Gå til innhold
Arkivverket

Digitaliserte gravferdslister og dåpslister for Norderhov 1801-1814 - kvar er dei vortne av?

Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

For ei tid attende vart det vedteke å digitalisera dei viktigaste kyrkjebokavsnitti for perioden 1801-1814, og det skal på eitt eller anna tidspunkt ha gått ut ei melding om at arbeidet var fullført, MEN

Eg finn ikkje databaseregistrerte gravferdslister eller dåpslister for Norderhov bortsett ifrå perioden 1812-1814!

Kvar er so resten vorte av?  Det er MANGE av oss som ønskjer å nytta desse databasane...!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

Databasen er ferdig registrert, men ikke korrekturlest.

Dessverre vet jeg ikke når det blir gjort. Norderhov var en svært krevende kirkebok å få registrert husker jeg. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Renathe-Johanne for eit interessant innlegg!

Ringerike slektshistorielag har alt for mange år sidan databaseregistrert denne kyrkjeboki, men vil ikkje publisera basen på grunn av mange feil.  Og no set me faktisk fleire som, for å sleppa stadig vekk å måtta «kjempa» seg igjennom ei bok med vanskeleg skrift, vurderte å gå laus på ei nyregistrering av denne kyrkjeboki, særleg dei gravlagde, men det høyrest ut som det ville vera å gjera «dobbeltarbeid» eller sogar «trippelarbeid», og det er vel litt «dumt»...

Er det på eitt eller anna vis mogeleg å få tilgjenge til basen dykkar, sjølv om denne ikkje er korrekturlese?

Eg takkar igjen for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan det i slike tilfelle evt. vere ei mogelegheit å la Slekt og Data eller andre få leggje ut ei midlertidig løysing tilsvarande FT1923 for Kristiania som kan brukast medan ein ventar på at Digitalarkivet får korrekturlese og/eller ordna med å få databasen klar?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg saknar svar på dette emnet og støtter opp om spørsmålet frå Torbjørn i innlegg #4.  Eg tykkjer spørsmålet hans er svært so relevant!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Hei

Det er ikke ønskelig å legge ut en database som vi vet vi må lese korrektur på. 

Årsaken til dette, er at når vi publiserer en database, så får alle personer idnr. Mange lager ofte linker eller lagrer idnr til en slektning de har funnet på Digitalarkivet.

Dermed er det slik, at når en database først er publisert, så ønsker man ikke å slette denne igjen. Hvis vi sletter, så forsvinner alle linker og idnr. 

Nå da det et mulig å sende inn korrekturmeldinger, kan vi forvente at det vil komme inn en del korrekturmeldinger. 

Og da begynner problemene. Vi kan ikke lese korrektur på den filen vi opprinnelig la ut på nett, fordi den allerede er publisert og påført Idnr. Dersom vi korrigere i den versjonen på nettet, så er den også endret i henhold til opprinnelige ukorrekturleste versjon. 

Resultatet blir at vi må laste ned en kopi av den filen som ligger på nett, gå gjennom korrekturmeldingene og se om de er korrekte. Deretter leser korrektur i denne filen, for så å laste opp en oppdatert versjon. Ved å laste opp en oppdatert versjon, så vil personene i listene beholde sine idnr. 

Dette kan ikke sammenlignes med 1923 for Kristiania. Her har man lastet opp den delen av folketellingen som er ferdig. Det som vil bli lagt ut videre her, er nye personer som enda ikke er publisert. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Renathe-Johanne for ei attendemelding i denne saki, sjølv om eg lyt tilstå, eg vart diverre ikkje heilt klok på svaret ditt.  Er det slik å forstå at de ikkje stolar på den eventuelle korrekturlesingi som vert føreteke av «menikgmann»?

Eg tykkjer personleg det vil vera meiningslaust og ikkje minst tidsøydslande å måtta setja seg ned for å databaseregistrera heile dette materialet ein gong til, noko som kan verta resultatet dersom det dreg langt ut i tid med nemnde korrekturlesing.  I eit anna tema ber de om hjelp til korrekturlesing av listene over borgarlege vigsler i Bergen.  Kunne me ikkje fått til eit tilsvarande samarbeid når det gjeld avlidne i Norderhov?  Eg er sikker på at fleire ville melda seg til friviljug innsats...!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 22.6.2018 den 15.17, Lars E. Øyane skrev:

Databasen over Norderhov som du etterlyser er allerede registrert av en ansatt ved Statsarkivet i Bergen. Men før vi publiserer denne, må den leses korrektur på. Nettopp pga den er så vanskelig. Dessverre har det blir en del endringer i Arkivverket etter omorganiseringen, slik at korrekturlesning av filene har dratt ut. 

Så det er ikke snakk om at jeg stoler eller ikke stoler på menigmann. Jeg er vel strengt tatt "menigmann" selv, som driver med kilderegistrering på fritiden. Ringerike har ikke sendt oss sine filer, så de kan vi ikke publisere. 

Det vil ikke bli aktuelt å gå ut med en korrektur forespørsel på denne filen

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

Jeg har nå sjekket med vedkommende som har registrert døde 1801-1811. Den er faktisk ikke ferdig registrert. Har kun kommet til 1811. Hun jobber ikke lengre med registrering, så hva vi får gjort med filen nå er usikkert. Den må registreres ferdig før den kan korrekturleses. 

Det er en ganske stor fil. Allerede nå er den på over 1300 døde

Fødte er ferdig registrert, men ikke korrekturlest på Statsarkivet i Bergen

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 20.6.2018 den 10.58, Renathe-Johanne Wågenes - DA skrev:

Hei

Det er ikke ønskelig å legge ut en database som vi vet vi må lese korrektur på. 

(...)

Dette kan ikke sammenlignes med 1923 for Kristiania. Her har man lastet opp den delen av folketellingen som er ferdig. Det som vil bli lagt ut videre her, er nye personer som enda ikke er publisert. 

Ein fullstendig versjon av FT1923 for Oslo har som kjent vore tilgjengeleg lenge hos Slekt og Data (Dis). Problemet var at publisering av materialet hos Digitalarkivet drog ut, og det var difor mange som ynskte ei midlertidig løysing slik at ein kunne søkje i materialet medan ein ventar på Digitalarkivet. (Eg hugsar ikkje om problemet var korrekturlesing også for FT1923, men det er godt mogeleg). Den fullstendige utgåva av FT1923 er så vidt eg veit framleis ikkje lagt ut hos Digitalarkivet.

Spørsmålet i min forrige kommentar var om det kunne vere aktuelt å gjere tilsvarande i andre tilfelle der ein av ulike årsaker ventar på Digitalarkivet og/eller at ting dreg ut. Altså ein midlertidig ikkje-korrekturlesen database som er søkbar hos f. eks. Slekt og Data. Eg meiner at problemstillinga absolutt kan samanliknast med den som gjaldt FT1923 for Oslo.

Midlertidig søk i FT1923: https://oa.disnorge.no/midlertidig-søkeside-ft-1923-oslo-0

På sjølve søkjesida til FT1923 kan ein m.a. lese at

Sitat

Når man ser på resultatet av søket, ser man helt til høyre at det står f.eks Bunke387, Bunke486k, eller Bunke346u. Står det bare Bunke357 betyr det at opplysningene er er registrert, men ikke korrekturlest. Står det Bunke496k er det korrekturlest, og står det Bunke321u er det både korrekturlest og sjekket for usikkerheter mot orginaltellingene.

NB! Ikke korrekturleste opplysninger kan ha feil og mangler, og bør kontrolleres mot andre kilder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En kirkebok som er under transkribering og som heller ikke er korrekturlest, av en av våre ansatte, blir ikke publisert!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er greit, men samstundes kan heller ikkje Digitalarkivet nekte Dis eller andre å leggje ut materiale som ikkje er korrekturlese eller av andre grunnar ikkje kan leggjast ut hos Digitalarkivet. (Eg føreset då sjølvsagt at det rettigheitmessige er i orden i kvar enkelt sak).

Mitt poeng er at dette i somme tilfelle etter mi meining ville vere til nytte for brukarane. Dette gjeld uavhengig av om det er snakk om Ft1923 for Oslo eller om det er snakk om ei kyrkjebok som ikkje er ferdig registrert og/eller korrekturlesen. Andre eksempel på nyttig materiale er kyrkjeboksdatabasane frå Sogn og Fjordane samt emigrantdatabasen frå Stavanger, som av kvalitetsgrunnar ikkje kan overførast frå "gamle" til "nye" Digitalarkivet. Det er rett at databasane frå Sogn og Fjordane ikkje held mål, men det finst knapt alternativ til desse databasane, og å bla seg fram over titals sider i kyrkjebøkene på jakt etter kvar einskild opplysning som kanskje kan vere der er ikkje eit godt alternativ.

Digitalarkivet ser ikkje ut til å vere villige til å bidra til dette. Men det er vel uansett ikkje Digitalarkivet si oppgåve å leggje til rette for dette, det må vel heller bli eit samarbeid i kvart enkelt tilfelle mellom dei som sit med rettane og dei som publiserer. Slekt og Data sin database frå Ft1923 i Oslo er eit nyttig og vellukka eksempel, og så har eg eit håp om at tilsvarande kan bli gjort i andre saker. Eg tykkjer det er for gale om det same arbeidet må gjerast opp til 3 gonger før Øyane og andre får ein database som kan brukast til å søkje i, slik som resultatet kan bli i eksempelet frå Norderhov ovanfor.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 29.6.2018 den 14.09, Renathe-Johanne Wågenes - DA skrev:

En kirkebok som er under transkribering og som heller ikke er korrekturlest, av en av våre ansatte, blir ikke publisert!

Kva skjer dersom Digitalarkivet får vite om transkriberte kjelder som allereie ligg i "nye" Digitalarkivet, og som openbert ikkje er korrekturlesne? Vil desse då bli fjerna i påvente av korrekturlesing? (Eg håpar at svaret er nei, sidan transkripsjonane vil vere nyttige trass i eventuelle feil).

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Kva skjer dersom Digitalarkivet får vite om transkriberte kjelder som allereie ligg i "nye" Digitalarkivet, og som openbert ikkje er korrekturlesne? Vil desse då bli fjerna i påvente av korrekturlesing? (Eg håpar at svaret er nei, sidan transkripsjonane vil vere nyttige trass i eventuelle feil).

Vi hadde fjernet en fil dersom vi hadde blitt gjort oppmerksom på at filen inneholdt ekstremt mye feil. Vi har valgt å ikke publisere slike filer når vi oppdager dette før publisering. 

Filene som ligger i gamle Digitalarkivet fra Sogn og Fjordane (Fylkesarkivet) blir ikke flyttet over nettopp pga dette. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 29.6.2018 den 17.02, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Det er greit, men samstundes kan heller ikkje Digitalarkivet nekte Dis eller andre å leggje ut materiale som ikkje er korrekturlese eller av andre grunnar ikkje kan leggjast ut hos Digitalarkivet. (Eg føreset då sjølvsagt at det rettigheitmessige er i orden i kvar enkelt sak).

Mitt poeng er at dette i somme tilfelle etter mi meining ville vere til nytte for brukarane. Dette gjeld uavhengig av om det er snakk om Ft1923 for Oslo eller om det er snakk om ei kyrkjebok som ikkje er ferdig registrert og/eller korrekturlesen. Andre eksempel på nyttig materiale er kyrkjeboksdatabasane frå Sogn og Fjordane samt emigrantdatabasen frå Stavanger, som av kvalitetsgrunnar ikkje kan overførast frå "gamle" til "nye" Digitalarkivet. Det er rett at databasane frå Sogn og Fjordane ikkje held mål, men det finst knapt alternativ til desse databasane, og å bla seg fram over titals sider i kyrkjebøkene på jakt etter kvar einskild opplysning som kanskje kan vere der er ikkje eit godt alternativ.

Digitalarkivet ser ikkje ut til å vere villige til å bidra til dette. Men det er vel uansett ikkje Digitalarkivet si oppgåve å leggje til rette for dette, det må vel heller bli eit samarbeid i kvart enkelt tilfelle mellom dei som sit med rettane og dei som publiserer. Slekt og Data sin database frå Ft1923 i Oslo er eit nyttig og vellukka eksempel, og så har eg eit håp om at tilsvarande kan bli gjort i andre saker. Eg tykkjer det er for gale om det same arbeidet må gjerast opp til 3 gonger før Øyane og andre får ein database som kan brukast til å søkje i, slik som resultatet kan bli i eksempelet frå Norderhov ovanfor.

Når det gjelder Norderhov døde som er altså problemet i begynnelsen her

Denne er under registrering av Arkivverket. Når den ikke er ferdig registrert så blir den ikke publisert. 

Deretter må den korrekturleses

Problemer med å publisere denne for deretter gjøre ferdig registrering og korrekturlesing, viser jeg til min tidligere forklaring på hvor omfattende dette da blir. 

Når det gjelder filene fra Sogn og Fjordane, så blir de som du sier ikke flyttet over pga kvalitet. Her må man gjerne registrere disse på nytt hvis man vil. Problemet med filene derfra, er ikke bare kvalitet, men at de i tillegg er sortert før innsendelse og utleggelse, slik at det er umulig å hente ut en liste i en kirkebok og ta korrektur på denne. Tro meg, jeg har prøvd. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Renathe-Johanne Wågenes - DA skrev:

Vi hadde fjernet en fil dersom vi hadde blitt gjort oppmerksom på at filen inneholdt ekstremt mye feil. Vi har valgt å ikke publisere slike filer når vi oppdager dette før publisering. 

Filene som ligger i gamle Digitalarkivet fra Sogn og Fjordane (Fylkesarkivet) blir ikke flyttet over nettopp pga dette. 

Takk for tilbakemeldingane.

Årsaka til at eg spør er at eg kom over ein database der eg fann tre feil i avskrifta av ei og same side i kyrkjeboka. (Eg har lagt inn korrektur på alle 3). Dersom eg går inn på det som står om transkribert versjon ser eg at det står kven som har transkribert, men at det ikkje står noko der evt. namn til den som har lese korrektur skulle ha stått. Dette tolkar eg som at databasen ikkje er korrekturlesen.

Men eg kjem ikkje til å opplyse kva for database det er snakk om. Nok ein gong meiner eg at databasen vil vere nyttig for andre brukarar, trass i at den tilsynelatande inneheld ein del mindre feil. (Om dette er representativt for resten av databasen veit eg forresten heller ikkje). Det er for gale om databasen berre skulle bli fjerna på ubestemt tid i påvente av korrekturlesing.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg takkar for fleire interessante innlegg som har vore i denne debatten den siste tidi, men eg må seia eg vart riktig «bekymra» då eg las at dei ikkje ein gong hadde ferdigregistrert dødsbasen for Norderhov.  Eg lurer alvorleg på om eg skulle setja i gong ein «dugnadsregistrering» av avlidne i Norderhov slik eg i si tid gjorde med avlidne i Lærdal, ein base som eg ser no er dukka opp hjå Digitalarkivet (utan at eg har lese korrektur på den basen...)!

Det er vel eit korn av sanning i det gamle uttrykket at «medan graset gror, so døyr kua», og diverre greier korkje eg eller andre å registrera alt som burde vore registrert!  Og til sjuande og sist er vel det heile eit spørsmål om prioritering, kven som enn måtte gjera denne prioriteringi.  Det hadde forresten vore svært so interessant å sjå korleis denne prioteringslista til Arkivverket ser ut!?

Høgt på mi liste, attåt dødsfalli i Norderhov, ville stå punkt som desse:

* Konfirmerte i Bergen.

* FT1870 for Bergen.

* Fattigprotokollane for perioden 1755 til 1830, der dei finst.

Og sjølvsagt må det vera eit mål å få transkribert alle norske kyrkjebøker, ikkje berre for perioden 1801-1815, men ogso for perioden 1815-1865 samt perioden før 1801, kanskje særleg 1760-1801.

Men du Torbjørn, eg gjer meg alvorlege sorger når det gjeld databasen som i si tid vart utarbeidd av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane med kyrkjebøker frå store delar av fylket.  Eg er samd i at kvaliteten kan vera «so som so», og denne evige «namnestandardiseringi», som eg veit har vore gjennomført i einskilde bygder, til dømes i Sogndal, er ein «uting».  Men delar av basen er ganske so «unik», til dømes kyrkjebokregistreringane for Vik der FamilySearch har gjort ein svært lite tilfredsstillande jobb!  Korleis skal me sikra oss mot at desse basane går tapt den dagen Digitalarkivet «skrur av» dei gamle basane?  For oss som stadig nyttar desse basane til hjelp i ættegranskingi i Sogn, ville oppleva eit stort steg attende og mykje meirarbeid i tidi som følgjer!

À pro pos basane for perioden 1801-1815.  Eg opplever stadig vekk at innførsler manglar som burde ha vore der.  Eg leitte til dømes etter eit dødsfall i Kristiansand frå 1807 for hattemakar Tørres Johan Schnell, men utan å lukkast...

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 6.7.2018 den 15.26, Lars E. Øyane skrev:

Lærdal: du refererer kanskje til Lærdal døde 1741-1752? i så fall så kan jeg si at denne har jeg korrekturlest og endret det meste i. Denne var nemlig standardisert,  noe som er feil når man driver med transkribering. Dessverre er et kun årene 1741 til 1752 som ble transkribert, da filen vi fikk ikke begynte før (selv om boken begynner i 1711)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk for siste meldingi di, Renathe-Johanne.

Eg vart nok litt overraska då eg henta fram basen for avlidne i Lærdal: https://www.digitalarkivet.no/source/11593

Eg transkriberte denne lista for å gjera ho «brukarvenleg», og kan henda hadde du mykje arbeid med korrekturlesingi, men eg vart nok litt såra då eg oppdaga at namnet mitt ikkje er nemnd i det minste som «med-opphavshavar»...

Men det er vel slik det er vanleg å gjera dette...

PS: Men dersom du likevel ville nyregistrera desse avlidne, hadde det ikkje då vore ein tanke å ta perioden frå 1730 til 1740, som ikkje er gjort før, sidan 1741-1752 alt låg føre...  Eller kanskje me skal gjera 1730-1740 ogso to gongar?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er den opprinnelege lista som det er snakk om:

Elles burde det finnast ei oversikt i Digitalarkivet om kven som driv med kva i forhold til transkribering av kjelder, slik at ein unngår unødig dobbeltarbeid. (Det er mogeleg at lista alt finst, men eg hugsar iallefall ikkje kvar).

(Men det skulle berre mangle at det ikkje også blir lese korrektur på databasane).

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Berre ein liten kommentar:

Om ikkje eg hugsar heilt feil, so var det ein eller annan (som ikkje jobbar i Arkivverket), som tilbaud seg å leggja denne dugnadsfili mi over i excel-format, og eg meiner òg å hugsa at vedkommande sendte denne excel-fili til Digitalarkivet, so i dette tilfellet kan det vel ikkje vera tale om eit «dobbeltarbeid»..., berre eit reint korrekturarbeid...

Eg ser forresten at dei amerikanske kyrkjebøkene som eg i si tid transkriberte, er overførte til nye Digitalarkivet utan at dei nokon gong vart korrekturleste.  Dette med korrekturlesing gjeld altso berre norske kjelder der originale ligg hjå Arkivverket?

Elles er eg heilt samd i at det burde finnast eit oversyn over kven som held på med kva når det gjeld transkribering, og eg vil berre oppfordra til at so mange som mogeleg engasjerer seg i transkriberingsarbeid.  Hadde døgeret berre hatt nokre fleire timer, so veit eg kva eg ville ha gjort...

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 uker senere...

Hei

Når det gjelder Lærdal døde så skjedde følgende:

Da filen kom inn til Digitalarkivet i en excelfil, så skulle jeg klargjøre denne for utleggelse. I den forbindelse ble det avdekket at navn var standardisert og en god del andre feil. Det viste seg også at personer manglet i registreringen. Dermed ble de bestemt at før vi skulle legge denne ut på nett, så tok jeg en korrektur av filen og gjorde alle rettingene. 

Da mener vi at når Arkivverket gjør en korrektur av filen, så eier Arkivverket denne. Lars Øyane fortsatt skal stå som bidragsyter. Dette var ved utleggelse ikke blitt lagt inn korrekt i vårt system, noe som nå er på plass. 

Vanligvis leser ikke Arkivverket korrektur på mottatte filer. Dette har vi ikke kapasitet til. En korrektur av filer vi mottar, bør allerede være gjort på forhånd.

Digitalarkivet kan velge å ikke legge ut mottatte filer dersom de ikke har god nok kvalitet. Lærdal måtte gjennom en korrektur for å kunne legges ut. Da jeg selv har slekt fra Lærdal, så var det greit for meg å ta korrekturen, da jeg kjenner til både navn og gårder. 

Dermed er det ikke snakk om en dobbeltregistrering, men en mottatt fil som vi har korrekturlest. 

Når det gjelder en oversikt over hvem som gjør var, så har vi dessverre ikke en slik funksjon i dag. Unntaket er de prosjektet vi selv har gående. Dette står på vår - to do - liste, men når det kommer på plass vet jeg ikke. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Renathe-Johanne for dei siste innleggi.

Då slår eg fast at har fått kreditt for dei mange timane eg sat med den vanskelge kyrkjeboki for Lærdal og set pris på det!

Elles set eg òg stor pris på at kyrkjebøkene for Norderhov er godt undervegs...  Det er nok gravferdslistene eg personleg er mest interessert i, men då kjem vel dei òg med tid og stunder utan at eg treng å setja i gong med eigen dugnad...?  Har du noko tidperspektiv for dette, Renathe-Johanne?

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 11.8.2018 den 17.48, Lars E. Øyane skrev:

Jeg har ikke noe tidspunkt for når filen er klar for publisering. Den er fortsatt under registrering. Deretter skal den korrekturleses

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.