Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet Februar 20, 2018 Del Skrevet Februar 20, 2018 I ei avskrift frå ein forliksprotokoll finn eg fylgjande: Samme Dag havde Ingebrit Botoldsen Ottergjeld indvarslet Lars Ingebritsen Ørn, fordi Indklagte vil, ifølge sin forment‑ lige Odelsret indløse Gaarden Ørn, som nu eies og bruges af Lars Ingebritsen. Kven av desse to er det som vil innløysa garden? Og kven er det som er indklagte? Kven er det som har sett i gang saka? Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet Februar 20, 2018 Del Skrevet Februar 20, 2018 Dersom det er Lars som eig og brukar garden, må det vere Ingebrit som har reist sak og vil løyse inn garden på odel. Det er alltid eit mogeleg alternativ at det er feil i avskrifta... - men den siste delsetninga er neppe den vanskelegegaste å tyde. Det er også mogeleg at det er feil i originalen (t.d. at Lars kunne vere brukar, men ikkje eigar). Det er tydelegvis Ingebrit som er "indklagte" (som vil "indløse"). Det rimar ikkje heilt - men det er mogeleg at samanhengen er at Ingebrit har reist sak - og at Lars har klaga på noko omkring dette (formalitetar, vurdering av odelsrett, m.m.). Det er kanskje fleire opplysningar i forliksprotokollen? Det er vel Øyri i Fresvik/Leikanger det er snakk om? Ifl matrikkelen 1838 https://media.digitalarkivet.no/ma10061006093335 var Lars Ingebrigtson brukar då (men desse opplysningane kan ha vore fleire år gamle i 1838). Realpanteregisteret kan klargjere noko av dette. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet Februar 21, 2018 Forfatter Del Skrevet Februar 21, 2018 Det eg veit er at Lars hadde fått bygselbrev på livstid hjå faren då eldste broren Botolv døydde i 1820 og Botolv berre hadde mindreårige born. Men Ingebrigt som var eldste sonen til Botolv ville overta garden på odel då bestefaren døydde i 1833. Han hadde då budd saman med mora og den nye fam hennar på ein annan gard i Fresvik. Har også denne avskrifta frå 1834: 1834. No‑ 12. Udsat. Samme Dag havde Ingebrit Botoldsen Ottergjeld indvarslet Lars Ingebritsen Ørn, fordi Indklagte vil, ifølge sin forment‑ lige Odelsret indløse Gaarden Ørn, som nu eies og bruges of Lars Ingebritsen. Som Kurator møder Niels Endresen Smidie. Da Niels Smidie ikke mødte, blev Sagen udsat. Da Intet videre var at forhandle, sluttedes Mødet. Skiftet då bestefaren døydde i 1833 https://media.digitalarkivet.no/view/12793/162 Her verkar det som sonesonen Ingebrigt skal ha garden? Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet Februar 21, 2018 Del Skrevet Februar 21, 2018 Tja... lenkja går til realpanteregisteret - og det er opplysande for situasjonen, men gjer tolkinga av avskrifta meir uklar. Omstenda er tydelegvis sånn: Gamlefar Ingebrigt var eigar til han døydde, 1833. I 1820/21 pensjonerer han seg og bygslar bruket til sonen Lars. Bygsel var gjerne på livstid. I skiftet etter Ingebrigt (den eldre), 1833, er eigedomen utlagt til sonesonen Ingebrigt Bottelson. Det er tydelegvis tinglyst at Ingebrigt (d.y.) skal betale ut ein del arvingar (og kreditorar?) i skiftet. Det er tinglyst obligasjonar på lån, som venteleg har gått til å betale ut nokre/alle desse fordringshavarane. Ingebrigt (d.y.) har kurator ved saka i 1834. Det vil seie at han var ugift, over 18 år, men under 25 (delvis myndig). Då ser vi minst éin feil i avskrifta (som kan vere rett avskrift, men feil i originalen): Lars er ikkje eigar, berre brukar. Vidare vil det ikkje ha meining at Ingebrigt (d.y.) gjer krav på eigedomen, sidan han alt har tinglyst skøyte på garden. Då er spørsmålet om det er Lars som vil kjøpe garden; eller om det er Ingebrigt som vil ta over som brukar. Sidan Bottel var eldre enn Lars, hadde Ingebrigt (d.y.) betre odel enn Lars. (Det treng naturlegvis ikkje vere til hinder for at Lars likevel kan finne på å påstå at han har betre odel.) Ein bygselbrukar kunne ikkje utan vidare kastast ut. Men om eigaren (her Ingebrit d.y.) ikkje hadde noko anna bruk sjølv, kunne det likevel skje. I eit tilfelle som dette, stod truleg Lars sterkare med livsvarig bygsel enn om han hadde fått kjøpe garden av faren i 1821 (då kunne Ingebrigt d.y. likevel ta garden på odel, og Lars hadde ikkje hatt nokon kontrakt til vern). Det kan hende det er dette som er utgangspunktet: at Ingebrigt vil ta over som brukar, og fremjar sak om dette. Då gjev det meining at det var Ingebrigt som "indvarslet" Lars. Det gjev ikkje heilt meining i "Indklagde", men dei vidare forhandlingane i forliksrådet vil truleg klare opp i det. Endeskapen må ha vore at Ingebrigt tok over på eitt eller anna tidspunkt (anten kort tid etter 1834, eller når Lars gjev seg med gardsdrifta og vert kårkall). Iallfall må det vere sonen (Bottel Ingebrigtsson) som er brukar i 1886: http://www.rhd.uit.no/matrikkel/mtliste.aspx?knr=1419&gnr=50 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anne Marie Bøtun Øyri Skrevet Februar 21, 2018 Forfatter Del Skrevet Februar 21, 2018 Takk for eit grundig svar som var til god hjelp! Eg veit at det enda med at Ingebrigt tok over garden og Lars og hans familie også budde der men truleg som husmann/strandsitjar. Ingebrigt gifte seg i 1839, 23 år gammal, så eg kan tenkja meg at det var på den tida han ville flytta inn på Øyri. I 1845 var iallfall Ingebrigt busett og eigar på Øyri medan også farbroren med familie budde der. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå