Gå til innhold
Arkivverket

Christen Olson Fosse frå Sogndal?


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Christen Olson Fosse skulle vera frå Sogndal i Sogn og han var i lag med fadermorderska Ingeborg Olsdtr. Grønlien rundt 1840 og fekk også eit barn med henne. Barnet var dødfødd eller døydde kort tid etter fødsla. Christen vitna under rettssaka mot henne 1843-45. Dei var ikkje gifte. Sidan veit me ikkje meir om Christen.

Me har ikkje fleire opplysningar om Christen, men sidan Ingeborg var fødd i 1802 er det vel rimeleg å tru at Christen kan vera på omlag same alder. 

Er det mogeleg å finna fleire opplysningar om Christen?

 

Mvh

Anne Marie B Øyri

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Rettssaka er omtala i ekstrarettsprotokollane som ikkje er digitaliserte. Difor har eg ikkje fleire opplysningar om Christen. Eg har gått gjennom ein ekstrarettsprotokoll frå 1843 men enno ikkje fått tak i avhøyra og rettssaka som var tidlegare.

24.5 1843 forhøyr som varde til 10.6 1843

ekstrarett 5. okt 1843 (denne har eg avskrift av utan at eg får fleire opplysningar om Christen).

Skal ein finne fleire opplysningar om Christen må det i tilfelle vera i det første forhøyret.

Han blir omtala som" lauskar", dvs at han vel tok seg arbeid her og der og ikkje hadde familie.

 

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja me har hatt mykje her på forumet både om Ingeborg som drap far sin og om ein tidlegare "sambuar" Peder som kom frå Luster.  Med god hjelp frå dette forumet har ein bra kontroll på deira etterkomarar og kva som hende vidare.

Men den siste "sambuaren" til Ingeborg som  heitte Christen Olson Fosse er eit ubeskrive blad fortsatt. Kanskje er det tvilsamt  om ein kan finna noko om han også sidan vi verken har fødselsår eller andre opplysningar om han. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.