Gå til innhold
Arkivverket

Bygdebokoppslag eller lokal kunnskap - garden Vigeland i Sør-Audnedal - bakar Gulliksen frå 1800-talet?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

I følgjande debatt i Brukarforum:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/219784-martha-eriksdotter-høgi-fødd-i-hafslo-1831-gift-med-zacharias-andersson-frå-røst-værøy-ho-levde-då-far-hennar-døydde-i-bergen-1881-men-kvar-vart-det-av-dei-troms-eller-amerika/

 

er det dukka opp eit konkret spørsmål som gjeld garden Vigeland i Valle sokn, Sør-Audnedal, og eg lurer på om nokon med lokal kunnskap, eventuelt med tilgjenge til ei lokal bygdebok, kan hjelpa meg vidare?

 

FT1865 for Vigeland syner mellom anna denne huslyden: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038185002715

 

Min interesse knyter seg til sonen Theodor, fødd 14.9.1861: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001443157

 

Søsteri Ingeborg Gulliksen Vigeland, 25 år gamal, utvandra i 1878 til Amerika: https://media.digitalarkivet.no/view/6200/94

 

Broren August Gulliksen var i 1900 gardbrukar og sjømann på Vigeland: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037235001210

 

Foreldri gifte seg i Valle sokn 31.5.1859: https://media.digitalarkivet.no/view/957/223

 

Er det mogeleg å få stadfest følgjande opplysningar:

 

** Står det i bygdeboki noko om lagnaden til Theodor Gulliksen fødd i 1861?

 

** Om Theodor utvandra til Amerika, er eg interessert i å få greie på kvar foreldri hans kom ifrå og om dei alltid budde på Vigeland?

 

Dg takkar so mykje på førehand for hjelpi med dette oppslaget!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande innlegg!

 

Slik eg tolkar denne teksten, skal Theodor Gulliksen i 1880 ha gift seg med Anne Vettesdal, men Anne Vettesdal var jo namnet til mor hans!?  Og i 1880 var Theodor ganske so ung til å verta gift!?

 

Her er konfirmasjonen til Theodor i Sør-Audnedal i 1875: https://media.digitalarkivet.no/view/957/255

 

Eg har leitt gjennom ektevigde i Sør-Audnedal frå og med 1880 til og med 1895, men finn ingen born av Ole Gulliksen før August Gulliksen i 1892: https://media.digitalarkivet.no/view/1026/161

 

Heller ikkje finn eg born av nokon Gulliksen i Sør-Audnedal frå og med 1880 til og med 1886, so om Theodor var gift, so budde han tydeleg ikkje i Sør-Audnedal!?

 

Men ved vidare søk finn eg dette:  Mellom dei yngre borni etter Ole Gulliksen (Vigeland) og kona Anna Andersdotter finn me desse:

 

 

* Ole Adolph, fødd i Sør-Audnedal 5.4.1868 - kan han vera den Adolph Gullicson (med foreldre Ole og Anna!) som døydde i Minneapolis, MN 21.4.1892, 20 år gamal:https://www.findagrave.com/memorial/158535998

* Tomine Regine, fødd i Sør-Audnedal 19.2.1865: https://media.digitalarkivet.no/view/957/72 - kan ho vera den Tomine(?) Regine Gullickson, dotter av Ole og Anna, 24 år gamal, som døydde i Minneapolis, MN 2.6.1889: https://www.findagrave.com/memorial/158536205

 

Då har me i det minste eit prov på at to av søskeni til Theodor Gullikson frå Sør-Audnedal budde i Minneapolis, MN samstundes med Theodor, men er dette godt nok som prov?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.