Gå til innhold
Arkivverket

Peder Vidreikson Voss og Leikanger


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Peder Vidreikson var fødd ca 1647, budde truleg ei tid på Voss der faren Vidreik Torbjørnson Hov (1629-1701) hadde gard på Finne 1661-1672. Før og etter den tid budde faren i Fresvik i Leikanger. I skiftet etter Vidreik er nemnt at Peder hadde gjort seg skuldig i brotsverk og viss han fekk arv etter faren skulle den gå til kongens kasse.

 

I manntalet i 1701 bur Peder på Øyri i Fresvik. I  ei skatteliste frå 1711, eit matrikkeloversyn frå 1718 og eit matrikkelutkast frå 1723 .heiter brukaren på Øyri Peder. Men dette er truleg Peder Mattison Bøtun (fødd mellom 1645 og 1650)  som var gift med syster til Peder Vidreikson. Peder Mattisson var brukar på Øyri frå 1680 og kjøpte garden hjå Mads Sæve på Voss i 1702.

Han burde då vere i manntalet i 1701 på Øyri, men der er berre Peder Vidreikson oppførd.

Kan nokon klara å finna ut meir om Peder Vidreikson og lagnaden hans?

Og om Peder Mattisson verkeleg budde på Øyri mellom 1680 og 1723?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.