Gå til innhold
Arkivverket

Mors alder ved barnefødsler - kor gamle mødrer kan dokumenterast i Noreg?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

For fleire år sidan var det ein eller fleire debattar i Brukarforum om levealder i Noreg, der ein søkte etter dei eldste dokumenterte personane som har levd i Noreg.  Men eg kan ikkje hugsa at spørsmålet om mors alder ved siste barnefødsel har vore drøfta!?  Difor tek eg i kveld opp dette spørsmålet som eige emne:

 

Frå Luster har eg fleire døme på «godt vaksne» dokumenterte barnemødrer:

 

* Den eldste eg kjenner til var ei Britha Christophersdotter Wigdahl, døypt i Jostedalen 1.7.1745.  Ho fekk eldste sonen Nils i 1764, medan den yngste Torkild, truleg berre heimedøypt, vart gravlagd i Luster 22.1.1796, 11 dagar gamal.  Då var mori om lag 50½ år gamal!

 

* Ei anna var Malena Olsdotter Næs, døypt i Luster 23.8.1801.  Ho fekk eldste sonen Anders i 1821, medan den yngste Andreas var fødd i Luster 31.8.1850.  Då hadde mori runda 49 år!

 

Men eg er sikker på at andre kan dokumentera eldre mødrer enn dette og innbyr til debatt!

 

Hjarteleg takk for alle gode innspel!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Temaet var også oppe her på forumet i 2013. Der nevnte jeg min oldemors svigerinne Maren Halvorsdatter Rismyhr f. Austad (født 31. juli 1864 i Hof i Solør, død 21. januar 1943 i Elverum), som var bosatt på Terninga i Elverum. Hun var 52 år, 7 måneder og 11 dager gammel da hennes yngste sønn Magnar Rismyhr ble født 11. mars 1917.

 

Magnars dåp i Elverum, nr. 24: https://media.digitalarkivet.no/kb10211608172164

  • Liker 1
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 2005/2006 var hustru Mille Audunsdotter i Hemne kjerna i ein diskusjon om akkurat dette temaet. Den truleg yngste dotter hennar, Gunnhild, vart fødd 6. januar 1628. Kjeldene opnar for at Mille var gift allereie i 1593, då mannen hennar, herr Mikkel Kristensson i Hemne, er kalla Ivar Audunssons svoger. Det er kjent frå 1600-talet at kvinner i dette miljøet kunne bli gift svært tidleg. Men i dette tilfellet kan vi ikkje vere sikre på at svoger-omgrepet viser til at Ivars syster (allereie) er gift med herr Mikkel. Det er publisert svært mykje om hustru Mille, men dei fleste artiklane held låg kvalitet, og mange av forfattarane har hatt mangelfull kjennskap til kjeldematerialet. 

 

 

 

Endret av Lars Rottem Krangnes
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ronny og Lars for nye interessante innlegg!

 

Eg ser det var ein del diskusjon kring alderen til Mille Audunsdottere, so heilt 100% dokumentert var vel ikkje alderen hennar ved fødsli til siste barnet...  Derimot er eg imponert over Maren Halvorsdotter som Ronny refererer til!

 

Dette syner at det er godt mogeleg å få born etter fylte 50 år, men vanleg kan vel ingen påstå at det er...!

 

Ein ny kjempetakk for interessen og innspel i denne debatten!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.