som lagverge (han som var 2 år i 1701). På slutten av skiftet blir farbroren Samson Knutson Rauset innsett som formyndar for det einaste barnet, Knut Olsson. I følgje ein formyndarprotokoll som ikkje er tilgjengeleg på nettet, blir denne formyndarskapen seinare overført til Rasmus Olsson Heggen.

 

Så til eit skifte-ekstrakt i 1740, etter Marte Samsonsdtr Hopland - 

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0008: Skifteprotokollar, 1733-1744, s. 78
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081128620657

 

Her arvar sonesonen Knut Olsson, og formyndar er den forhen anordnede formynder Rasmus Olsson Heggen. Deretter står avdøde si ugifte dotter Brite Knutsdtr omtala, og ho har "sin svoger" Anders Olsson Hopland til formyndar. Dermed har vi plassert kona hans, Kari Knutsdtr i denne familien. I følgje den tidlegare nemnde formyndarprotokollen blir denne Brite Knutsdtr forresten seinare gift med Abraham Andersson Heggen.

 

Deretter har vi eit skifte-ekstrakt i 1742, etter denne kona Kari Knutsdtr. Faren blir formyndar for dei to umyndige borna Ola og Marte. 

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0008: Skifteprotokollar, 1733-1744, s. 103
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081128620682

 

Til slutt hektar eg på skiftet etter Anders Olsson Hopland i 1764

 

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24231/384/

 

Her er også Rasmus Olsson Heggen formyndar for eit par døtre.

 

Ut frå dette eg no har gjort greie for, kan eg ikkje sjå nokon tvil om at Rasmus Olsson Heggen, Anders Olsson Hopland og Anne Olsdtr Hopand er sysken. Men det store spørsmålet er om eg kan greie å knyte FLEIRE sysken til dei.

 

Og så til slutt, heilt nytt for meg, og med fare for å komplisere endå meir:

 

Skiftet etter Magdeli Knutsdtr Heggen, Rasmus Olsson si kone, viser til overmål at ho er syster til Ola Knutson og Kari Knutsdtr som syskena hans var gifte med.

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0015b: Skifteprotokollar, 1770-1774, s. 564b-565a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081201610089
 


 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No er det like før eg begynner å få nattlege mareritt om Olsdøtre Heggen. Best som eg trur eg har ei løysing, går eg meg fast igjen.

 

Eg har altså hatt ein teori om at Anne Olsdtr, enkja etter Ola Knutson Hopland, har gifta seg på nytt med Ola Ellingson Mettenes, men dette siste skiftet eg fann, etter Magdeli Knutsdtr Heggen (f.Hopland) riv beina unda denne teorien, og dermed står eg på berr bakke igjen. 

 

Skiftet plasserer nemleg Anne sin son, Knut Olson, på Nygård i Eid, og då finn eg han som brudgom i 1759 - https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000001255666 - kalla Knut Olsson Reme.

 

Og kven andre finn vi på Reme? Jau, Jørgen Halvorson Grøthaug - innlegg 36 i denne tråden - som gifta seg i 1739 med Anne Olsdtr Heggen...

Sannsynlegvis må då dette vere den Anne Olsdtr som vart enkje på Hopland i 1734, og som kanskje har vore heimom til Heggen i mellomtida.

 

Det at Rasmus Olsson Heggen si kone OGSÅ er frå denne Knuts-syskenflokken på Hopland, gjer meg meir usikker på om han og Anders er brør likevel. Rasmus kan vere formyndar for borna hans i eigenskap av å vere gift med syster til mor deira??

 

Nei, dette er noko av det mest kompliserte eg har vore borti. 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I eit skifte etter Otte Erichsen i Osdalen i Volda i 1707, er mange av arvingane i Nordfjord: https://media.digitalarkivet.no/sk20090123670748

M.a. er nemnt avdøde Anne Ottesdtr. sine to born, Joen Olsen og Sigri Olsdtr., med formynder "faderen Joen Olsen Heggen".  Det siste namnet må vel vere ei feilskriving for Ole Joensen Heggen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk for denne - som eg nok har sett før, men hadde oversett i denne samanhengen. Her har vi i alle fall den tredje Ola Heggen - men veit ikkje kva sivilstand han har på dette tidspunktet; om han td er gift på nytt og har fleire born. I den gamle bygdeboka mi står han gift med Brite Knutsdtr, men det kan sjølvsagt vere feil.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Busetnadsoga for Volda - bind 3 - side 453 "Didrikgarden" Osdal. Ca. 1666 - 1705

Otte Erikson f. ca 1634 - d. før 27.05.1707 (skifte) gift m. Marte Olsdtr.

Barn; Anne d. før 27.05. 1707 gift med Jon Olss, Frå Heggja i Hornindal, busett Heggja i Hornindal.

Otte hadde  6. jenter og alle fekk ektefelle få Hornindal/Eid. Den yngste tok over garden i Osdalen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for det sitatet; der har nok skrivaren brukt namnet frå skiftet - "Jon Olson" - men det skal som Inge Nygård påpeikar, vere Ola Jonson.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I "Honndalsboka" og Aalandsboks har Ole Jonsen på Heggen nr. 5, si kone fått navnet  Brite Knutsdatter, og ellers skal ei Brite Knutsdatter Hopland være gift med en Nils Kalvatn på Sunnmøre. Det siste er nevnt i skiftet til Magdeli Knutsdatter, gift med Rasmus Olsen Heggen. På Søre Kalvatn er nevnt flere Nils-er med forbindelse til Didrik-garden i Osdal, så det er fortsatt endel løse ender. Selv om skiftet etter Magdeli er nevnt i innlegg 53, tar jeg inn arvigene her:

Nærværende den Sahl:  Qvindes igienlevende Mand Rasmus Olssen  og den Sahl. Qvindes 4 Søskinde eller deris eftterladte Børn, nafnl.

  •  1.           Ole Knudsen Hoplands igienlevende Søn
  •                a. Knud Olsen Nygaard (i Eid)
  •  2.           Samson Knudsen Røsetters 3de børn, nafnl. (Rauset i Gloppen)
  •                a. Brithe Samsons datter 26 aar gl.
  •                b. Marthe Samsonsdatter 24 aar, og
  •                c. Anne Samsonsdatter 20 aar
  •  3.           Brithe Knudsdatter gift med Niels Kaldvatten paa Sundmør, og
  • 4.            Karie Knudsdatter Hoplands igienlevende ene barn,
  •                a. Ole Andersen Hopland,

 

Brite Knutsdatter Hopland er dessuten plassert som 2. kona til Abraham Andersen Skrede på Heggen nr. 5 i Aalandsboka, men ikke i Honndalsboks.

Har noen mer kunnskap om Ole Jonsen Heggen og eventuelle barn? 

Når det er sagt er det fortsatt Inger Olsdatter Heggen gift med Elias Rasmussen (Skrede) Kjøllesdal som vi søker å finne riktige foreldre til.

Endret av Tor Kvien
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, Inger sine foreldre er målet, men som vi har nemnt før: Her i denne krinser er "alle i slekt med alle", og løysinga - om ho finst - kan ligge nesten kvar som helst. Takk for siste innlegg også!

 

Skiftet du refererer stadfestar at det er tre sysken som har ekteskapsforbindelse til Heggen:

 

Magdeli Knutsdtr - gift med Rasmus Olsson Heggen

 

Ola Knutson Hopland - gift med Anne Olsdtr Heggen. Rasmus blir omtala som "hennes broder"

 

Kari Knutsdtr - gift med Anders OIsson Heggen, til Hopland. Eg har gått ut frå at han er bror til dei to andre, sidan Rasmus er formyndar for borna hans, men årsaka til det kan vere at konene er systre. Så enn så lenge er eg usikker på om han ER bror; det må eg sjekke litt meir.

 

Når det gjeld Brite Knutsdtr, så vart ho enkje etter Abraham Heggen i 1754, og kan godt ha gifta seg med Nils Kalvatn etter det.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du spør i ditt siste innlegg om opplysningar om Ola Jonson Heggen. 

 

No veit eg ikkje om det er same personen, men her er i alle fall nemnt dette namnet - under skiftet på Roti på h.s.

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0008: Skifteprotokollar, 1733-1744, s. 117
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081128620698
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg meiner det må vere mogleg å angripe problemstillinga i denne tråden på anna vis. Men først vil eg nemne at eg stiller meg litt tvilande til at Halstein Arnesen skulle vere i nær slekt med Rasmus Eliassen. Han var derimot gift med Brithe Eliasdtr., Rasmus si syster, og var trulovar for Rasmus og Inger i eigenskap av svoger.

 

Derimot var Rasmus Eliassen og Inger Olsdtr. tremenningar, og det kunne kanskje såleis gå an å finne Inger sine aner med utgangspunkt i Rasmus sine. Eg har at Rasmus sine besteforeldre var Bottolf Antonissen, NN, Rasmus Arnesen og Anne Iversdtr. Ein av desse fire vil vere sysken til ein av Inger Olsdtr. sine besteforeldre.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg skreiv i førre innlegg at Rasmus og Inger var tremenningar. Dette står i ekteskapsløyvet frå 1738 (nr. 223): https://www.digitalarkivet.no/da20120920620770

Her er dei forøvrig nemnde som "bønderfolk af Mels Præstegield og Nordfiords..." (namnet brukt på prestegjeldet er vel ei feilslutning basert på namnet på prestegarden)
 

Det er nemnt i denne tråden at trulovaren deira, Ole Bottolfsen Skårhaug, kunne vere Rasmus sin farbror. At det verkeleg er slik det heng saman, viser eit skøyte frå 1716 vedr. Skrede: https://www.digitalarkivet.no/tl20071008840143


I samband med teorien om at Ole Jonsen Heggen og Ragnilde Mathisdtr. (Hatlelid) skulle vere Inger sine foreldre, kastar eg inn ein tanke om at Ragnilde vart tidleg enke, og gift (rundt 1720) med Ole sin ettermann på bruket, Abraham Andersen. Abraham vart seinare gift med Mari Olsdtr., noko som skjedde i 1744, året etter at Ragnilde døydde.

 

I dette skøytet frå 1734 vedr. Heggen, vert det nemnt at Jon Olsen Erviksæter var Abraham sin eldste steson: https://www.digitalarkivet.no/tl20071008840907

Jon Olsen sin son Rasmus Jonsen vert og nemnt her. Jon Olsen var vel uansett ikkje son til Ragnilde, og eg får ikkje dette heilt til å gå opp vedr. alder på dei involverte her, men eg finn likevel dette interessant.

 

 

 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.